17
Okt
10

Multikultural-isme

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, laurdag 16/10-10…

Spørsmålet om kulturelt mangfald eller kulturell einskap har stigande aktualitet. Det syner seg i dei veksande populistiske rørslene og partia som stadig meir radikalt går til åtak på den multikulturelle samfunnsmodellen.

 

Dei innvandringskritiske populistane, som Sverigedemokratane, apellerer fyrst og fremst til behovet for tryggleik i eit samfunn som endrar seg, både økonomisk og kulturelt.  Kjensla av at både identitet og livsgrunnlag er truga, skaper frykt og aggresjon. Men også eit nytt sjølvmedvit som ytrar seg i organisering, politisk aktivisme og vilje til makt.  Indignasjonen rettar seg mot framande, men også mot kriminelle og andre utgrupper som kan oppfattast som snuskete snyltarar på godane til skikkeleg folk. Ein ynskjer seg eit  eintydig og oversikteleg samfunn nettopp fordi det verkar tryggare.

 

Dei multikulturelle ideala har hatt sin viktigaste base i dei kulturradikale miljøa på den politiske venstresida. For desse har innvandringa fyrst og fremst representert ei motvekt mot tradisjonelle verdiar. Noko av driven har vore å bryte opp den kristne einskapskulturen, særleg på dei familie- og seksualmoralske områda. Multikulturalismen har også mange aksjar i akademiske disiplinar som sosialantropologien og religionsvitskapen. Vitskapshistorisk er det mogeleg å sjå desse disiplinane som deler av ein større religions- og tradisjonskritisk trend. Innsikt om andre religionar og kulturar skal vere med å relativisere særleg den kristne dominansen i dei vestlege samfunna. Religion, sed og skikk blir forstått som interessante variablar og ikkje som forpliktande trusinnhald. Mangfald blir sett opp mot sanningsinnhald. Med mangfaldet som plogspiss ryddar ein veg for eit gjennomført sekulært alternativ til dei religiøse tradisjonane.

 

Denne dynamikken fører til ei ideologisering av multikulturalismen. I staden for mangfaldet som pragmatisk sameksistens kjem  viljen til sekulær styring og kontroll av dei religiøse livsformene. Når innvandrargruppene syner seg å vere truande menneske som ynkjer å praktisere si tru, kjenner multikulturalismen seg truga og ambivalensen melder seg. Høgrepopulismen og multikulturalismen kryssar kvarandre og omfamnar kvarandre både i mentaliteten og i den politiske agendaen. Den nederlandske superpopulisten Geert Wilders er – slik ein kommentar i The Economist (oktober 2010, s 40)  formulerer det:  ”…i mangel av eit betre uttrykk, ein radikal liberalar. Han forsvarer kvinnefrigjering og rettane for dei homofile. Han kjempar for å forsvare Vestens liberale fridomar; fienden er Islam (ikkje muslimar, seier han) som søkjer å øydeleggje dei med vald”.

 

Felles for multikulturalistane og deira motstandarar er illusjonen om eit eintydig nasjonalstatleg livssynsregime. For dei fyrste er det overvegande sekulært, for dei andre overvegande nasjonalt. Begge overser at det ikkje primært er innvandring og nytt nærvere av meir synleg religion som utfordrar einskapen. Dei skandinaviske – som dei andre vestlege – samfunna har lenge romma sterke livssynsmotsetningar og denne polariseringa utviklar seg stadig. Også i den overleverte norske kulturen aukar spenninga mellom markert kristen tru og ikkje-kristne eller nyateistiske posisjonar. Talen om ”norske verdiar” er ikkje lett å presisere utan at usemja melder seg.

 

Eit realistisk og funksjonerande liberalt samfunn kan vi ikkje få før vi innser dette og viser vilje til å møte kvarandre på likefot, og tek dei konfrontasjonane og den løpande meiningsbrytinga som det inneber. Då må vi unngå både ein statleg kontrollerande religionspolitikk og  førstellinga om at ein kan regulere og forme trus- og livssynsprofilen i landet med innvandringspolitiske tiltak.

Når det gjeld den den samfunnsmessige tryggleiken som mange saknar, må vi flytte fokuset frå etnisitet og kultur til oppretthaldinga  av  sosial og materiell rettferd, med aktiv sikring av arbeid og velferdsordningar for alle. Korkje ideologisk multikultural-isme eller nynasjonalistiske utopiar kan hjelpe oss. Berre viljen til å leve i eit verkeleg kulturelt mangfald.

 

Både den progressive 1968-varianten  og den kulturtrauste 1958- varianten av det norske samfunnet er historie.

 

 

 

 

 

 



2 Responses to “Multikultural-isme”


  1. 1 ephrussi
    oktober 17, 2010 ved 7:55 pm

    Veldig aktuelt tema, og jeg synes første drøye halvparten av dette innlegget var en svært treffende analyse. Men jeg tror ditt forslag til løsning med satsing på å sikre velferdsytelser er mer idealistisk enn realistisk.

    Mye sosiologisk forskning viser at etnisk blandede befolkninger er mindre villige enn en homogen befolkning til å stille opp for fellesskapet, både gjennom skatteseddelen og gjennom frivillige ytelser.

    Harvard-professor Robert Putnam har vist dette veldig klart når det gjelder USA og som det står i en bokanmeldelse:

    Putnam’s work adds to a growing body of research indicating that more diverse populations seem to extend themselves less on behalf of collective needs and goals.

    http://www.boston.com/news/globe/ideas/articles/2007/08/05/the_downside_of_diversity/

    Utsatte grupper i samfunnet som føler innvandring vil forverre deres stilling har ofte instinktivt skjønt dette.

  2. oktober 18, 2010 ved 6:35 pm

    Velferdsordning er ikkje nok, men eg meiner at når det gjeld sosial tryggleik, forkyver ein fokus frå dei materielle vilkåra og spørsmål om sosaial retteferd over på spørsmål om etnisitet.

    Det finst sikkert forsking som hevdar at etninsk «homogene befolkningar» fungerer best. Men å skulle reindyrke etninsk homogenitet er for det fyrste moralsk betenkeleg – og for det andre er det ikkje realistisk å oppretthalde nasjonale «borger» på den måten i dag. Heller ikkje ynskjeleg, slik eg ser det.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: