15
Okt
10

carpe diem: In civitate æterna

I den ævelege stad, som er  Roma, som kjent. Kom hit torsdag middag og returnerer måndag middag. Fyrst og fremst er eg her for å konsultere vegleiaren min på Newman-studiane, fr Paul Murray o.p. Og eg bur på mitt «gamle» kloster-universitet, Angelicum, på ei høgde  midt i sentrum. Cella er på ein annan kant denne gongen, med utsikt rett mot Victor Emmanuel-monumentet (blæh!) og St Peter -kuppelen ruvande opp i det fjerne. Ikkje dumt! 🙂

Eg har også eit par andre oppdrag, m a deltaking på messa for St Olavs omvending, ved «det norske» Olavs-altaret i San Carlo al Corso-kyrkja, så eg får reiseutlegga dekte; bra for slunkne klosterkasser i tiggarmunkverda. 

Fint å vere her igjen, særleg når du kan lure deg inn i dei stille smågatene. Hovudgatene er ille bråkete; masse bilar og enda meir vespaer med  klampen i bånn og full gass  gjennom ljoskryss og over piazzaer, særleg i rushtida , som synest åvere heile døgnet). Skjønt då eg stod opp for den fyrste tidebøna i otta, var det merkeleg stille nede på Piazza Venezia... Berre nokre grå bymåsar flaksa rundt og gav ljod frå seg.


2 Responses to “carpe diem: In civitate æterna”


  1. 1 sol
    oktober 15, 2010 ved 4:01 pm

    (hva ved ham fokuserer du på? Tar du doktorgrad? Fant fram til noen av diktene hans i forbindelse med at han ble kanonisert, og oppdaget bl.a. at den nydelige salmeteksten til Leid milde ljos er skrevet av ham). Har stor sans for naturfokuset i mye av det jeg så (som ikke-teolog har jeg naturlig nok et annet fokus).

  2. 2 Camilla
    oktober 17, 2010 ved 6:13 pm

    Roma er er flott, støvete, sted å være! Den Dominikanske mystikk er en perfekt oase av stillhet i et opprørt hav.
    Det tenkte jeg også der jeg pleide å vente på bussen under pinjetrærne på plassen med de forvokste pinjene.
    Folk og alskens motorkjøretøy freste forbi, mens trappen fortsatt lå innhyllet i mystisk morgentåke mens himmelen sakte forandret farge fra dypt asurblå til en oransje som snek seg frem bak monumentet på Vittorio Emmanuele som ga følelsen av å gli rett inn i evigheten og Herrens engler drysser perlestøv i håret ditt.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: