29
Sep
10

discursus: Mikkjelsmesse – om englane og den usynlege verda

 

I dag er det Mikkjels-messe. Festen for erkeenglane Mikael, Gabriel og Rafael og alle englar. Den 2. oktober er minnedagen for verneengelen (skytsengelen).

 Det rår både veksande interesse for- og forvirring om englane sin plass i kyrkja, i teologien og  i trua. Avvisinga av nyreligiøs englelære har fått mange til å tru at englane er avskaffa i kyrkja, at det dreier seg om overtru gamle mytar som vi er ferdige med.

Dette blir så knytt til debatten om kontakt med dei døde (spiritisme), og mange protestantisketeologar synest å meine alt livet etter døden er noko vi nesten ikkje skal befatte oss med. 

Her er det bra at katolsk (og ortodoks) lære har ein ryddig og stadig fasthalden tradisjon. Helgnane (som vi skal kome tilbake til ved Helgemesse (Allehelgen)-tid ), er ikkje dødningar som vi manar opp av dødsriket gjennom «medium» for å avtvinge dei løyndomar.  Helgenkulten – at vi ærar helgnane som føredøme og bed om deira forbøn hjå Gud – høyrer saman med læra om communio sanctorum (samfunnet av dei heilage), slk det er uttrykt i dei felleskristne trusvedkjenningane. Dei heilage er levande i himlen, i den sigrande kyrkja, saman med engleskaren, i Guds nærleik, dei er  «skya av vitne» som omgjev oss, som fylgjer med oss (Hebr 12,1ff). 

Gud er ikkje einsam i sin himmel; han er Herren Sebaot, allhærs Gud. Englane er Guds skapningar; for Gud har skapt omnia visibilia et invisibilia (alle synlege og usynleg ting), slik det òg står i trusvedkjenninga (Nikenum); «den usynlege verda» er like reell som den synlege.  Sekularisert teologi og trusliv, slik vi ofte møter det i vår kultur, har nesten gløymt dette. Også når ein talar om «skaparverket». Vi har fått eit reduksjonistisk syn både på skapinga, på røyndomen og på vårt eige liv. 

Det finst kjerubar, serafar, livsvesen, troner, makter, herredøme, erkenglar, englar som tener Gud i hans skaperverk og hans verdsstyre, ja, i livet til kyrkja og den eisnkilde truande(Hebr 1,7). Alle Guds born har ein engel som «alltid ser Faderens åsyn», seier Jesus (Matt 18,10).  Englane – Guds sendebod – er overalt med i Bibelen; dei lovsyng og tilbed (Jes 6), dei kjempar med Jakob (1 Mos 32,24ff), dei går føre Israel og strir for det ( 2. Mos 14,19), dei prisar Gud over Betlehemsmarkene, (Luk 2,8ff) dei syner seg for menneske slik dei gjer det for Manoah og kona hans (Dom 13,2ff), Sakarja, Josef og Maria (Luk 1 og 2; Matt 1); dei styrkjer Jesus i Getsemane (Luk 22,43), dei velter steinen frå og helsar dei som kjem til den tome grava på påskedag (Matt 28,1ff), dei frir apostlane ut av fengslet  (Apgj 5,19)osv… 

Erkengelen Mikael er sigerherren over demonane og deira fyrste ( Jud v 9; Op 12,7,ff; Sak 3,2)  Noko som minner oss om at det også finst vonde åndsmakter og englemakter; englar som har falle frå sin Skapar (Efes 6,10ff;). Mikael (mi-ka-el)  tyder «Kven er som Gud?» Det er eit namn fullt av fred og trøyst. Vi har all grunn til å takke Gud for englane og bed om deira vern og om at dei må gripe inn forat Guds rike og alt godt skal vinne fram. 

Så ta fram att biletet  av engelen over barnesenga dersom du har fjerna det- eg har ein liten ikon av den hl Mikael som har fylgt meg i tretti år – og ta det fram i trua di og i livet ditt.

Reklame

7 Svar to “discursus: Mikkjelsmesse – om englane og den usynlege verda”


  1. 1 Solveig
    september 29, 2010 ved 1:56 pm

    Sonen min er født på mikkjelsmess-dagen. Eg hadde ei farmor som hadde bibelen og almanakken som viktigaste bøker, og dei ulike merkedagane var viktige for henne. Trur noko av det mest uheldige ved reformasjonen var at den tok helgenar, og dermed også måtar å ordne (gi meining til) livet og året på, vekk frå folk. Men det overlevde likevel lenge i oppmerksomheta til folk. Trur eg.

  2. september 29, 2010 ved 3:07 pm

    «mange protestantisketeologar synest å meine alt livet etter døden er noko vi nesten ikkje skal befatte oss med» – Trist nok kan det av og til verke slik i media. Det kan verke som om orda «ved han [Jesus] lovsyng englane din herlegdom, og di kyrkje i himmelen og på jorda prisar namnet ditt med samrøysta lovsong. Med dei vil vi og blanda våre røyster» i Den norske kyrkje sin liturgi ikkje får det trykket dei burde ha…

  3. 4 Herman
    september 29, 2010 ved 3:30 pm

    Jeg skal i hvertfall i messen i kveld, og i meg selv vil jeg rope et høyt hurra! For dette er en gledens dag.

    Hilsen Herman

  4. 5 Melanchton
    september 29, 2010 ved 4:01 pm

    Den store Martin Luther skriver inderleg og klokt om dette.

  5. september 29, 2010 ved 10:41 pm

    Ja,Luther var ikkje nyprotestant. Kanskje ikkje ein gong lutheranar, eigentleg…

  6. oktober 1, 2010 ved 9:49 am

    Solveig og Ane Hedvig:

    Det var Struense som i Opplysinga og Eineveldets ånd avskaffa svært mange helgedagar og helgenfestar som var vidareførte etter reformasjonen. Nyttemoralen (utilitarismen) – som var opplysingstidas etikk – kom inn med full styrke.

    Steinar:

    Heilt rett at desse spørsmåla ar tabuiserte/fortidde i mykje protestantisk teologi og praksis i dag. Liturgien informerer ikkje lenger teologien, men heng med av gamal vane Eller blir før elle seinare «oppdatert» i samsv med den rådande teologiske trenden.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: