25
Sep
10

officium: fredag, 25. vike i det allmenne året, esek 40,1-4; 43,1-12; 44,6-9 (matutin)

«Dei sette sin dørstokk attmed min, og sin dørstolpe attmed min, så det berre var ein vegg mellom meg og dei» (43,8)

Esekiel siktar til det kongelege palasset, som var reist like ved templet. Kongane og miljøet rundt dei var ofte innfallsporten for avgudsdyrking, for livsførsel, sed og skikk som fjerna folket frå Israels Gud og hans paktsvilje. «Dei gjorde mitt heilage namn ureint», seier Esekiel. Templet og tenesta der blei ståande som eit minnesmerke over noko dei hadde forlete, noko dei ringeakta og ikkje tok så nøye. Gud blei ein framand for folket sitt.

For Esekiel er ikkje Gud berre ein fjern figur, Han gjev ikkje berre ei lov, men vil bu midt i folket, i heilagdomen. Difor må templet gjenreisast og den heilage tenesta der fornyast. Det kan berre skje dersom folket helgar seg og vigslar seg til eit liv i Guds nærleik.

Djupast sett, er det Guds-folket som er Guds hus, Guds heilagdom.

Reklame

0 Svar to “officium: fredag, 25. vike i det allmenne året, esek 40,1-4; 43,1-12; 44,6-9 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: