23
Sep
10

officium: onsdag, 25. vike i det allmenne året, esek 37,1-14 (matutin)

«Tal profetisk over desse beina, og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord!» (v 4)

Dei turre beina i dalen som blir ikledde sener og kjøt – eit varsel om oppstoda frå dei døde, oppstoda av lekamen. Oppstoda er ein nyskaping, eit skapingsunder. Gud svik ikkje sitt skaparverk; det fysiske og kroppslege har del i vona. 

Gud skaper ved ordet sitt. I nyskapinga som i den fyrste skapingsakta: «Då sa Gud»! «Han tala, og det skjedde, han baud, og det stod der»(1 Mos 1,3; Sal 33,9). Guds ord er alltid eit profetisk ord. Det skaper noko nytt, det er i forkant av alt som elles hender, det endrar det som ser fastlåst ut, det opnar dører som synest stengde, det flerrar mørkret så  vi ser ting tydeleg. I verda, i historia, i livet vårt.

Alt som er turt og dødt, i oss og rundt oss – måtte Gud nå det med sin tale i dag!


0 Responses to “officium: onsdag, 25. vike i det allmenne året, esek 37,1-14 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: