«No vil eg skifta rett mellom sauene…» (v 17b)
I det store kapitlet om den gode hyrdingen, ser vi at Gud – som sjølv vil ta seg av flokken sin – ikkje berre vernar sauene mot villdyr eller leier det til gode beiteplassar. Han grip også inn i dei indre problema og motsetningane i hjorden. Profetane slo hardt ned på at det utvikla seg store sosiale skilnader i folket.
Paulus går i rette med dei truande i Korint for måten dei heldt agapemåltidet på i samband med evkaristifeiringa: «For når de held måltid, sit kvar og ein med sin eigen mat, og den eine er svolten, medan den andre fyller seg» (1 Kor 11,21). Og Jakob sier det same: «Til den fattige seier de: «Du kan stå der», eller: «Set deg her ved føtene mine!’… De har vanvørdt den fattige» (Jak 2, 1ff).
Kyrkja – Kristi kropp, der vi er lemer – er ein sosialt forpliktande fellesskap.
0 Responses to “officium: måndag, 25. vike i det allmenne året, esek 34 (matutin)”