19
Sep
10

homiletica: gudsteneste, Ulvik, Luk 7,1-11

Friluftsgudsteneste i dag, på Hjeltnes hagebrukskule i Ulvik, i smb m Olav H Hauge-dagane. Preika fylgjer tekstrekkjene i Den norske kyrkja. O H Hauge-dagane har i år hatt temaet «kvardag», ut frå Hauges dikt om dette; «det går an å leva i kvardagane òg»..  Preika er nok også eit lite innlegg i poesi-debatten… 🙂

17, SUND E .PINSE,  19/9-10, ULVIK, LUK  7, 11-17

Kjære vener!

Det handlar om kvardagen ved denne poesifestivalen, desse Hauge-dagane. Det handlar om å sjå det store i det små. Tek eg ikkje feil, er det ei understreking av Hauge som diktar for det konkrete, det nære det enkle. Det ny-enkle; etter dei store orda, etter dei store kjenslene, etter dei opphøgde synene. Og det er sant; det konkrete held oss på plass, hindrar at vi rømer inn i det uforpliktande. Mystikaren Ruisbrook – frå same epoken og miljøet som Thomas a Kempis, seier at dersom du i bøna, kontemplasjonen og ekstasen  blir uroa av ein som bed deg om hjelp, skal du stige ned frå himmelstigen og hjelpe din neste. Ekkoet frå evangeliet er tydeleg: Det er ei stor gjerning å gje eit glas vatn åt ein som er tyrst, seier Jesus.

Er det ikkje nok evangelium? Treng vi dramatiske forteljingar om liv og død – ja, om oppvekkjing av døde, om oppstode og evig liv? Er det ikkje berre kvardagsfjern mytologi? Døden kjem når han kjem, lat oss leve i dag, tenkjer mange. Kjære vener; evangeliet i dag minner oss om at nettopp kvardagen kan møte  oss også med dei store tinga, med det som er enkelt fordi det er tydeleg og uråd kome unna, som døden. Midt i livet, midt i det vanlege slår dei store dimensjonane inn. Eg trur ikkje det går an å leve i kvardagen utan å ta høgde – og djupne – for dei store dimensjonane; for det verkeleg høgtidlege, den store sorga og den store gleda. Å berre sjå på dei nære tinga, i litteraturen og i livet, gjer oss nærsynte. Gjer oss til metafysiske moldvarpar. Detaljane, tinga og hendingane, ser vi tydeleg fyrst i det store ljoset, i det fulle dagsljoset, ja, eg vil seie: I Guds ljos.

Vi må våge å sjå dei store utsynene også, vi må våge å ta dei store perspektiva innover oss, vi må våge å leve dei store dagane; våge å leve høgtidene i livet.  Kvardagen treng helga. Det er helga som føder kvardagene, yrkedagane. Det er sundagen som er “den fyrste dagen i vika”, ikkje måndagen, ikkje jobben, ikkje blåmåndagen og bakrusen. Helg og yrke – det er ein veksling, ein rytmikk, vi har gløymt i samfunnet. Vi pendlar berre mellom arbeid og fritid, mellom stress og underhalding.  Ja, vi er blitt redde for høgtidene, meir enn for kvardagane, trur eg. Redde for dei store tinga. Men utan det, kan vi ikkje gå roleg over tunet, leve  i det nære. Det kan berre den som kjem frå dei store høgdene og kjenner dei store djupa. Som har vore seg “opp i sky og nedatt med svarte dikje”; som Olav Åsteson i Draumkvedet. Og seier ikkje den lokale Olav Åsteson, sjåaren og diktaren vi feirar her, det same, i sine “draumkvede”, og nettopp i diktet om kvardagen (når han ser seg tilbake på dei store dagane, dei store hendingane i livet sitt)?: “Du berre var i stormen, var i elden”

I stormen og i elden – det var der den syrgjande enkja var også, henne som vi høyrde om i forteljinga i evangeliet. Ho var enkje, no hadde ho mist den einaste sonen. Den tunge handa hadde råka henne, midt i kvardagen, så å seie. Her må det sterkare ting til enn små minneord. Her stig Gud sjølv fram og legg ei anna hand på båra og seier: “Gråt ikkje!” Og til den døde: “Du unge mannn, eg seier deg: Stå opp”.

Sant – det er uendeleg mange syrgjeprosesjonar der dette ikkje hender, der Gud synest å vere borte. Døden synest sterkare enn livet, det vonde sterkare enn det gode. Det som hende i Nain, er berre eit teikn, ein glimt. Men ein dag skal døden  vike og livet sigre for godt; ein dag skal Gud seie til all skapningen: -Gråt ikkje! Teiknet i Nain;  vi kan tru det, eller avvise det. Eg trur det, og eg trur òg at der den kristne vona sloknar, der sloknar verda, der sloknar poesien, sloknar tinga; ja,sloknar kvardagen. Når Gudsfreden kjem, seier Skrifta, skal kvar mann sitje under sitt fikentre og sitt oliventre, i heilag siesta og kvardagsleg likesæle; då skal du “steikja flesk og lesa kinesiske vers”, som Hauge seier det i diktet sitt. Det dennesidige livet, kvardagslivet, livet finst, med sine ting. Gud har skapt tinga også. Dei enkle tinga. Men, seier Jon Fosse: «Eg er samanhengen mellom tinga». Samanhengen. Den er det lett å gløyme, både for poetane og andre. Eller som det heiter i eit anna dikt av Fosse, om vestlandsbygda og konene der; «ei lita bøn kunne høyrast»: Bøna høyrer også med til kvardagen, i alle fall på Vestlandet.  Det er det også lett å gløyme, kanskje fordi mange vil gløyme det.

“Det går an å leva i kvardagen òg!” Ja, men til sjuande og sist berre dersom du vågar å ta innover deg dei store spørsmåla. Døden gneg på alle dagar, legg seg rundt alle hus, tærer på alle dikt. Heime i fjordbygdene på Sunnmøre, der eg har vakse opp, er det ein liten sprekk høgt oppi hamrane, ein sprekk som utvidar seg,sakte, men sikkert. Det faste fjellet kløyver seg, eit skred utviklar seg. Åknesrenna kallar dei denne sprekken. Ei slik Åknesrenne utviklar seg også på et kulturelle området I landet vårt, i det som har med livsinnstilling og sjølve dei mentale mønstra å gjere. Trua på oppstoda og evig liv har sett seg i sinna gjennom århundra. Når denne trua er borte, eller ikkje lenger har noko tak i folk, trur eg vi vil vakne opp til ei radikal endring i kulturen. Kanskje ikkje så mykje i det ytre, som i sjølve grunninnstillinga til livet og tilveret.

Vi står på kvar side av denne bergsprunga; før eller seinare kjem valet til alle. Meir og meir skjønar eg for min eigen del at alt i mitt liv er nåde og at eg på ein underleg måte er boren av han som ”har ført liv og udøyelegdom fram i ljoset”, Jesus Kristus. Eller som salmisten seier: ”Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja om Herrens gjerningar”. Det får vere mitt vitnemål her eg står i dag, som menneske og som dominikanarbror:

Tenk, eg skal hans sendebod vera/og gå med ei underfull trøyst!// Guds englar den bod skulle bera/med lovsong og jublande røyst!

 

Til ære for Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var og er og vere skal éin, sann Gud, frå æve og til æve. Amen.


Reklame

5 Svar to “homiletica: gudsteneste, Ulvik, Luk 7,1-11”


  1. 2 Wenche
    september 20, 2010 ved 11:17 pm

    «Bøna høyrer også med til kvardagen, i alle fall på Vestlandet.»

    Framsida av Stavanger Aftenblad i dag: «FIKK BARNA TILBAKE TIL LIVET …. takker Gud og raske redningsfolk for at alle lever.» Det er ein far som uttalar seg. Alle tri ungane som låg 20 min på 11 meters djup, i ein bil, kjem frå ulukka utan varig skade. Den burmesiske bapstistkyrkjelyden har vore samla i bøn, og no har dei bede redningsfolka til gudsteneste for å takka.
    Frå Aftenbladet si nettavis: «- Medisinsk sett er det meget overraskende at dette har gått så fantastisk bra med alle tre. Derfor blir dette så rørende, sier seksjonsoverlege Kjell Kaisen ved Stavanger Universitetssykehus til VG Nett.»

    Det er ikkje overraskande at burmesarane takkar Gud, dei har flykta frå Burma pga. den kristne trua si. Men det er noko overraskande at Aftenbladet vel å slå det opp, som blikkfang, på framsida.

    I dag var Snåsamannen i Ni-timen og snakka om kor viktig kyrkja har vore og er for han.

    Religionen blir synleg på ein annan måte. Klassekampen og Morgenbladet er ein ting, Aftenbladet og nitimen er noko meir kvardagsleg.

  2. september 23, 2010 ved 9:58 am

    Gud dukkar opp overalt. Like uventa og viktig i utpostar som Klassekampen som i trauste distriktsaviser, som Aftenbladet. Gud på framsida – det er bra!

  3. 4 Wenche
    september 23, 2010 ved 10:51 am

    Hm, me får vel seia regionavis… 🙂

  4. september 25, 2010 ved 9:14 pm

    Eg tek sjølvkritikk her; «regionsavis» skal det vere :). Både distrikta og regionane treng meir Gud på framsida…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: