13
Sep
10

officium: måndag, 24. vike i det allmenne året, Ezekiel 2,8-3,21 (matutin)

«Om du har åtvara den rettferdige og sagt at ein rettferdig mann ikkje må synda, og han så held opp med si synd, då skal han leva, fordi han lét seg åtvara» (v 21)

Dei tidlege profetane ropa ut Guds  åtvaring til folket og kunngjorde det som skulle hende, så å seie uavhengig av den einskilde truande; når Gud handlar, bryt bylgja over alle. Med Ezekiel kjem ein annan tone, vi er ikkje kollektivt underlagde hendingane. Gud ser til personen, den individuelle omvendinga og bota er mogeleg. Eitt kjem det an på: Om du verkeleg angrar og vender om. Det bryt alle «lagnader» og opnar eit rom for endring.

Det blir som du vil.


4 Responses to “officium: måndag, 24. vike i det allmenne året, Ezekiel 2,8-3,21 (matutin)”


  1. 1 Herman
    september 16, 2010 ved 4:43 pm

    I grunnen et morsomt perspektiv: i gamle dager hadde de ikke radio, men profeter på torget… Håper du skjønner hva jeg mener, noen måtte ha utroperrollen, som i dag er erstattet med media, film, internett, radio, fjernsyn, kringkasting. Profetene klarte seg selv, levde på melk og honning og visste mye om Gud. Traderte fortellinger, tradert kunnskap. Vissheten om Gud spredte seg i folkets bevissthet via menn som visste hva Gud hadde plantet i dem så de kunne gro og vokse.

    Gud spredte visshet i folket og sådde sitt ord i profetenes kall. Synden frister, mennesket faller, men Gud vil reise det opp igjen, og gjør det. Gud vil frelse mennesket ved den nye Eva’s nye frukt, som vi sier det i Maria-bønnen:

    Hill deg Maria, full av nåde
    Herren er med deg.
    Velsignet er du blant kvinner,
    og velsignet er ditt livs frukt
    Jesus.

    Hellige Maria, Guds mor
    Be for oss syndere,
    nå og i vår dødstime

    amen

  2. 2 Solveig
    september 17, 2010 ved 7:08 am

    «Gud ser til personen, den individuelle omvendinga og bota er mogeleg. Eitt kjem det an på: Om du verkeleg angrar og vender om. Det bryt alle “lagnader” og opnar eit rom for endring.»

    Ordet lagnad er fint. Det er det som er slik laga, det som ein allereie er i fordi ein er kasta ut i det, både på grunn av ytre forhold og eigne gjerningar. Og derifrå kan ein så kaste seg ut, eller inn i, noko nytt. Alltid.

  3. september 23, 2010 ved 9:59 am

    «Lagnad» kan stå for noko fint, men også for noko som låser oss fast. Gud står over lagnaden!

  4. 4 Solveig
    september 23, 2010 ved 11:03 am

    Lagnad i fin forstand er kanskje når vi står i den, ek-statisk, og derfor på ein utbrytande måte.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: