10
Sep
10

officium: fredag, 23. vike i det allmenne året, Klag 3,1-33 (matutin)

«Ja, mot meg har han vendt si hand» (v 3)

Det gamle testamentet er dristig i si skildring av Gud som aktiv og pågåande, ja, til tider som ein motstandar. Jamvel av sine vener. Det er ikkje ein sur og lunete Gud vi har med å gjere,  slik vi lett  kan oppfatte det når han blir altfor fjern og lite nærgåande. Då blir han også like fjern og vag  i sin godleik. Gud er intens – i tukt som i trøyst. Vi har vanskeleg for å forhalde oss til at Gud kan yte motstand også mot vener; at han køyrer dei gjennom mørkre og forvilling, murar dei inne, vaktar på dei «som ein bjørn, som ei løve frå si gøymsle» (v 10).   

Gud vil slåss med dei han elskar, skjerpe kontrastane i livet deira, så dei ser ljoset når det kjem; kjenner  den mjuke handa når ho stryk oss over håret.

Han vil sjå om det er to i deg til å ha med den levande Gud å gjere.


1 Response to “officium: fredag, 23. vike i det allmenne året, Klag 3,1-33 (matutin)”


  1. 1 MT
    september 10, 2010 ved 8:50 pm

    Det er fint å lese her inne med deg.Takk.Mvh Marie


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: