«Er du ikkje frå gamal tid, Herre, min heilage Gud?» ( v 12)
Gud er Israels Gud, slik han openberra seg for Abraham og heile vegen framover i den heilage historia. Men profetane veit at Gud er universell, at han er Gud for alt, for alle, for alle tider. Han er ikkje ein stammegud. Guds plan skrid fam; hans «signatur» er alltid at han heimsøkjer uretten med straff og retten med frelse og velsigning.
Det er denne framskridande og framstormande Gud Habakkuk ser i sine syner: «Glansen frrå han er som ljoset, strålar går ut frå hans hand, i dei er makta hans løynd»; «Han skrid fram… Han går fram som i gamal tid.» (v 4 og 5).
Gud innhentar oss alle.
0 Responses to “officium: tysdag, 23. vike i det allmenne året, Habakkuk 1,1 – 2,4 (matutin)”