05
Sep
10

homiletica: 23. sundag i det allmenne året, St dominikus krk, luk 14,25-33

 

Kjære brør og systre!

Det er ikkje lett å få orda i evangeliet i dag til å passe med det gjengse biletet av Jesus som ein som aldri stiller fordringar eller krav til oss. Han er berre ”open og inkluderande”, som det heiter, og det skal også kyrkja vere. Ferdig med det.

Ja, Jesus er open for alle, men også utfordrande. Han seier: -Kom til meg, alle som slit og har tungt å bere”, men også: -Ta mitt åk – dvs mitt disippelskap – på dykk, og lær av meg…  Han er den sanne Visdomen som seier: -Kom til meg, lev eit liv i samsvar med visdomen! Han seier: -Kom til meg! Men også: -Fylg meg!

Kristent liv blir ofte sett på som berre som nødhjelp; det apellerer til vår veikskap, til at vi er så stakkarslege. Tanken om religionen som krykke har festa seg. Tru er for dei som treng litt ekstra trøyst, høyrer vi ofte. Tru er ynskjetenkjing. Slik blir det når ein gløymer at kristent liv er også ein apell til vårt ansvar, til vår ”verdighet” som menneske, til vår vilje, vårt val, til dei store dimensjonane i oss.  Uansett kor langt nede vi er, uansett kor hjelpelause – vi er alltid menneske som kan svare på Guds kall til oss. Vi kan reise oss og fylgje vår skapar, fylgje Kristus tilbake til Faderen. Som den bortkomne sonen der han hadde hamna på svinestien; då han kom til seg sjølv, står det, og sa: -Eg vil stå opp og gå heim til far min! Som sagt, så gjort! Då fann han ei open dør og ei open famn!

Brør og systre! Herren vår utfordrar oss til å tenkje over kva vi eigentleg vil, kva vi verkeleg satsar livet vårt på. Han vil ha oss til å tenkje gjennom konsekvensane. Sjølsagt kan eg vere eit kristent menneske, tenkjer mange; slik det passar, når det passar. Det kan vel ikkje skade; ber eg den, så ber eg den. Men Herren seier at eit standpunkt, ei trusvedkjenning forpliktar. Kanskje er det difor mange ikkje vil vedkjenne eller vegrar seg for det; fordi det forpliktar, det er lett å skjule seg i anonymiteten.  Open og vedkjennande tru medfører  nemleg omkostningar. Skal du byggje eit hus,  seier Jesus, må finansieringa vere i orden. Elles vi murane stå der og vitne om kor kortsiktig du var. Skal ein konge gå til krig, må han sjekke kor sterk fienden er og korleis det står til med hans eigne tropper. Elles må han gi tapt.

Brør og systre, det er slutt på den tida då kristen tru er noko vi kan plusse på, kalkulere med utan å risikere noko, ha som ”nogo attåt”. Tru er ei pilgrimsferd som du legg ut på og som skal gjennomførast. Det er som kardinal Newmans bøn: Lead, kindly light;  Leid, milde ljos…leid du meg fram! Og denne songen skreiv han nettopp under ei reise der han blei sjuk, kom inn ei stor krise, eit stort mørkre, miste alle haldepunkt – og nettopp då, midt i krisa,  skjøna at han hadde ei stor livsoppgåve, eit stort livskall som venta, eit kall og ei oppgåve som blei heilt annleis enn han sjølv hadde førestilt seg.

Å fylgje Kristus, kan medføre oppbrot frå alle sosiale konvensjonar; frå far, mor, hustru, born, brør og systre. Eit kristent menneske er ikkje naudsynlegvisvis ei samfunnsstøtte. Han er heller ein som uroar. Tru, det er Gud i vald, det er risikosport – slik vi såg det for kort tid sidan her,  då broder Haavar låg langflat på golvet framfor altaret.  No er det berre Guds miskunn som ber! Alle skal ikkje gå i kloster – skjønt mange fleire – men alle er kalla til Jesu Kristi radikale disippelskap.

”Der godtfolk går, der er Guds veier”, skal Bjørnson ha sagt. Men det er ein tvilsam maxime. Dei som kom til Kristus, var alle slags folk, få ”godtfolk, faktisk,  – det som talde, var om dei ville fylgje han. I soga om Olav den heilage, møter vi Arnljot Gelline; kjempa frå Jemtland, kjend som frimann, stimann og røvar. Han kom til Olav og slutta seg til han, og det var sagt om han at han søkte det største, og då han fann det, gav han seg heilt. 

Ikkje minst i eit samfunn som vårt vil trua si framtid avhenge av menneske som gir seg heilt og som står løpet ut.

I namnet åt Faderen og Sonen og Den heiage Ande.


1 Response to “homiletica: 23. sundag i det allmenne året, St dominikus krk, luk 14,25-33”


  1. 1 Grete Stølen Ringdal
    september 6, 2010 ved 11:26 am

    Tusen takk!!

    desse orda gir fighting spirt for ein «utkants»katolikk…lang frå kyrkja og dei nødvendige turane til Messa!

    mvh Grete Stølen Ringdal


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: