04
Sep
10

carpe diem: Rauland, «Høg-Noreg»!

… og godvêr blei det! Rein og blå himmel over fjellbygda, sola varmar den skarpe lufta, eg sit her i hytta på ridesenteret og førebur meg både til messa i dag og til høgmessa i klosteret i morgon. Skal snart ein tur på den lokale Coop og kjøpe meg eit sokkepar. 

Messa skal vere i Rauland kyrkje, som vi får låne, no, som sist eg var her og hadde dåp. Marte og Even bur her, paret eg vigde, ho frå Vestfold og han herfrå. Nokre av gjestene er og katolikkar,  men elles blir det ei blanda forsamling. Dåpsfest i lokala til Rauland-akademiet etterpå.

No hadde det vore gjevt å kunne ta seg ein tur innover fjellet; eg har  ståande invitasjon til å vitje folk inst inne i enden av Møsvatnet, i Mogen, ved portem til Hardangervidda.  Men: Prest, bli ved din lest; det må bli ved neste høve! Det var elles nydeleg vêr då eg var i Molde også. Heile den storslagne Molde-horisonten med fjellrekkja sørom Moldefjorden, med utsyn innover mot  Vengjetindane og utover mot  Otrøya, Rekdal, Vatne og Gamlemsveten. Hilaraious! Gje meg tre gode grunnar til å reise herfrå, tenkte eg…

Austlandet er også vakkert! Ikkje minst her øvst og lengst vest i Telemark; det eg kallar «Høg-Noreg». Og då tenkjer eg på både natur og kultur.  Vonar ein kan oppretthalde landbruk og gardsdrift her! Turisme og krusedullar er ikkje nok. Mange jobbar  i Nordsjøen (som Even), i oljebransjen. Artig!  Og tradisjonelt også i anleggsverksemd. Det må vere arbeid åt folk, skal lokalsamfunnet leve og vekse.


0 Responses to “carpe diem: Rauland, «Høg-Noreg»!”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: