03
Sep
10

carpe diem: over sjø og land…

..heilt til Rauland. Kom hit i kveld  for å feire messa og døype eit barn her. Fekk skyss med ein dåpsgjest oppover. Småjenta til eit ektepar eg vigde  for eit par, tre år sidan. Solnedgang og nokre lette, gylte skyer vestover Totak, kjøleg fjellbygdluft, men alt klart for godvêr i morgon! 

I går var eg talar på Bjørnsonfestivalen i Molde; opp seint kvelden før og nedatt til Oslo i går kveld. Med fly, denne gongen. Jotunheimen rett under oss var pudderkvit (skjønt det var visst halvmeterdjupt) av snø, i august; tidlegaste laget å ta på vinterlua, sjølv for storfjella. 

Til Oslo att i morgon, etter messa her. Høgmesse i St Dominikus sundag. Deo volente.


0 Responses to “carpe diem: over sjø og land…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: