«Eg let såra dine gro og lækjer dei slag du har fått, seier Herren» (v 17)
Djupare tone, djupare innsyn – det er Jeremias nådegåve. Han ser, med Guds augo, at synda er eit sår og har påført oss sår. Disiplin er ikkje nok. Heller ikkje Gud nøyer seg med ærklæringar og nakne ord. Han rører ved oss. Reinsar. Lindrar. Lækjer.
Kjenn – ikkje berre at du har skuld, men at du har sår. Noko er påført deg. Noko har du påført deg sjølv. Lækjaren – det er ikkje ein medisinsk vitskapsmann, ein som skal analysere deg og utlevere deg. Han toler å sjå alt. Han tek hand om deg. Han let såra dine gro.
Så fint å lese,at djupare tone,djupare innsynn òg er ei nådegåve.