31
Aug
10

carpe diem: frå valfart til bys

Det blei ei våt, men fantastisk vandring på kyrkjevegen over fjella i Hemsedal og Hallingdal. Regn over lang tid hadde bløytt opp skogbotn, stigar og jordsmonn over alt. Mange stader var stigane attgrodde, særleg der det var store, opne flatehogstfelt; for der skyt bringebærkratt, småskog og gras opp og legg seg som eit ugjennomtrengjeleg teppe over alt. Myrfelta lenger oppe var også blaute, med kulpar og småelvar på kryss og tvers. Stri var også vieren, samanfletta og floka og lite viljug til å la oss få auge på råsene. Likevel var det lettare å gå både i myrholta og vierskogen enn nede i granskogane. Som sagt før: Eg likar vieren, sta og tett, men med mjukt, sylvfarga lauvverk. Vieren varslar også høgfjell, lettare terreng, større utsyn.

Og det gjer også dvergbjørka. Vi kom inn på fastare grunn og tydlegare far etter folk. Rundt oss opna fjellheimen seg, som eit stort sursum corda!, lyft dykkar hjarto! Vi kjem så våte og litt nedkjøla til Fjelldalsstøl der ein har drive rideskule i mange år; med norsk hest, med enkle, men vel gjennomtenkte måtar å ordne innkvartering og stell på. Du kjem inn døra på den store hytta, og rett inn i glovarmen frå ein vedfyrt Jøtul-omn! Heten slår i mot deg, du kjenner at du tørkar og blir varm og du heng frå deg våte klede over snorene framfor omnen, du dreg av deg skorne og slepp varmen laus på dei også. Du får seng i eit firemannsrom og så får du skikkeleg mat langs langbord med ljos berre frå to vindaugo og frå bålet i den store peisen inst i rommet.

Vi søv godt om natta – og vaknar opp til skikkeleg sipregn. Legg likevel glade i veg. Som det står i ordtaket: «-Glad er eg støtt, sa guten, han gjekk og gret». No bortover og etterkvart nedover mot Opheim i Torpo. Ein vakker veg som eg også gjerne skulle vandra i godvêr. Det smale elvefaret mellom to vatn (nøre og søre Øknin), må eg ta av fjellskorne og vasse, og vassar like gjerne vidare bærrføtt eit godt stykke, men må sko meg att for å gå fort nok. Ned kjem vi, langs kanten av innmarka på Opheim – slik nok ofte pilgrimane kom til gards i gamal tid. På garden til Eiliv, som er vår lokale vegleiar denne dagen, er det stor veranda rundt huset, med utepeis og varmeanlegg! Eg går rett på sak og bed om å få ta ein rask dusj for å sjå nokolunde ut når eg skal forrette gudstenesta i stavkyrkja. Vi får kaffi og noko attåt, franske br Paul Adrien held eit sterkt innlegg om livet sitt som pilgrimsferd – eg er tolk. 

Opheimgrenda og gardane er vakre og intenst drivne. Grenda ligg høgt, i halling, sør- og solvendt; her var kornkammeret i dalen i gamle dagar, får eg vite. All innmarka var til korn; fôr til buskapen tok ein innover på fjellslåttane for ein måtte ha fe og gjødsel for å kunne ha åker! No er det gras og mjølkeproduksjon over heile lina – og mykje nydyrking. 

Valfarten blir avslutta med ekumenisk gudsteneste i (det som er att av- ) Torpo stavkyrkje. No skin det av og blir sol! Klokka 2025 sit vi som skal til Oslo, på toget nedover dalen…

Reklame

0 Svar to “carpe diem: frå valfart til bys”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: