31
Jul
10

carpe diem: til oslo via sunnmøre

«Systra kafé», Sjøholt. Her har eg site mange gonger og venta på busskorrespondanse innover Storfjorden. Mørelina-bussen frå Trondheim kom nettopp og eg med den. Tok laust frå Nidaros Pilgrimsgard (der vi har overnatta sidan den 28.) litt før klokka ni, og nådde bussavgangen klokka kvart over ni. 

Eg må vere ein enkel sjel – for eg synst at ei vanleg laurdagsreise med buss gjennom norske landskap er ei stor oppleving. Inn langs fjorden til Orkanger, opp til Meldal, over til Rindal og ned Surnadalen, ut til Halsa og over fjorden til Kanestraumen, vidare over Gjemnesbrua (Krifast), forbi Batnfjordsøra, over til Kleive og Molde, så over ny fjord  til Vestnes, så hit. 

Våningshus og driftsbygningar, kornåkrar og eng, skogkledde åsar, og når du etterkvart kjem til Nordmøre, reiser tunge fjell seg over og bak idyllane og dei breie jordbryksbygdene. Dei nordmørske fjordane er store og opne og sender angen av hav langt inn i landet.  Her reiser eg, omslutta av alt dette. Og no kjem neste buss… Stranda neste.

Reklame

2 Svar to “carpe diem: til oslo via sunnmøre”


  1. 1 Fjording
    juli 31, 2010 ved 3:22 pm

    Hei. Eg fekk med meg foredraget ditt (diverre ikkje diskusjonen etter på) i Trondheim om Olavsarven… Svært interessant, takk!!- skulle gjerne sett manuset på bloggen din, mykje å grunde på her….
    Reiseskildringane dine formidlar så stor kjærleik til landet– fint å lese!!
    Fortsatt god tur!!

  2. juli 31, 2010 ved 4:30 pm

    Takk for det!Og manuset kjem på bloggen om litt…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: