«…fylkingane åt den levande Gud» (v 26 )
Gjetarguten David veit kven han representerer; difor vågar han å tale djerve ord mot holmgangskjempa Goliat som hånar Israels-folket.
Den gongen galdt det fyrst og fremst ytre makt og kamp om livsrom i landet. Men det har òg ein åndelege dimensjon som stadig er aktuell. Gud er ein levande Gud, ikkje ein stammeguddom blant andre, ikkje ein teologisk eller filosofisk teori.
Vi har å gjere med han som har skapt verda og som stadig skaper og opprettheld alt som er. Gud er ikkje ein støttespelar for våre særintereser, men han som vi skuldar sjølve livet og som vi alle skal svare for. Goliat som David.
Når vi skjønar det, er det ikkje miltær styrke eller politisk makt som tèl. Då kjem ein langt med tru og åndeleg vågemot og nokre småsteinar frå eit bekkefar.
0 Responses to “officium: måndag, 12. vike i det allmenne året, 1 samuels bok 17 (matutin)”