Sit på veranden der mor mi bur, på Stranda, høgt oppe i bygda med utsyn over fjorden og fjella. Juninatt. Ljos, men kjøleg; ein nordleg trekk i lufta dei siste dagane. Snøen klamrar seg fast langt ned i fjellsidene endå. Toppane blånar inn i natta. Nede ved fjorden blømer aplane og heggen. Sein, men usvikeleg forsommar.
Tidlegare i dag har eg vore med på jubileumsmessa i Vår Frue krk ute i Ålesund. Stappfullt av folk. Då dette soknet vart grunnlagt, ei god stund før kyrkja vart bygd i 1960, var det berre nokre få medlemer, no er det 900. Ei internasjonal forsamling, ei miniutgåve av den verdsvide kyrkja. Eit verkeleg integrerings-laboratorium. Mangfald og einskap. Eit teikn på Guds rike. Den katolske kyrkja er i ferd med å bli tydlegare på Sunnmøre. Det endrar både landsdelen og kyrkja.
No blir det kaldt om knea. Eg går inn. Og til ro.
Hei!
Diktet Junidag av Erling Christie renn meg i hugen når eg les om junistemningen du skildrar på verandaen til mor di: Eg tek med siste strofa i dette diktet, og takkar samstundes for ein stadig spennande og tankevekkjande blogg
—
Slik søker vi, evig reisende
alltid tilbake mot denne drøm
om en hjemkomst
Til vi i sommerdagens åpne timer
smerteramt vet at intet kan bli
at alt er oppbrudd og alt underveis
som drivende skyer over den høye himmel
en dag i juni.
Vi har det så vakkert her i vest no!