Arkiv for mai 2010



12
Mai
10

officium: onsdag, 6. vike i påsketida, 1 joh 2,18-29 (matutin)

«Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg» (v 23)

Å leve ope, i sanninga og ljoset, i kjærleiken, det er den éine påminninga i Johannesbreva. Den andre er den urkristne og urkyrkjelege Kristus-vedkjenninga. Fasthaldinga av urdogmet: Inkarnasjonen; at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod (3,2) og at han, Sonen, er eitt med Faderen. Det er dette som er å «vedkjennest Sonen». Alt står og fell med dette. Er det noko som er «den artikkelen som kyrkja står og fell med» (Luther), så er det denne.

Det er han eg trur på; han som apostlane vitna om: «Det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på…» (1,1).

Reklame
11
Mai
10

officium: tysdag, 6. vike i påsketida, 1 Joh 2,11-17 (matutin)

«Eg skriv til dykk, de unge, fordi der er sterke» (v 14)

Ei uventa og uvant tilnærming for oss. Vi er så vane med at trua har berre med vår veikskap å gjere. Kristendom er blitt terapi og gamalmannsvisdom. Men Kristi læresveinar er unge, ofte i alder og alltid i sinn. Som dei fyrste tolv apostlane. Som Herren sjølv dei tretti åra som omfatta hans jordeliv.

Gud vil bli teken i mot i sentrum av livet vårt, der alle gåvene og resursane er, der alt vi vil og vonar på, spring ut. Der er ofte også våre sår, men når vi tek mot Kristus, blir også vår veikskap forvandla til styrke.

10
Mai
10

officium: måndag, 6. vike i påsketida, 1 Joh 2,1-11 (matutin)

«Den som held ordet hans, i han har kjærleiken til Gud vorte fullenda» (v 5)

Det kristne livet er ikkje berre ein status, eit prinsipp, noko abstrakt. Gud verkar i oss. Fullendar sin kjærleik i oss. Ordet som skal «haldast», er ordet om brorskjærleiken; det nye bodet – som er summen av boda, verkeleggjort i Kristus. Kjærleiken syner seg i det opne livet. At vi ikkje har ein løynt agenda i høve til andre; at vi er likesæle eller motarbeider dei medan vi held maska og lest som vi er positive.

Kjærleiken til Gud handlar om det same: At vi kjem fram med vårt verkelege liv, «lever i ljoset», opnar oss for sanninga, for Gud. Det doble livet, liksom-livet i høve til Gud og våre brør og systre, ja, til alle – det er er det motsette av Kristi bodskap: At «Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han» (1,5).

09
Mai
10

carpe diem/poetica: lille, havet, strendene…

Så kom eg til havet og til strendene.  Etter at sundagen hadde vore feira med stor høgmesse her i klosterkyrkja. Tjøkka fullt, som vanleg; born, unge, vaksne, eldre, kraft i songen og liturgien, god preike/homilie, mange å helse på etter messa.

Middag – og så vestover Flandern, så mot Calais, landskapet som tek til å bylgje sakte i grønt og rapsgult. Oppom den høgt utspringande Cap Blanc-Nez, frisk vind og nokså surt, så eg dreg på meg stillongs under kutta og gensar over. Vi parkerer i strand(lands-)byen Wissant og legg i veg langs havkanten. Sjøen fell og legg halvturr kilometervis med sandflater. Innover dei bruser bylgjene i ein lang krans. Gå, lytte, ta inn suset, kjenne rommet rundt seg. Vi -br Haavar og Turid frå VL  og eg – varmar oss med ein kaffi på ein kaikantkafé.  Langt på dag alt.

Vi køyrer sakte mot Calais på vegen langs strandlina, gjennom  Sangatte og andre små byar som ligg i ei lang rekkje, som eit band bak dikene. I Calais må vi ha mat, på Brasserie Alexander, like ved sjøen. Frites og omelett. Vi er nesten i Belgia her. Dei store ferjene  frå Dover prustar og manøvrerer ut og inn av hamnebassenget. Omsider rullar vi innover motorvegen tilbake til Lille; sola kjem fram heilt i vest, under skydekket – raud, og mett av dagen. Lyser oss heim.

Dette diktet skreiv eg her for nokre år sidan:

BERRE DETTE

Berre dette kan eg no:

gå ved havet

lange strender fram

lange tilbake

Berre dette høyrer eg no:

stor sus av bylgjer

Berre dette ser eg no:

Vind og himlar

Berre dette ventar eg på:

sjå  Gud

07
Mai
10

officium: fredag, 5. vike i påsketida, Op 22,1-9 (matutin)

«Lauvet på treet er til lækjedom for folka» (v 2)

Trea er med i frelseshistoria, heilt inn i det innbrytande Guds-riket. I den nyskapte verda er heile naturen harmonisk og livgjevande. «Livsens tre» står i ei særstilling, som sjølve symbolet på  frelsa, men seier òg noko om at heile skaparverket er omfatta av forløysinga. Jamvel lauvet formidlar lækjedom.

Den menneskelege fellesskapen, «polis», byen, er nyskapt, Guds rike har ein politisk dimensjon.  Men mennesket bur saman med andre, i eit større «hus», eit større «oikos», med den zoologiske og botaniske naturen; Guds rike har også ein økologisk dimensjon.

«Sjå, eg gjer alle ting nye!», seier Herren (21, 5).

06
Mai
10

carpe diem: Lille

Det er fint å vere her. Den store kyrkja gjev klangrom for korbøna. Mange av brørne her er studentar; unge røyster gjer songen lett og samtonande. Alle tidebønene vert sungne. Eg kjenner att smaken i den franske utgåva av Salmane. Dei stille romma mellom halvversa i salmodien (resitasjonen av dei bibelske salmane); rytmen, dei felles rørslene når ein reiser seg, bøyer seg djupt under Gloria Patri og under den avsluttande kollektbøna.. Kropp og sjel samlar seg i Guds nærleik.

Ute er det disig sol – og ganske kjøleg; berre sju-åtte grader. Men det var varmt for nokre dagar sidan, så alt er i full grønske.

Eg les meg inn på det eg skal skrive. Eg er i gang.

06
Mai
10

officium: torsdag, 5. vike i påsketida, Op 21,9-27 (matutin)

«Folkeslaga skal ferdast i ljoset frå byen» (v 24)

Byen er «det nye Jerusalem», og Johannes ser her oppfyllinga av det som alt Jesaja såg når han seier om Sion: «Mot ditt ljos skal folkeslaga fara, mot din stråleglans skal kongar gå» (Jes 60). Guds plan med verda blir verkeleggjord gjennom Israels historie og kyrkja si historie. Gud stig inn i tida. Men planen omfattar alle folk og alle kulturar. Heile «humanum»; alt det som har vakse fram i kultur og samfunnsliv, «alle rikdomane» – alt skal kome heim til Gud, han som er opphav og gjevar av alt godt, sant og verdfullt.

Denne heimstaden er nettopp ein by, ein fellesskap. Ein by med dei rette dimensjonane, ein by bygd etter «englemål» (v17). Vi skal sjå alt i sin indre samanheng, ikkje berre kvar einskild menneskeleg verksemd og verdi for seg. Våre perspektiv blir fort for snevre. Fyrst i ljos av den rette heilskapen ser vi rett.

05
Mai
10

carpe diem: Me voici!

Eg er her! På cella i det store dormitoriet i St Thomas Aquinas-klosteret i Lille; faktisk vegg i vegg med den cella eg hadde dei åra eg tilhøyrde dette klosteret. Ljost og fint, utsyn over den store, grøne parken, med dei same veldige lauvkuplane, kastanjetrea og poplane. Skal vere her til 21. mai.

Bussturen frå Køpenhamn gjekk fint. Sørover Sjelland – og denne gongen blei eg merksam på skiltet «Udby», heilt i sør. Det var Grundtvigs heimesokn; det kvite, takkete kyrkjetårnet lyste i kveldssola, grøne marker vidt i kring. Ferja frå Rødby til Puttgarden i frisk bris og sol over til Puttgarden, langs den vakre nordtyske kysten, innom Lübeck med dei store, oppragande kyrkjetårna, vidare til Hamburg, ein halv time pause, kaffi på MacDonald, så susande vidare gjennom natta til Bremen og sørover. Og vestover. Men då sov eg. Vakna i Antwerpen, byen eg nokre gonger hika frå, med norske trailarar. Det ljosnar raskt over det urbane landskapet mellom Antwerpen og Brussel. Der er vi ved Gare du Nord berre fem minutt etter ruta, fem over seks, altså. Frater Haavar står klar med den vesle, franske blikkboksbilen. Ein time plusspluss på motorvegen, med rask rast for kaffi og lett morgnvask på ein servicestasjon.

På plass.

05
Mai
10

officium: tysdag, 5. vike i påsketida, Joh Op 20,1-15 (matutin)

«Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna» (v 12)

Johannes Openberring er dramatisk; voldsame syner om dei siste tidene, sett og skildra i bilete og  figurar. Gud og Lammet skal sigre. Og siger tyder dom, fordi rettferd finst og skal hevdast. Dom er oppgjer. Vi skal svare for oss. «Retten  vart sett og bøker vart opna», seier profeten Daniel som også fekk sjå inn i  historia sin sluttfase  (Dan 12,10).

Då gjeld ikkje luftige idéar og vakre tankar. Då gjeld gjerning og sanning. Då gjeld det det vi har gjort, konkret, «i lekamen» (2 Kor 5,10). Det som står med klåre, nøkterne ord, «i bøkene».

03
Mai
10

officium: Filip og Jakob, apostlar. Apgj. 5,12-32(Matutin)

I dag er det festdagen for apostlane Filip og Jakob…

«Gå og stell dykk opp på tempelplassen og forkynn for folket heile bodskapen om livet» (v 20)

Dette var oppdraget engelen gav apostlane då han opna fengselsdørene for dei. Å vere apostel er å vere ute, i det frie, på torga, på vegane, på pubane, på tempelplassane, på Areopagos, i akademia, i spaltane, i kanalane, på nettet… Evangeliet er apostolisk; det er ein glad bodskap som vil ut, som vil bli kunngjort! Ein offentleg bodskap, ei forkynning for all skapningen.

Difor skulle apostlane forkynne heile bodskapen, ikkje berre ein del, ikkje berre ri ein kjepphest. Bodskapen er universell, «katolsk», i sitt innhald og i sitt siktemål. Nettopp difor kallast han også «bodskapen om livet». Det er livet det gjeld, i alle sine dimensjonar, for tida og for æva.

Fyrst når hjarta vårt er fylt av dette, vil Guds engel føre oss ut på dei opne plassane i verda og la oss møte menneske som høyrer.

03
Mai
10

carpe diem: Liobasystrene, køpenhamn

Hos dei er eg no, ein dags stopp her i Køpenhamn, før ferda går vidare med Euroline-buss til Brüssel i morgon ettermiddag. Liobasytrene er ein variant av benediktinarordenens kvinnelege grein; dei er altså benediktinarinner med eit innslag av apostolisk/pastoralt arbeid i si livsform.  Dei har  kloster her på Fredriksberg (15 min med bane til sentrum) og eit sokn knytt til klosterkyrkja. Pastor Jesper Fich bur i prestegarden like ved, han er sokneprest her og kapellan for systrene.  Eg har fått eit lite gjesterom på klosterlemmen, og har det perfekt. Akkurat no, sit eg i hagen fordi nett-tilgangen er bedre her, og dessutan er det vår, om enn kjøleg, i Køpenhamn. Det gufsar alltid litt frå Øresund.

I dag tidleg feira eg messe her med ein eldre, dansk jesuittpater. Jesuittane driv eit gymnas her i  byen. Skal kome igang med lesing og skriving i dag; carpe diem! Ein liten tur inn til byen i ettermiddag, kanskje. Når eg fyrst er i «Kongens by».  Meir om det. Stor fred her…

02
Mai
10

discursus: «Fridom eller nihilisme – fridomsomgrepet og menneskesynet»

Foredrag på Rørosseminaret, 18. april. Seminartemaet var: «Friheten og dens grenser». Ulike foredragshaldarar frå akademia og samfunnslivet. Tematikken liknar på andre tekster eg nyleg har lagt ut (nedanfor), men det var desse saken som stod i sentrum nettopp no…

Innl.

Vyrde seminaristar! Brør og systre! Takk for invitasjon til å delta her – ei stor glede, sjøl om eg lurte på om mot og krefter skulle halde etter tumultane som har vore på min banehalvdel, den katolske kyrkja, den siste tida. Vonar likevel at eg kan ha noko å tilføre på det temaet som eg har fått tildelt. Det vil bli eit perspektiv på forståinga av fridomen – ut frå det som særleg er min referanse; ikkje berre katolsk/kristen tradisjon i og for seg, men utfrå den monastiske tradisjonen, dei kjeldene og overleveringane som kloster- og ordenslivet representerer. Og litt sunnmørsk.

Eit krsitent perspektiv

Det kristne – i vid forstand katolske og ortodokse perspektivet – er viktig å ha med. For det er mogeleg å sjå heile fridomsomgrepets historie, både teoretisk og praktsk, som ein dialog med- og t o m ein konfrontasjon med det kristne tradisjonen. På mange måtar kan dei siste par hundre åra også lesast som historia om emansipering, om frigjering frå kyrkja og kristendomen; fridom forstått som opposisjon til kristen arv og kyrkjeleg autoritet. Vestleg kultur- og idéhistorie, er på mange måtar ei teologisk informert historie. Finst det eit alternativ til den kristen livstolkinga, individuelt og kollektivt?

Det er dette har ein så intenst har pusha og prøvd ut – og på mange måtar er det ein emansipasjon og ei ut-testing som har kulminert, som er ved vegs ende, eller i alle fall i ei slags krise eller i ein tenkepause. Vart det slik som vi tenkte. Vi er kvitt kyrkja, men kva no? Kva fekk vi i staden?

Når det i dag er tale om fridom, er det mest tale om dei liberale rettane, om den negative fridomen. Fordi det er lettast å lokalisere og formulere. Men det demrar for oss at det ikkje er nok. Denne erkjenninga er vel noko av bakgrunnen for vårt seminartema. Vi byrjar å spørje: kva er den positive fridomen? Kva er meininga? Den økonomiske liberalismen er jo også individualistisk tenkt: Det skal vere ferrast mogeleg grenser for kva eg kan nyttiggjere meg. Det er trua på egoismen som positv dynamikk. Foredraga og innlegga så langt i seminaret, har understreka for oss at også denne modellen kjem til kort når det gjeld å forstå kva sann fridom er.

Kva er eit menneske?

Då trur eg vi må kome vidare enn til ei mannjamning mellom ”tenketankane”, mellom Civita og Res publica o a skjønt det er også ein interessant etappe. Vi må kome vidare enn til ein debatt for- og imot velferdsstaten. Det er ein viktig debatt, men norsk debatt har så vondt for å kome ut over det. For då møter vi problemstillingar som gjer oss forlegne. Fordi vi så lenge har forsømt dei. Vi må reise spørsmålet om mennesket, om den menneskelege agenten, om sjølve aktøren i kampen for fridom. Det har vi lett for å unngå, å unnvike. Vi kan snakke om tilhøvet mellom fellesskap og individ; men kven er individet? Det vansklegaste og kanskje mest forsømte spørsmålet i dagens samfunnsdebatt er dette: Kva er eit menneske? Politikk handlar om mennesket, samfunnet handlar om mennesket. Korleis skal vi kunne finne målet og driven i politikken når vi ikkje lenger vågar å svare på spørsmålet om kven mennesket er?

Spørsmålet om det humane har sjølvsagt politiske implikasjonar, men det går ikkje opp i det politiske. Tvert om: Det politiske skal tene humaniteten.

I spørsmålet om menneskesynet har vi hamna mellom determinisme og naturalisme på den eine sida – og konstruktivisme og kultur på den andre sida. Noko Eia-debatten har synt oss. Eg vil seie at begge desse posisjonane kjem til kort. Som teolog og truande vil eg fasthalde at det er noko som er ’naturleg’ – og evolusjon kan gjerne inngå i det, sjølv om eg trur det naturlege er djupare forankra enn i ei blind utvikling. Og eg vil fasthalde at mennesket er ein ikkje-determinert, fri, ansvarleg person som formar sitt liv utfrå eigne val, i samspel med andre. Her må vi kunne minne om at det menneskeynet vi tradisjonelt argumenterer utfrå i vår kulturkrins, ligg i lina frå den bibelske, jødisk-kristne (og for så vidt islamske) arven, kobla med det sokratisk- platonske og aristoteliske menneskesynet, ikkje minst formidla gjennom Augustin og Thomas. Innslaget frå antikken har lagt meir her enn i det meir epikureiske og hedonistiske synet.  Som kanskje gjer seg  meir gjeldande i våre dagar. Her står vi ved eit vegskilje, ved eit val.

Dygdene og lastene

Grunnleggande i denne antropologien er synet på dygdene og lastene. Det finst fundamentale lover, både som uskriven naturrett og som spesifikk tradisjon, som tekst, som sed og skikk. Men tanken er at mennesket gjer godt når det er godt; eit godt tre ber god frukt; at mennesket agerer fritt når det har tileigna seg personleg fridom.  Difor er det min påstand at det vi treng i dag, også for å kome til rette med spørsmålet om fridomen – er eit vidare arbeid med dydsetikken.

Det er her eg vil bringe inn den monastiske tradisjonen (klostertradisjonen), – arven frå dei fyrste ørkenfedrene og -mødrene, frå eremittane, asketane og framover i klosterhistoria. Her er det også eit vell av tekster og overleveringar å hauste av. Få skrifter har påverka europeisk samfunnsutvikling som Benedikts regel – eller som dominikanarane sine konstitusjonar og styringsformer, for den del.

Askesen

Aksen i dette livet er askesen. Eit skikkeleg fyord. Det er gresk og tyder øving, rett og slett. I dag er det berre i smb med kunstnarleg og sportsleg innsats at vi skjønar dette har noko for seg (eg har høyrt at idrettsutøvarar ikkje skal ha sex like før konkurransen, f ex.., kanskje eit tips om at sublimert sex ikkje er så dumt, i alle fall virkningsfullt..). Dei monastiske mødrene og fedrene gjer det heilt klart at berre det asketiske mennesket er fritt. Askesen skal sjølvsagt tilpassast det livskallet du har; klosterlivet har sin askese, med det har også ekteskapet og andre livsformer. Berre den den som har koll på sine pasjonar, sine lidenskapar, sine drifter, sine apetittar, er fri. Både individuelt og politisk forstått. Pasjonane, driftene, kroppen,  eros – alt det er positivt, livets drivkrefter. Men det må styrast. Ikkje som pålagt tvang utanfrå, men som fritt, sjølvpålagt regime. I klosterlivet innber dette sjølvsagt at du fritt påtar deg dei monastiske lovnadane (fattigdom, lydnad, sølibat/kyskleik), observerer klosterregelen, lever i samråd med ein mentor… Åleine eller i fellesskap. Som anakoret (einebuar) eller coenobitt (i kommunitet).

Det er det djupare målet og meiniga for livet ditt som skal bestemme korleisa du forvaltar dine resursar, di livskraft, din libido, din eros. Då må du skjøne at alle kreftene, alle momenta, i livet omkring deg, rettar seg mot- og apelleerer nettopp til din kroppslege behov. Alt attakerer deg, frambyr seg, anbefaler seg og seier: Du treng dette, du treng hint, du treng meir, du treng endå meir, endå noko anna osv. Det er ikkje vanskeleg å applisere dette på dagens konsumsamfunn. Eg vil seie at utan asketisk tileigna fridomm, er du også lamma som politisk menneske. Du kan berre verke til det felles beste, dersom du ikke er underlagt alle dei framandgjerande mekanismane som du heile tida gjev etter for fordi du ikkje har koll på dine pasjonar, dine behov.

Det er ikkje utan grunn at dei antikke filosofane også låg på denne lina; filosofi, søken etter visdom, myndig deltaking i polis – det fordra askese. Sjølvkontroll. Forenkling.

Phroenesis og sophia, dømekraft og visdom

Skal askesen utøvast, er det to dygder som må vere på plass: Dømekraft og visdom; phroenesis og sophia. Du må kunne bedømme situasjonen, bedømme dine resursar, bedømme kva du tålet, kva du treng. Kroppen og pasjonane skal ikkje behamndlast destruktivt. Det finst feilslått askese (det finst skihopparar som blir anoreksiske, for å seie det slik). Kroppen er god, men det er rettferda og kjærleiken han skal tene.

Og så må du ha ein standard; ein visdom. Det som definerer målet for øvinga, innhaldet i livet. Då er vi tilbake til det eg særeleg etterlyser dag:  Synet på menneslet, det antropologiske: Korleis kan vi operere med mennesket som ein fri og ansvarleg agent utan ei eller anna  metafysiske forankring?  Det fist sikkert mange modellar for dette; i den jdiks/kristne tradisjonen er mennesket imago dei, Guds bilete.

Kva er då eit menneske sidan du kjem det i hug, eit menneskebarn sidan du tek deg av det? Du gjorde han lite ringare enn Gud, med ære og herlegdom krona du han (Sal 8).

Og dette mennesket er eit mysterium, ein løyndom:

Du har skapt mitt indre, du har vove meg i mors liv. Eg takkar deg fordi eg skapt på skræmeleg underfull vis… Du såg meg då eg var eit foster, i di bok vart alt skrive opp; mine dagar fekk si form før ein einaste av dei var komen… Det er for underfult ti å skjøna, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det (Sal 139).

Mennesket er Guds augnestein, Gud blir menneske for at mennesket skal bli gud – divinasjonen, det er målet  slik ørkenfedrene, slik den monastiske teologien ser det. Vel å merke: Ikkje slik at mennesket erstattar Gud; nei det får del i  Gud, men det beheld sin solidaritet og sin einskap med sine medskapningar. Saman med løva, grevlingen, steimnbukken og villesla, slik det står i Salme 104; ja saman med alle elementa, med heile kosmos.

Det finst andre måtar å formulere det på; og det må arbeidast med å formulere eit mål for mennesket, basert på kva mennesket er. Dette er ikkje lett i eit samfunn som vårt; eg trur ikkje at statlege organ kan definere og tilby ein menneskeleg visdom som vi kan leggje til grunn for vår søken etter fridom utover dei liberale rettane. Livssynsspriket er for stort. Hugs korleis det gjekk med Verdikommisjonen. Det må vere plass for djupare tradisjonar – og dei må leve saman,  diskutere, samtale, belyse og kanskje korrigere og supplere kvarandre. Eg trur vi er kultursituasjon -i alle fall på danningsplanet, og det er eigentleg det eg snakkar om her –  der dei store offentlege instiitusjonane ikkje leverer lenger. I allke fall ikkje godt nok; dei står i fare for å bli fabrikkar, frå akademia og ned til grunnskulen. Difor treng vi eit mangfald av miljø, av seminar, av Rørosseminar, av frie, drøftande og innsiktsfulle forum. Ikkje som instrument for regimet, men nettopp som frie forum. Folkehøgskular, høgskular og ”djupskular” – som nokon her har starta – kloster, fornying av folkeakademia, kort sagt: Ei bylgje av danningsinitiativ, meir nedanfrå og frå sida enn ovanfrå.

Kunnskap og visdom må omfatte praksisar som gjer at mennesket kan lære å kjenne sitt eige mysterium, si eiga gåte, slik at det kan verne det og verje det og ikkje bli hersa med av sine eigne drivkrefter og ved alle dei eksterne kreftene som heile tida jagar etter oss. Mennesket må igjen bli filosof og asket – som Vetlesen[i], hadde eg nær sagt. Eller munk for den del.

Ivar Aasen var eit fritt menneske, trur eg; ikkje alltid like lukkeleg på overflata, men likevel. Han sat i si celle, hadde eg nær sagt, i Pilestredet, og tenkte tilbake på det som hadde forma hans liv og eg vil gjere hans ord til mine:

Sæl var eg at eg kom i gode grender/ der dygd og sanning var til nokot vyrd/ og at eg fram vart leidd på milde hender/at læra meir om mannsens skyld og byrd.

Å kjenne «mannsens skyld og byrd» – det er vegen til fridom.


[i] Arne Johan Vetlesen, filosof. Foredragshaldar i same sesjon på seminaret.

02
Mai
10

nota bene: debatten om sølibatet

Denne kronikken var fyrst publisert i VG, laurdag 17. april, skriven etter ynskje frå avisa…

Kvifor har sølibatet kome så sterkt i fokus i opprullinga av overgrepssakene i den katolske kyrkja? Sjølvsagt fordi det er ei livsform som er kontroversiell både i den tradisjonelle spenninga mellom katolisisme og  protestantisme og i høve til modernitetens fokus på seksuell frigjering. Kan det tenkjast noko meir provoserande enn sølibatet i vår kultur?

Mange har hevda, både frå kyrkjeleg og sekulært hald, at pedofili eller andre seksuelle overtramp  ikkje har noko med søibatet å gjere og difor heller ikkje noko å gjere med den aktuelle debatten og sakshandsaminga. Så langt eg har forstått sakkunnskapen,  har dei rett når det gjeld eit direkte samband. Alt tyder dessutan på at både pedofili og anna uteisk seksualpraksis er meir utbreidd i andre miljø enn den katolske kyrkja. I alle fall er det viktig at ein går vidare med eit fagleg arbeid som gjev haldbar innsikt. Rein synsing, fordomar i form av angrep eller forsvar, er uheldig og lite tenleg for å kome vidare.

Men det er andre grunnar for å ta spørsmålet om sølibatet på alvor. Korleis kyrkja organiserer og legg til rette livet for preseteskapet verkar inn på heile arbeidssituasjonen og yrkeskulturen. I si tid valde den vestlege kyrkja å forplikta også dei vanlege kyrkjelydsprestane til munkesølibatet,  som ein del av ein positiv reform og ein generell standardheving over heile fjøla. Prestane skullle ikkje vere bundne av det altfor lokale og nasjonale fordi det kunne medføre at makt, resursar og innflyting blei knytt opp til andre interesser enn det som var kyrkja si oppgåve.

Sølibatet si grunnform er det monastiske livet, kloster- og ordenslivet for både kvinner og menn på likefot. Å vere uavhengig av slikt som i seg sjølv er godt, familieansvar, seksuelle relasjonar, eigedom og privat økonomi – eit liv som utfordrar og på sett og vis relativiserer dei vanlege livsformene i samfunnet. Slik blir klosterlivet ein motkultur og eit fridomsprosjekt. Ei alternativ, fri livsform.

Ikkje minst i dag, er det nødvendig å spørje om desse livsformene er på høgde med seg sjølv og blir levde på ein tenleg og verdig måte. Er det i dag nødvendig at kyrkjelydsprestane lever i obligatorisk sølibat? Kunne det tenkjast at kyrkja i dag rekrutterer smalare til prestetenesta enn før, då det var sosial status forbunde med å vere prest? Kunne det ikkje vere bra å få eit større mangfald; folk som representerer eit breiare lag av kulturen og livserfaringane? Vår tid er særleg var for det som blir for lukka og sekterisk. Menneske i dag fordrar innsyn og tillit. Sølibatet kan risikere å skape ein for intern kultur, noko som særleg er risikablet til lengre opp ein kjem i  hierarkiet. Evna til å ta impulsar og signal frå eit vidt spekter, er avgjernade for å bevare dømekraft og sunn innsikt. Ein opnare yrkeskultur kan motverke tendensen  til sosial autisme i institusjonane. Med andre ord: Større breidde og mangfald vil kanskje verke førbyggjande og gje betre oppfylgjing også når det gjeld seksulaetiske overtramp i kyrkja.

Også klosterlivet må visiterast. Blir motivasjonen og evna til å leve avhaldande og enkelt skikkeleg utprøvd både i rekrutteringsfasen, i utdanninga og i det vidare livet? Seksualitet skal ikkje fortrengjast, men erkjennast, takast i mot som gåve, kunne omtalast og disiplinerast. Her kjem vi til eit heilt avgjerande punkt både når det gjeld søibatet og andre asepekt ved eit kristent og kyrkjeleg liv i dag: Krevjande livsformer kan ein berre takle dersom ein veit at det ein avstår frå, er motivert av ein høgare verdi. Alle må forsake noko – og det gjer vi på ein bra måte berre dersom vi har ein god grunn. Viss det er noko vi verkeleg vil, betalar vi prisen med glede.

Noko av problemet med vårt samfunn er at det asketiske perspektivet er så lite verdsett. Det er nesten berre i idretten og i kunsten at ein skjønar poenget med det. I andre kulturar, som i buddhismen, er sølibatet respektert og verdsett. Kvifor skal eit samfunn berre ha det trauste ekteskapet som einaste samlivsinstitusjon? Eller kvifor er mest muleg sex blitt eit så overdimensjonert kriterium på lukke og livsmeining? Nokon vil investere sin libido og si livskraft på andre prosjekt. Det seier seg sjølv at dersom ei gruppe eller ei livsform blir sett på som latterleg, meiningslaus og destruktiv – ja, så blir det ikkje lett for dei som har valt henne å leve det med glede, balanse og sunnleik.  Det er ikkje lett å vere vegetarianar i kjøttbutikken. Vi burde gje både ekteskap og seksualitet – og sølibat og avhald størrre kredd. Det ville vere solidarisk og bra for alle.

Eg lever i sølibat fordi det er mitt kall. Det kan vere jæklig nok, som så mangt anna her i livet. Ekteskap og relasjonar ikkje minst, etter det eg har høyrt. Men vi treng alle livsformene, både i kyrkje og samfunn. Lat oss hjelpe kvarandre med det.


02
Mai
10

discursus: «Mellom bankar og berg utmed havet – kulturarv og kulturfornying», eller; «Danningsprosjekt for Bygdenoreg»

Her er «kompaktmanus»  for forederaget i Velledalen grendahus, 23. april i år. Så vidt grøne marker, drivkvite sunnmørsalpar,  naken lausvkog i liene, fossande elv i dalbotnen…

0.Innleiing

Eg vil starte med Ivar Aasen:

Takk vere Gud, som gav meg liv og ande/og let meg sjå hans vene, rike jord//Og let meg sleppa fri frå all  den vande/som kunne felt meg før mi gjerd var gjord.

Sæl var den dagen då eg jloset nådde/og såg Guds fagre sol og heimsens dag/og kjende gleda, endå før eg gådde/at eg var til og stod i broderlag.

Og då eg såg dei mange liv som sviva/i tusund skap om både land og sjo/ Og tenkte på den makt som alt kan driva/at dyr kan liva og at gras kan gro.

Sæl var eg at eg kom i gode grender/der dygd og sanning var til nokot vyrd/Og at eg fram vart leidd på milde hender/at læra meir om mannsens skyld og byrd.

Der fekk eg lært ei tru som lyfter hugen/på sterke stigar over sorg og naud/Der fekk eg læra prov av rette dugen/som gjerer mannen mint, om han er daud.

1. Arven

Her ser vi Sunnmøre og sunnmøringen som både lokalt forankra og universelt open. Her ser vi det toet vi er laga av, det berget vi er hogne ut or – for å bruke eit bibelsk bilete. Den sunnmørske handlekrafta og kreativiteten, også på det materielle området, har bore med seg ein idealitet, ein indre horisont, ein meiningshorisont. Som har lege der, også som ein umedviten informator eller motivasjon. Nokre riss av dette, raskt:

– det er kristendomen, den nedervde frå den fyrste kristne tida, Olavsarven

-det er katekismekristendom, salmebok, postille, gudsteneste

-det er bedehus og vekkjingskristendom, det er misjonen med si perspektivutviding

-det er fråhaldsrørsle

-det er element i den norske nasjonsbyggjinga: Målsak, norsk litteratur

– det er lærarskulekulturen, det er Volda, Aarflot, Rise, Kristvik osv

-det korsongen

-og sikkert meir til innan bondekulturen, ungdomslagsrørsla, folkeakademia osv

I alle desse elementa er der tilknyting til det universelle og det historiske.

Det folk dreiv med på fritida, var prega av desse ideelle og idealistiske rørslene.

2. Endringa

Dette biletet har endra seg. Kristendom, både som bedehus og kyrkje, har mindre plass enn før. Berre tenk på kristendomsundervisinga i skulen. Frå dåpsopplæring til orienteringsfag.

Det er stadig stor friviljug verksemd, trur eg, men det er ikkje så knytt til bestemte idéar og verditradisjonar som før. I dag er fritids- og kulturaktivitetane meir ”velvere-orienterte”, for å seie det slik: Golf, segling, lutfisklag, vinklubbar, reising osv. Kora syng ikjje lenger ”Rett som ørnen stiger”, men heller ”Tänk att få dansa med Anderson” og den slags.

Individualitet, spenst, smartness, terapi, sjølvutvikling – det har fenga også her i fjord- og fjellheimen. Dette går hand i hand med ein sterk materiell framgang – som er bra, men som kan utarte til materialisme. Og reinspikka liberalsime. Og det universelle er no: Underhaldning, Tv-kanalar, internettsurfing.

Og tru ikkje at eg vil prøve å snu klokka tilbake, å fornye kulturen ved å kopiere det som var. Det blir nostalgi, museum, tilbakeskodande. Nei, vi må finne dei kjeldene som kan vi kan hente noko opp frå i dag. Resurs = ”opp-kjelding”!

3. Danningsprosjektet

Det handlar om eit danningsprosjekt. Det var det eg fekk del i når eg vaks opp: Eg kom i gode grender der dygd og sanning var til nokot vyrd/og der eg fram vart leidd på milde hender/at lære meir om mannsens skyld og byrd (jfr Aasen-diket). Her var det eit tydeleg menneskesyn som låg til grunn; mennesket som fritt, som evig verdfullt, imago Dei (Guds bilete), som ansvarleg.

Det galdt også eit syn for det felles gode; at samfunnet ikkje berre er her for at eg skal nyttigjere meg det; skitt i Noreg, leve Gjerdsvika…

Det var også eit kulturmiljø som verka intellektuelt utfordrande og utrustande: Lesing, debattar, stemne… Igjen: dette har vi sikkert no òg, kanskje meir. Men er det ikkje berre mengde som tél, men at det let seg tematisere; at nokre store tema går igjen. Det var byggjing av nasjonen og det var kristent engasjement. Ein søkte å avklare ei mening med livet og med samfunnet. Dette har kanskje smuldra meir no; einkvar søkjer si eiga meining.

Vi må altså ha fora som kan setje dei store temaene på dagsordenen; vi må folk som kan formidle, vi må ha tekstar som kan studerast, vi må stader og miljø for diskusjon. Også lokalt! Og det må kome nedanfrå. Det som skal kome frå toppen, frå departementa, frå dei store kommisjonane, blir for tynt – for det skal representere alle. Fornyinga må kome nedanfrå; ved at ting tek til å leve i mangfalddet av institusjonar, lag, trussamfunn, tenkjetankar o l. Samanhengar der ein kan rekne med ein tydeleg verdiprofil; der idear og verdiar kan fremjast, levast og praktiserast. Sjølvsagt i samspel med andre, i respekt for andre; diskuterande, formidlande, men ikkje dominerande. Storsamfunnet kan berre fornyast av det overskotet som ei slik kulturell fornying på grunnplanet, vil framskaffe. Trur eg.

Difor oppmodar eg initiativrike sunnmøringar til å lage slike ”tematiske miljø”. Lat grendalag, folkebibliotek, skular og kva det kan vere ta opp dei meir filosofiske, etiske, religiøse og livsynsmessige spørsmåla: Tru, vitskap, etikk/moral, synet på kunst, musikk og litteratur, gjerne sett i perspektiv av andre område, som økonomi, teknologi, økologi, landbruk osv. For desse tinga må haldast saman. Det materielle og det åndelege: ”dei mange liv som sviva/om både land og sjo” og ”ei tru som lyfter hugen”. Det går dåreleg når dei blir skilde frå kvarandre – som ”finkultur” pdes og som rå materialisme pdas. Mennesket lever av brød – men ikkje berre av brød, seier Skrifta.

Dette danningsprosjeketet for Bygdenoreg handlar om å fornye det etiske grunnvatnet i samfunnet. Det som gjev oss meining og motivasjon. Dette grunnvatnet har blitt lagra opp gjennom den lange kulturhistoria vår, gjennom kristendom og andre kulturimpulsar, som vi har sett.  I det lange løp går det ut over all mennesekelg verksemd, også industri og materiell verdiskaping, dersom dette grunnvatnet går tomt. Då endar det med den sterkaste sin rett, med siger for dei mest grådige, dei mest omsynslause; survival of the fattest. Det taper vi alle på.  Finanskrisa burde ha lært oss noko om dette.

Då endar vi som ”dumme og deilige”, som dumme og velståande…

Avsl.

Det er dei kulturelle verdiane som knyter det lokale saman med den store verda, med det allmenn-menneskelege; det er det universelle – verda i si breidde og historia i si lengde; og trua i si høgde, vil eg leggje til – det er det som gjev farge til det lokale, som gjev meininga, som gjev lyftet. Måtte det igjen bli slik at det å vere sunnmøring, det er ikkje berre ein måte å tene pengar på, men ein måte å vere menneske på.

Ein måte som gjerer mannen mint/ om han er daud!

02
Mai
10

carpe diem: Sørover, studieperm…

Endeleg er eg på veg til Lille i Frankrike, til tre vikes tid for å skrive (Newman/Grundtvig-studien). Tida har vore reservert sidan i haust, men no passa det godt etter ei noko strid tid. Vonar det er OK med nett-tilgang på klosteret i Lille; i så fall skal eg halde bloggen varm. Klosteret «St Thomas d’Aquin» var det klosteret eg tilhøyrde tre år i Frankrike etter novisiatet i Strasbourg.

Sist helg var eg  altså  på Sunnmøre, saman med Paul Otto Brunstad, på seminar i Velledalen (Sykkylven). Det blei suksses. 170 menneske fylte salen på grendahuset (tilbygg til skulen), aktive arrangørar diska opp med mat, det var innslag av kor og lokale unge talent, det var utstilling i vestibylen og, ikkje minst, eit lydhøyrt publikum,  både frå bygda og lenger borte frå. Og så var det foredrag ved oss to utflytte fantane, om kulturen i dag. Paul Otto tala om dei verkelege menneskelege kvalitetane, med referanse til klassisk danning. Velledalingane fekk høyre om aristoteloisk etikk, med greske ord på tavla, om at vi treng på dugleik (tekne), kunnskap (theoria) og dømekraft (phroenesis) for å bli gangns menneske både individuelt og kollelktivt/politisk. Mitt eige foredrag skal eg leggje ut her etterkvart. Neste år utvidar vi seminardelen og avsluttar med ein kulturkveld. Og gjev kanskje ut eit årsskrift med innlegga. Ein essay-konkurranse for unge kan det også bli.

Aristoteles i Velledalen? I Bygdenoreg? Ja, nettopp? Ved ettertanke veit vi at den kulturen som bygdene har vore baserte på, er den felles, europeiske kulture i lokal tapning. Antikken og Bibelen. Sokrates, Platon, Aristoteles, Augustin, mellomalderen – alt dette  har lege rett under overflata, i lesebøker og lærbøker, i songar og tekster. Det har vore common sense, godt bondevit,  på våre kantar gjennom ei lang historie. Men det må vedlikehaldast og fornyast. Difor seminar. Nokså rått at ein berre kan arrangere eit slikt seminar, utan at det kjem frå eit departement eller ei offentleg nemd. Berre gjere det, satse på at folk er svoltne på meir enn underhalding og stasj. Kanskje vi kan kalle det «sunnmørsfaktoren»? 🙂  Sjølvsagt gjekk seminaret med dundrande overskot; det skal brukast neste år! Om Gud vil.

No er eg på expressbussen frå Oslo, har passert Udevalla, kjem til Køpenhamn i kveld. Drar vidare – også med buss – til Lille, via Hamburg, Køln og Brüssel, tysdag, blir henta der med bil av fr Haavar  (som stadig held på med si dominikanar-utdanning i Lille) onsdag morgon.  Best med buss i denne runden; det billeg, her er nett og oskesky-risiko. Ombord kan eg, som på toget, kvile, lese, skrive, vere på nett, eller sjå på det solfylte vårlandskapet som siglar forbi..




kategoriar