26
Mai
10

officium: onsdag, 8. vike i det allmenne året, Job 7,1-21(matutin)

«Kvifor gjer du meg til skyteskive for deg?» (v 20)

Ein Gud som ikkje let mennesket i fred, som fylgjer etter det, som møter det frå alle kantar, som køyrer det på hovudet inn i eksistensen når det vil dra seg tilbake og berre flyte med livsstraumen. Slik møter Job og Gud kvarandre.

Mennesket erfarer sin forgjengelegdom, kor sårbart det er, kroppsleg, sosialt, kjenslemessig. Jord og støv og vatn som bustad for Guds bilete.  Å bere eit djupt medvit om seg sjølv, å vite at det har evige dimensjonar – og samstundes vere så underkasta endringar, sjukdom, fattigdom, fiendskap. Slik er mennesket.

Det er fyrst når vi vågar å kjenne på grensene våre, at vi får kontakt med oss sjølve. Skjønar det høge spelet som livet er. Difor er Gud menneskets utfordrar.  Han kastar oss ut av kvilestillinga heile tida. Bli vaksen! Opp og stå på føtene. Finn fotfestet.

Reklame

1 Tilbakemelding to “officium: onsdag, 8. vike i det allmenne året, Job 7,1-21(matutin)”


  1. 1 MT
    mai 26, 2010 ved 8:51 pm

    Fine og tankevekkande desse to siste her med deg.Marie


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: