25
Mai
10

officium: tysdag, 8. vike i det allmenne året, Jakob 3,1-18 (matutin)

«Den som ikkje misfer seg i ord, er ein fullkomen mann som greier å styra heile lekamen» (v 2)

Å vere eit kristent menneske, er å ha styring på livet sitt. Jakobs brev er ein asketisk traktat som i sin rett på sak stil seier oss at det kristne livet ikkje er draumar og tomt snakk, men levd liv.

Vil du styre livet ditt, så må du kunne styre tunga di. Talen og orda opnar for realitetar;  gjennom orda dine slepp du til dei vonde elller dei gode kreftene i deg og omkring deg. Menneskelege ord er eit ekko av Guds tale, orda har skapande kraft i seg. Destruktiv tale skaper eit destruktivt miljø, ein negativ menneskeleg økologi. Orda legg føringar for livet, dei formar og pregar livet ditt.

Den gode talen er velsignande; ei aktiv, skapande framkalling av godleik, rettferd, kjærleik og fred. Sanne ord kan vere kritiske, men det er noko anna enn den talen som forbannar, som vil det som er vondt for andre.

Kva vil du med orda dine?

Reklame

0 Svar to “officium: tysdag, 8. vike i det allmenne året, Jakob 3,1-18 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: