23
Mai
10

carpe diem: Dansk pinse

Ingen har feira pinse før han har gjort det i Danmark, sjølve pinselandet.. Fyrst messe hos St Joseph-systrene ved Øresund. Vi kom dit i strålande morgonsol, med aplar i blomst i den store hagen ned mot stranda, med grønt i alle slags sjateringar, med vind gjennom lauvet og Danebrog (flagget) lett vaiande over det heile. Som å stige inn i ein salme av Grundtvig: «Det ånder himmelsk over støvet/det vifter hjemilig gjennem løvet» Og: «I Ordets navn, som her blev kød/og for til Himmels, hvid og rød».    Når t o m Herren blir raud og kvit, ja, då kan det ikkje bli danskare. Grundtvig lokaliserer heilt sikkert Paradiset til Lolland -Falster eller ei anna av dei danske øyane.

Så er det høgmesse  her på Fredriksberg; klosterkyrkja er også soknekyrkje for området. Fullt hus og jublande song, slik berre danske kyrkjelydar kan syngje, alltid freidig, uansett!   Den obligatoriske danske pinsesalmen (sitert ovanfor) ,»I all sin glans nu stråler solen», tonar gjennom rommet og pastor Fich bøyer seg over til meg og kviskrar: -Det er slik jeg tror Grundtvig ville at den skulle synges!

Og faktisk trur eg at den tradisjonelle danske høgmessa i luthersk tapning no overlever i katolsk setting. Rett og slett fordi at både folket og den aktive trua overlever der. Mange av dei «statlege» danske kyrkjene  står ganske tomme. Vi køyrde forbi ei kyrkje på vegen frå Øresund, i den folkekyrkjelege  gudstenestetida, og Jesper bemerka at «folkekirkens parkeringsplassen står tom», det var ingen bilar utanfor kyrkja. -Ja, men det står fire syklar der, sa eg. -Det er koret, kom det, prompte. Den katolske kyrkja treng åndeleg og moralsk fornying, og den danske folkekyrkja treng oppslutning, om tru, liv og gudsteneste.

Pinse er liv. Og pinse er bot. For alle.

Reklame

6 Svar to “carpe diem: Dansk pinse”


  1. 1 Kazimierz
    mai 27, 2010 ved 2:40 pm

    Denmark/Norden – avantgarde i verdens demoralisering.

    Hilsen

    Kazimierz

  2. mai 27, 2010 ved 4:24 pm

    Langt på veg enig i det, ja!

  3. mai 27, 2010 ved 4:27 pm

    men vi skal nok få sjå at der det endå i Europa ser bedre ut (Polen, Irland, Italia…), er det veldig mykje på overflata. Det kræsjar snart. Moralske og religiøse konvensjonar er ikkje nok i vår tid.

  4. 5 Kazimierz
    mai 31, 2010 ved 3:41 pm

    Likevel synes jeg at konvensjoner og ritualer er veldig viktig for «vanlig» folk!
    Det er (dessverre) bare enkelte som vil fordype seg i troen, og studere det. Folk flest vil få ferdig utarbeidet program for liv slik at de kan gå gjennom livet uten større problemer og med klare svar. (og dette får man ved massereligion). Folk vil bli programert fordi det gir tryghet og stabilitet. Hvis DU ikke programerer folk da media og så kalte eksperter gjør det. Du velger. Husk at det er bare enkelte få studenter. Andre er trett etter jobben.
    Jeg tror det er uansett bedre og sunnere å ha religiøs programerte samfunn (og da også noen få fordypte) men uten homo-parader o.l. enn å ha bare disse noen få fordypte midt i sodoma og gomora.

    Mieczyslaw


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: