22
Mai
10

carpe diem: Forsommarkveldar her og der, eller: Gud på Gare du Nord

På gjesterommet mitt hos systrene i St Lioba-klosteret.  Kom hit ved middagstid etter lang bussreise gjennom natta frå Brussel. Ferjeturen Puttgarden-Rødby friska opp, sjølv om Nord-Tyskland låg i grådis og havskodde som ikkje ville sleppe taket i dag. Fyrst oppover Sjelland tok det til å lette. Her er i Køpenhamn er det fin, ljos og varm forsommarkveld. Stille. Pinseaftan.

Medan eg venta på bussavgang  i går kveld, sat eg ute i den store hallen på Brussel Nord-stasjonen. Svære marmorgolv og høge spegelglasruter ut mot byen. Berre nokre få menneske så seint.  Til og frå. Her hadde det samla seg ei gruppe ungdomar; ein gjeng gutar med tydelegvis utanlandsk bakgrunn – afrikanske, og iranske eller deromkring, å sjå til. Dei hadde ei slags uformell øving i rap-dans, med utruleg rytmesans, spenst og radbrekkande kroppsbehersking. Til å måpe av. Marmorflata og spegelrutene innbaud til utfalding og performance; eit perfekt øvingsom. Leikande utfalding, og eit slags cool og lett glede prega dei. Noko suverent og kreativt som viser at mennesket er i slekt med Gud. Slik ser eg det. Det leikande mennesket, den leikande Guden. På Brussel Nord.

Eg sat ei stund som publikum, saman med andre forbipasserande. Spurde ein som tydlegvis var leiar for truppen, og det viste seg, som eg ana, at det var elevar på ein skule; eit  gymnas med rapdans som eiga line. Og her: Det vanlege byrommet  spontant forvandla til scene.  «God bless you!», sa eg. Så gjekk eg ut til bussen.

Reklame

0 Svar to “carpe diem: Forsommarkveldar her og der, eller: Gud på Gare du Nord”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: