19
Mai
10

carpe diem: ein dag i Paris

To dagar i Paris, primært for å snakke med vår provinsialprior;  det høyer med til priorvervet i eit kloster. Som kjent, høyer dei nordiske dominikanarane tll den franske ordensprovinsen. Så det var litt business.

Ferdig med det, feira eg messa saman med brørne i klosteret der provinskontoret er, Couvent de l’Annonciation, (Maria bodskaps kloster), deltok i middagen – og gav meg på veg ein tur gjennom Paris. Toget tilbake til Lille gjekk ikkje før kl 17, så eg hadde nokre timar på meg.

Nede i gatene traff eg på to karar som gav seg i prat; dei såg at eg var ordensbror og prest, av drakta. «Har du litt tid?» spurde den eine; «eg har ei syster som er truande – ja, det er eg også! –  og som jobbar på kontor rett opp i huset her. Ho vil bli glad over å få helse på deg! » «Ja, visst!», sa eg. Så barst det opp i etasjane i ein bygard midt i 8ande arondissement i Paris, verkeleg city- strøket, like ved Champs Elysées. Inn  på kontoret, handhelse på alle, måtte velsigne -raskt – både plassen og folka – vart beden på kaffi og ein  prat. Før eg gjekk, måtte eg ha med nokre kort med kristne motiv samt ein rosenkrans som eg kunnne gje til kven eg ville.

Så fylgde han meg gjennom eit supermarked og ut på Champs-Elysées. Farvel! Velkomen igjen! Eg labba vidare, med mot Pont des Invalides, over Seinen, ned langs Seinen, i strålande maisol, heilt ned til Notre Dame. Fullt av folk. Ei stille stund der; katedralen er sjølve hjarta i Paris, slik eg ser det. Du har ikkje vore i byen før du har vore der.

Buss nr 38 opp Boulevard Sébastopol til Gare du Nord, og inn på TGV-en som glei ut frå stasjonen, presis som alltid, kl 1658. Ein time etter på plass i Lille. Fredag bussar eg heimover.

Slikt opplever ein midt i metropolen. Møte med menneske, på eit kontor,  tale om Gud, velsigne, kjenne at ein deler noko. Eit par av dei som jobba der, var muslimar. Gud er Gud for alle, sa eg. Vi skjøna kvarandre.

Ein dag i Paris. Ein dag i Guds almanakk.

Reklame

4 Svar to “carpe diem: ein dag i Paris”


  1. mai 19, 2010 ved 8:10 pm

    L’Annonciation er et flott anlegg. Jeg liker spesielt konseptet med foredragssal rett inn fra high brow-strøket i 8ème arrondissement.

  2. 2 herman
    mai 20, 2010 ved 2:06 am

    Det hørtes da hyggelig ut! (Jeg hører når jeg leser…). Håper du får en fortsatt fin tid i Paris.

    Hilsen Herman

  3. 3 Øivind
    mai 20, 2010 ved 6:40 am

    Vakkert om kvardagstru midt i Paris.
    Og ein glimt av kva ordensdrakta kan føre ein sunnmøring opp i.
    Øivind

  4. 4 MT
    mai 20, 2010 ved 10:12 am

    Så nydelig formidla.
    «Kvardagskristen vil eg vera….»,små møter som gjev store øyeblikk,livet.
    God heimreis,-«må din veg ,komme deg i møte…»


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: