«Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss» (v23)
På nytt ser vi at Johannes-breva held saman rett tru og rett praksis, ortodoksi og ortopraksis. Vedkjenninga til Kristus som Gud og menneske og som frelsar var ufråvikeleg frå fyrste stund. Den apostoliske overleveringa (tradisjonen) heldt dette fast og gav det vidare med streng obeservans. Samtidig skulle kyrkja verkeleggjere Kristi ofrande kjærleik, brorskjærleiken, ikkje berre som ei individuell haldning, men som konkret, diakonal fellesskap. Kyrkja var eit samfunn med heilt andre normar enn det som var sett på som rimeleg i det vanlege, heidenske samfunnet: Fullstendig deling av materielle godar, høg vurdering av dei sjuke og lidande, vilje til forsoning og til audmjukt å uthalde dei andre, jamvel vilje til å sjå ein ven i sin fiende.
Vi har vent oss til å sjå tru og kjærleik som motsetningar. Men dei høyrer saman, og det er dette radikale og heile vitnemålet verda treng i dag.
Arnfinn, hvem mener du med «vi» som har vent oss til å se tro og kjærlighet som motsetninger?? Det gir ingen gjenkjennelse hos meg eller de troende jeg kjenner. Og for ikke-troende er vel ikke dette relevant… En annen sak er at mange, meg selv inkludert, på langt nær klarer å leve kjærlighetens, diakoniens liv slik troen inviterer til. Men å komme til kort er likevel ikke å se tro og kjærlighet som motsetninger?! Hvis appellen er å leve dette mer radikalt, kan jeg følge deg…
Karl Rahner hevder at kjærlighet til Gud og kjærlighet til nesten må ses som en absolutt enhet. Vi kan ikke elske Gud uten også å elske vår neste, ettersom kjærligheten bare kan formidles i det konkrete, jordiske liv. Derfor ble også Gud menneske!
Eg tenkjer på den generelle tankmåten/mentaliteten i den moderne epoken. Med «tru», meiner eg – særleg i denne johanneiske konteksten – dogmatisk informert tru; fasthaldinga av dogma. «Dogme» har vore fy-ord i vår kultur, det «opne», «tvilande» etc har status (jfr også tekstar som MIn Tro-spalten i Vårt Land). Tydleg tru blir ofte spelt ut mot livet.
Det er denne diktonomien vi må overvinne. Både teoretisk og praktisk.