13
Mai
10

officium: Helgetorsdag/Kristi himmelferd, Efes 4,1-24 (matutin)

«Difor står det: «Han steig opp i det høge og førte bort fangar; han gav menneska gåver « » (v8)

Kristus triumfator! Det er han vi feirar i dag. Apostelen framsteller Kristi siger med ord frå salme 68, der Gud er hærføraren som utfriar skaparverket og folket sitt frå kaoskreftene og blir møtt av songarar, harpespelarar og jenter som slår på tromme (Sal 68,26)! Han har overvunne alle dei som «trår etter sølv, som er huga på strid» (ib v 31).

Kristus gjev oss skaparverket tilbake og overvinn Fienden som hindrar oss i å ta i mot alle Guds gåver. Dei åndelege gåvene er karismane, nådegåvene, som han gjev til kyrkja så ho kan leve og utføre si teneste.»Krigsbytte» som Kristus har rana frå fordervsmaktene og stelt i teneste for rettferda.

Døden, synda og demonen kan synest sterke i livet vårt, i kyrkja og i verda. Men Kristus er Den sterkare. Han utrustar og opprettheld kyrkja – som eit teikn på at han skal nyskape heile universet.


0 Responses to “officium: Helgetorsdag/Kristi himmelferd, Efes 4,1-24 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: