Det er fint å vere her. Den store kyrkja gjev klangrom for korbøna. Mange av brørne her er studentar; unge røyster gjer songen lett og samtonande. Alle tidebønene vert sungne. Eg kjenner att smaken i den franske utgåva av Salmane. Dei stille romma mellom halvversa i salmodien (resitasjonen av dei bibelske salmane); rytmen, dei felles rørslene når ein reiser seg, bøyer seg djupt under Gloria Patri og under den avsluttande kollektbøna.. Kropp og sjel samlar seg i Guds nærleik.
Ute er det disig sol – og ganske kjøleg; berre sju-åtte grader. Men det var varmt for nokre dagar sidan, så alt er i full grønske.
Eg les meg inn på det eg skal skrive. Eg er i gang.
Meget bra, dette! Det høres ut som en aldeles utmerket ramme for fordypning i studier og bønn, omgitt av faste tidebønner, skarp vårluft, skarpe hoder…; slik bør en leve!
Hils fr. Haavar Simon. Han er der, er han ikke?
Pax.
Et spørsmål: jeg har deltatt på noen tidebønner i luthersk sammenheng: i DELK i Bergen, i Laurentii-stiftelsen i Lund, Sverige og i Nidaros. I Sverige bøyde endel seg under Gloria Patri, og jeg lurte (inni meg) på bakgrunnen for dette. Ikke det at det virket galt, bare veldig uvant for meg.
Eirste: Takk for helsing! Fint her, ja. Behov for å kvile den fyrste tida. Tur til havet sundag, det gjorde godt. Store horisontar. Skal helse fr Haavar! Han skal sannsynlegvis vere i Oxford (Blackfriars) dei to neste åra…
Marit: Å bøye seg djupt er ei liturgisk rørsle som uttrykkjer respekt og tilbeding. Mennesket er skapt kroppsleg og uttrykkjer seg med kroppen. Liturgien verkeleggjer dessutan det du les i Bibelen: at vi skal bøye oss for Gud, eller til og med kaste oss ned med andletet mot jorda, elller lyfte hendene. Det åndelege livet og liturgien er ikkje abstrakt, men konkret.