02
Mai
10

discursus: «Fridom eller nihilisme – fridomsomgrepet og menneskesynet»

Foredrag på Rørosseminaret, 18. april. Seminartemaet var: «Friheten og dens grenser». Ulike foredragshaldarar frå akademia og samfunnslivet. Tematikken liknar på andre tekster eg nyleg har lagt ut (nedanfor), men det var desse saken som stod i sentrum nettopp no…

Innl.

Vyrde seminaristar! Brør og systre! Takk for invitasjon til å delta her – ei stor glede, sjøl om eg lurte på om mot og krefter skulle halde etter tumultane som har vore på min banehalvdel, den katolske kyrkja, den siste tida. Vonar likevel at eg kan ha noko å tilføre på det temaet som eg har fått tildelt. Det vil bli eit perspektiv på forståinga av fridomen – ut frå det som særleg er min referanse; ikkje berre katolsk/kristen tradisjon i og for seg, men utfrå den monastiske tradisjonen, dei kjeldene og overleveringane som kloster- og ordenslivet representerer. Og litt sunnmørsk.

Eit krsitent perspektiv

Det kristne – i vid forstand katolske og ortodokse perspektivet – er viktig å ha med. For det er mogeleg å sjå heile fridomsomgrepets historie, både teoretisk og praktsk, som ein dialog med- og t o m ein konfrontasjon med det kristne tradisjonen. På mange måtar kan dei siste par hundre åra også lesast som historia om emansipering, om frigjering frå kyrkja og kristendomen; fridom forstått som opposisjon til kristen arv og kyrkjeleg autoritet. Vestleg kultur- og idéhistorie, er på mange måtar ei teologisk informert historie. Finst det eit alternativ til den kristen livstolkinga, individuelt og kollektivt?

Det er dette har ein så intenst har pusha og prøvd ut – og på mange måtar er det ein emansipasjon og ei ut-testing som har kulminert, som er ved vegs ende, eller i alle fall i ei slags krise eller i ein tenkepause. Vart det slik som vi tenkte. Vi er kvitt kyrkja, men kva no? Kva fekk vi i staden?

Når det i dag er tale om fridom, er det mest tale om dei liberale rettane, om den negative fridomen. Fordi det er lettast å lokalisere og formulere. Men det demrar for oss at det ikkje er nok. Denne erkjenninga er vel noko av bakgrunnen for vårt seminartema. Vi byrjar å spørje: kva er den positive fridomen? Kva er meininga? Den økonomiske liberalismen er jo også individualistisk tenkt: Det skal vere ferrast mogeleg grenser for kva eg kan nyttiggjere meg. Det er trua på egoismen som positv dynamikk. Foredraga og innlegga så langt i seminaret, har understreka for oss at også denne modellen kjem til kort når det gjeld å forstå kva sann fridom er.

Kva er eit menneske?

Då trur eg vi må kome vidare enn til ei mannjamning mellom ”tenketankane”, mellom Civita og Res publica o a skjønt det er også ein interessant etappe. Vi må kome vidare enn til ein debatt for- og imot velferdsstaten. Det er ein viktig debatt, men norsk debatt har så vondt for å kome ut over det. For då møter vi problemstillingar som gjer oss forlegne. Fordi vi så lenge har forsømt dei. Vi må reise spørsmålet om mennesket, om den menneskelege agenten, om sjølve aktøren i kampen for fridom. Det har vi lett for å unngå, å unnvike. Vi kan snakke om tilhøvet mellom fellesskap og individ; men kven er individet? Det vansklegaste og kanskje mest forsømte spørsmålet i dagens samfunnsdebatt er dette: Kva er eit menneske? Politikk handlar om mennesket, samfunnet handlar om mennesket. Korleis skal vi kunne finne målet og driven i politikken når vi ikkje lenger vågar å svare på spørsmålet om kven mennesket er?

Spørsmålet om det humane har sjølvsagt politiske implikasjonar, men det går ikkje opp i det politiske. Tvert om: Det politiske skal tene humaniteten.

I spørsmålet om menneskesynet har vi hamna mellom determinisme og naturalisme på den eine sida – og konstruktivisme og kultur på den andre sida. Noko Eia-debatten har synt oss. Eg vil seie at begge desse posisjonane kjem til kort. Som teolog og truande vil eg fasthalde at det er noko som er ’naturleg’ – og evolusjon kan gjerne inngå i det, sjølv om eg trur det naturlege er djupare forankra enn i ei blind utvikling. Og eg vil fasthalde at mennesket er ein ikkje-determinert, fri, ansvarleg person som formar sitt liv utfrå eigne val, i samspel med andre. Her må vi kunne minne om at det menneskeynet vi tradisjonelt argumenterer utfrå i vår kulturkrins, ligg i lina frå den bibelske, jødisk-kristne (og for så vidt islamske) arven, kobla med det sokratisk- platonske og aristoteliske menneskesynet, ikkje minst formidla gjennom Augustin og Thomas. Innslaget frå antikken har lagt meir her enn i det meir epikureiske og hedonistiske synet.  Som kanskje gjer seg  meir gjeldande i våre dagar. Her står vi ved eit vegskilje, ved eit val.

Dygdene og lastene

Grunnleggande i denne antropologien er synet på dygdene og lastene. Det finst fundamentale lover, både som uskriven naturrett og som spesifikk tradisjon, som tekst, som sed og skikk. Men tanken er at mennesket gjer godt når det er godt; eit godt tre ber god frukt; at mennesket agerer fritt når det har tileigna seg personleg fridom.  Difor er det min påstand at det vi treng i dag, også for å kome til rette med spørsmålet om fridomen – er eit vidare arbeid med dydsetikken.

Det er her eg vil bringe inn den monastiske tradisjonen (klostertradisjonen), – arven frå dei fyrste ørkenfedrene og -mødrene, frå eremittane, asketane og framover i klosterhistoria. Her er det også eit vell av tekster og overleveringar å hauste av. Få skrifter har påverka europeisk samfunnsutvikling som Benedikts regel – eller som dominikanarane sine konstitusjonar og styringsformer, for den del.

Askesen

Aksen i dette livet er askesen. Eit skikkeleg fyord. Det er gresk og tyder øving, rett og slett. I dag er det berre i smb med kunstnarleg og sportsleg innsats at vi skjønar dette har noko for seg (eg har høyrt at idrettsutøvarar ikkje skal ha sex like før konkurransen, f ex.., kanskje eit tips om at sublimert sex ikkje er så dumt, i alle fall virkningsfullt..). Dei monastiske mødrene og fedrene gjer det heilt klart at berre det asketiske mennesket er fritt. Askesen skal sjølvsagt tilpassast det livskallet du har; klosterlivet har sin askese, med det har også ekteskapet og andre livsformer. Berre den den som har koll på sine pasjonar, sine lidenskapar, sine drifter, sine apetittar, er fri. Både individuelt og politisk forstått. Pasjonane, driftene, kroppen,  eros – alt det er positivt, livets drivkrefter. Men det må styrast. Ikkje som pålagt tvang utanfrå, men som fritt, sjølvpålagt regime. I klosterlivet innber dette sjølvsagt at du fritt påtar deg dei monastiske lovnadane (fattigdom, lydnad, sølibat/kyskleik), observerer klosterregelen, lever i samråd med ein mentor… Åleine eller i fellesskap. Som anakoret (einebuar) eller coenobitt (i kommunitet).

Det er det djupare målet og meiniga for livet ditt som skal bestemme korleisa du forvaltar dine resursar, di livskraft, din libido, din eros. Då må du skjøne at alle kreftene, alle momenta, i livet omkring deg, rettar seg mot- og apelleerer nettopp til din kroppslege behov. Alt attakerer deg, frambyr seg, anbefaler seg og seier: Du treng dette, du treng hint, du treng meir, du treng endå meir, endå noko anna osv. Det er ikkje vanskeleg å applisere dette på dagens konsumsamfunn. Eg vil seie at utan asketisk tileigna fridomm, er du også lamma som politisk menneske. Du kan berre verke til det felles beste, dersom du ikke er underlagt alle dei framandgjerande mekanismane som du heile tida gjev etter for fordi du ikkje har koll på dine pasjonar, dine behov.

Det er ikkje utan grunn at dei antikke filosofane også låg på denne lina; filosofi, søken etter visdom, myndig deltaking i polis – det fordra askese. Sjølvkontroll. Forenkling.

Phroenesis og sophia, dømekraft og visdom

Skal askesen utøvast, er det to dygder som må vere på plass: Dømekraft og visdom; phroenesis og sophia. Du må kunne bedømme situasjonen, bedømme dine resursar, bedømme kva du tålet, kva du treng. Kroppen og pasjonane skal ikkje behamndlast destruktivt. Det finst feilslått askese (det finst skihopparar som blir anoreksiske, for å seie det slik). Kroppen er god, men det er rettferda og kjærleiken han skal tene.

Og så må du ha ein standard; ein visdom. Det som definerer målet for øvinga, innhaldet i livet. Då er vi tilbake til det eg særeleg etterlyser dag:  Synet på menneslet, det antropologiske: Korleis kan vi operere med mennesket som ein fri og ansvarleg agent utan ei eller anna  metafysiske forankring?  Det fist sikkert mange modellar for dette; i den jdiks/kristne tradisjonen er mennesket imago dei, Guds bilete.

Kva er då eit menneske sidan du kjem det i hug, eit menneskebarn sidan du tek deg av det? Du gjorde han lite ringare enn Gud, med ære og herlegdom krona du han (Sal 8).

Og dette mennesket er eit mysterium, ein løyndom:

Du har skapt mitt indre, du har vove meg i mors liv. Eg takkar deg fordi eg skapt på skræmeleg underfull vis… Du såg meg då eg var eit foster, i di bok vart alt skrive opp; mine dagar fekk si form før ein einaste av dei var komen… Det er for underfult ti å skjøna, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det (Sal 139).

Mennesket er Guds augnestein, Gud blir menneske for at mennesket skal bli gud – divinasjonen, det er målet  slik ørkenfedrene, slik den monastiske teologien ser det. Vel å merke: Ikkje slik at mennesket erstattar Gud; nei det får del i  Gud, men det beheld sin solidaritet og sin einskap med sine medskapningar. Saman med løva, grevlingen, steimnbukken og villesla, slik det står i Salme 104; ja saman med alle elementa, med heile kosmos.

Det finst andre måtar å formulere det på; og det må arbeidast med å formulere eit mål for mennesket, basert på kva mennesket er. Dette er ikkje lett i eit samfunn som vårt; eg trur ikkje at statlege organ kan definere og tilby ein menneskeleg visdom som vi kan leggje til grunn for vår søken etter fridom utover dei liberale rettane. Livssynsspriket er for stort. Hugs korleis det gjekk med Verdikommisjonen. Det må vere plass for djupare tradisjonar – og dei må leve saman,  diskutere, samtale, belyse og kanskje korrigere og supplere kvarandre. Eg trur vi er kultursituasjon -i alle fall på danningsplanet, og det er eigentleg det eg snakkar om her –  der dei store offentlege instiitusjonane ikkje leverer lenger. I allke fall ikkje godt nok; dei står i fare for å bli fabrikkar, frå akademia og ned til grunnskulen. Difor treng vi eit mangfald av miljø, av seminar, av Rørosseminar, av frie, drøftande og innsiktsfulle forum. Ikkje som instrument for regimet, men nettopp som frie forum. Folkehøgskular, høgskular og ”djupskular” – som nokon her har starta – kloster, fornying av folkeakademia, kort sagt: Ei bylgje av danningsinitiativ, meir nedanfrå og frå sida enn ovanfrå.

Kunnskap og visdom må omfatte praksisar som gjer at mennesket kan lære å kjenne sitt eige mysterium, si eiga gåte, slik at det kan verne det og verje det og ikkje bli hersa med av sine eigne drivkrefter og ved alle dei eksterne kreftene som heile tida jagar etter oss. Mennesket må igjen bli filosof og asket – som Vetlesen[i], hadde eg nær sagt. Eller munk for den del.

Ivar Aasen var eit fritt menneske, trur eg; ikkje alltid like lukkeleg på overflata, men likevel. Han sat i si celle, hadde eg nær sagt, i Pilestredet, og tenkte tilbake på det som hadde forma hans liv og eg vil gjere hans ord til mine:

Sæl var eg at eg kom i gode grender/ der dygd og sanning var til nokot vyrd/ og at eg fram vart leidd på milde hender/at læra meir om mannsens skyld og byrd.

Å kjenne «mannsens skyld og byrd» – det er vegen til fridom.


[i] Arne Johan Vetlesen, filosof. Foredragshaldar i same sesjon på seminaret.


2 Responses to “discursus: «Fridom eller nihilisme – fridomsomgrepet og menneskesynet»”


  1. 1 MT
    mai 11, 2010 ved 6:33 am

    Interessant å lese !

  2. mai 11, 2010 ved 3:47 pm

    Takk! Alle foredraga på Rørosseminaret blir publiserte i eit skrift/ei bok, trur eg…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: