01
Apr
10

homiletica: skirtorsdag, 1/4-10, St Dominikus krk, høgmessa om kvelden

..homilie  ved den høgtidlege messa for innstiftinga av evkaristien, der prioren (som presiderer og preiker i denne messa) også vaskar føtene til brørne og andre. Ved slutten av messa blir sakramentet bore, dekt av velum, i prosesjon og med røykjelse, til sidealtaret medan folket syng: «Pange lingua glorioso» (Pris, mi sjel, det brød som lyser) og «Adoro te devote» (Deg eg tilbed, guddom). Utover natta er kyrkja open for bøn og tibeding etter at Jesus avskilstale er lesen…

Kjære brør og systre!

Skirtorsdags kveld feirar kyrkja innstiftinga nettopp av den heilage messa, av evkaristien. Herren feira den siste nattverden og gav eit påbod, gav ei innstifting, til sine apostlar og til alle som skulle vidareføre deira teneste, ja, til heile kyrkja: Gjer dette til minne om meg. Det vi seie: Ved å gjere dette, blir mitt krossoffer nærverande, proklamert, manifesteret, gjort gjeldande – for dykk, for Gud, for heile verda, for all skapningen. Som den hl Paulus seier, som vi høyrde i den andre lesinga: Hver gang dere spiser dette brød og drikker dette beger, forkynner dere Herrens død, inntil han selv kommer (1 Kor 11,23-26).  Messeofferet er nettopp dette: At vi framber og forkynner Jesu Kristi sonoffer for oss, for levande og døde. At vi deltek i hans øvsteprestelege forbøn som han forrettar i det himmelske templet, for Faderens åsyn, der han alltid lever og går i forbøn for oss (Hebr 7,25)!

Dette offeret er sentrum i messa, i kyrkja sitt liv , ja i verda og i all skapningen. Krossen – og dermed krossofferet –, er  engelens vei og Jakobs stige, seier presten Hippolyt slik vi las det i dagens matutinlesing; det holder alle ting oppe, støtter alt, er jordens pillar.. Ja, den overgjevande kjærleiken – det er hjartet i alt som er, Guds eige hjarte, Guds eigen kjærleik, vist for oss og levd for oss i Sonen, Jesus Kristus.

Difor heng også fotvaskinga så nøye saman med evkaristien, med nattverden. Jesus innstiftar ikkje berre messa, nattverdfeiringa, på Skirtorsdags kveld; han innstiftar ogs kjærleikens handlingar, kjærleikens handlingsmønster: Det er et eksempel jeg har gitt dere, og hva jeg har gjort for dere, skal også dere selv gjøre. ”Gjer dette” – det gjeld ikkje berre nattverden, det gjeld også kjærleiken. Ikkje berre messa har Meistaren innstifta, men også diakonien, den tenande kjærleiken, som ein grunnleggjande del av kyrkja sitt liv. Liturgi og diakoni kan aldri skiljast frå kvarandre; Jesus har sjølv bunde dei saman den natta han vart sviken, den natta han vart overgjeven; natta som enda i Getsemane der han overgav seg sjølv, ikkje som eg vil, berre som du vil… Det er kjærleikens vesen.

Det er denne kjærleiken vi les om hos apostelen når han seier at kjærleiken held ut alt, trur alt, toler alt (1 Kor 13). Men vi kan ikkje bruke kjærleiken som unnskyldning for å gjere kva som helst, for i den same kjærleikens høgsong heiter det også: Kjærleiken gjer ikkje noko usømmeleg, han søkjer ikkje sit eige… han gleder seg ikkje ved urett, men han gleder seg ved sanninga.

Dette er det særleg grunn til å huske denne høgtida. Påske er bot – og denne stille vika og påske er det blitt smerteleg tydleg. Ikkje minst for presteskapet – for Skirtorsdag feirar vi også at prestetenesta vart innstifta då. Vi som har fått overgitt den heilage tenesta, treng ikkje minst ein skirtorsdag- ei skirsling, ei reinsing, av vårt liv. Krkja må la seig reinse, som Herren sa til Peter: Får jeg ikke vaske deg, har du ingen plass hos meg.

Brør og systre! De heilage natta som vi no går inn i, er ei tid for realisme, for å vake. Vi lever i ei tid då vi må velje på nytt, vite kva vi vil, kome ut av gråsonene. Vi må innsjå at det er noko som må forsakast, gjevast avkall på – og det kan berre skje på ein konstruktiv og positiv måte, dersom det er noko som er endå viktigare for oss enn det vi forsakar. Apostlane rømde når det blei for vanskeleg å fylgje Herren. Men dei kom tilbake, dei forstod kallet sitt seinare. Og då stod dei fast, heilt inn til martyriet.

Kristus er vårt liv, vårt livsinnhald, vårt livsmønster. Difor seier vi i kveld, om enn stammande:

Din o Jesus, din å være/er min lyst og all min ære/ din i liv og din i død.



Reklame

0 Svar to “homiletica: skirtorsdag, 1/4-10, St Dominikus krk, høgmessa om kvelden”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: