Arkiv for mars 2010



04
Mar
10

officium: torsdag, 2. vika i faste, 2 mos 18,17-27 (matutin)

«Dei skifte rett mellom  folket til kvar tid» ( v 26)

Moses fekk råd av verfar sin om å skaffe seg hjelparar i domararbeidet. Rett måtte skiftast. Israel tok form som eit rettssamfunn.

Rett høyrer saman med rettferd. Det gode er meir enn kjensler og synsing. Det skal vere konsekvent handling. Det skal hevdast og vernast. «Med lov skal land byggjast/ og ikkje med ulov øydast».  Ikkje minst arven frå Israel har lært oss dette.

Reklame
03
Mar
10

officium: onsdag, 2. vika i faste, 2 Mos 17,1-17 (matutin)

«Dei murra mot Moses og sa: «Kvifor har du ført oss opp frå Egypt?» (v 3)

Bibelen  fortel både om djup underkasting og om protest i  mennesket sitt tilhøve til  Gud. Begge deler har sin plass – medan vi ofte har eit gudsbilete som korkje kjenner den djupe agen for Gud eller den forventinga som reknar han som sjølve kjelda for livet. Vi har skaffa oss ein «midt-på-treet-Gud». Ikkje ein gong protesten er heilt alvorleg meint; det er meir ei likesæle eller ei kjensle av irrelevans. Gud passar ikkje lenger til våre tankar og vårt livsmønster.

Mennesket som vurderer Gud. Mennesket som har mist synet for dimensjonane; at det er ein skapning og at Gud er Skaparen.

02
Mar
10

officium: måndag, 2. vike i faste, 2 mos 14,10-31 (matutin)

«Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille» (v 14)

Midt i forteljinga om Guds dramatiske inngrep, evakueringa av Israel frå slavekåret i Egypt, står desse orda som ein søyle av fred. Tonen er slått an for heile Guds frelsesplan, både med Israel og med oss. Det spektakulære og sensasjonelle er ikkje poenget, men trua som tillit og forventing. Utan at Moes og folket hadde lært dette, ville ikkje utferda, exodus, blitt ei verkelg røynsle av Guds frelse.

Sjølv på det ytre planet, med eit heilt folk som «elevar», er Guds veg med Israel ein pedagogikk, ein trusveg, ei åndeleg og moralsk vandring. Gud ville få folket til å skjøne «kva som budde i hjarta», og syne det «at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn» (5 Mos 8,3).

Grunnlova for alt Gud gjer i livet vårt, er den stilla som er å vere totalt avhengig av Gud, sjølv når livet stormar eller brusar rundt oss.




kategoriar