31
Mar
10

officium: tysdag, den stille vika, hebr 12,1-13 (matutin)

«Lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så let for å hanga ved oss» (v 1)

Motivet er henta frå den antikke friidretten; sprintaren må kvitte seg med unødig vekt og bører så han kan løpe lett og kome i mål.

Vi slit med mykje tungt i livsløpet og trusløpet vårt. Suter, distraksjonar, vonde minne, synder… Det krev mot for å kvitte seg med det. Vi må sleppe taket. Men det er mogeleg. Sutene og problema kan vi kaste på Gud i bøna. Heller ikkje syndene  treng vi å dragse på. Alt kan tilgjevast og leggjast bak.

Om vi vågar.

Reklame

2 Svar to “officium: tysdag, den stille vika, hebr 12,1-13 (matutin)”


  1. 1 Karl Otto Welle
    mars 31, 2010 ved 5:45 pm

    Gode Arnfinn Haram. Eg set og les din tekst onsdag kveld. Og eg tenkjer at dette var godt å lese, no rett før høgdepunktet i påska. Du skriv: «Lat oss legge av alt som tyngjer, …» Men det er vel ikkje til å komme frå av vi av og til må bere ei bør over eit visst tidsrom, over ein viss distanse, før vi er framme ved målet og kan ta av børa. Tenk berre på Jesu si lidingssoge no i påska. Må vi ikkje berre godta at det kan vere Guds vilje at vi skal prøvast over tid av og til, før børa kan takast av? Har du synspunkt på korleis ein skal halde motet oppe, når ein kjenner på ei bør som er der, og som ein inderleg skulle ønskje at ein kunne få ta av seg? Må vi berre forsone oss med at dette også er Guds vilje?

  2. mars 31, 2010 ved 8:18 pm

    Å bere sin kross eller å bere ei bør for andre – det er noko anna enn «det som tyngjer». Det eigentleg tyngjande er mismotet, redsla, forbitringa, det dårlege samvitet, skamma… Det er dette vi skal sleppe å dragse på. Fikseringa på det negative. Gje det til Gud. Då kan ingen ting truge oss.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: