26
Mar
10

officium: fredag, 5. vike i faste, hebr 7,11-28 (matutin)

«Alt dette vert endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek» (v 15)

Jesus er prest, konge og profet. Men han er prest på ein annan måte ein dei gamaltestamentlege prestane. Han er ikkje av Arons «orden», men av Melkisedeks. Han ber ikkje fram dyreoffer gong etter gong i ein jordisk heilagdom. Han ber fram seg sjølv, på Golgata og i det himmleske templet. Mange polemiserer mot at den nye pakta, kyrkja, skulle ha eit eigentleg presteembete -fordi ein tenkjer offerpresten som identisk med det levittiske og aronittiske prestedømet.

Prestenenesta i kyrkja er ikkje ei offerteneste som den gamaltestamentleg – og likevel er det ei offerteneste. Fordi presten representerer Kristus. I den heilage messa stig vi inn i Jesu Kristi evige presteteneste i himlen, i hans store forbøn for alle menneske.

Reklame

14 Svar to “officium: fredag, 5. vike i faste, hebr 7,11-28 (matutin)”


  1. 1 janstoks
    mars 29, 2010 ved 8:12 am

    Hei Arnfinn.
    Etter å ha fulgt bloggen din en stund er det noe som slår meg… Hvorfor så mye teoretisk teologi, men så lite relatert til den levende hverdag. HVORFOR så lite relatert til den aktuelle situasjon? http://bit.ly/coApfk «Fordi presten representerer Kristus. I den heilage messa stig vi inn i Jesu Kristi evige presteteneste i himlen, i hans store forbøn for alle menneske.» Store ord uten å ta reservasjoner gir meg følelsen av å ferdes i ideenes verden snarere enn i den menneskelige virkelighet. Muligens er bloggen beregnet til innvortes bruk for de som kan komme med bifall, og ikke som en tenketank for frier betraktninger omkring bibel og gudstro? Er avkallet på den kritiske og spørrende tanke omkostning ved det tilbaketrukne liv i en forpliktnende konfesjon?

  2. mars 29, 2010 ved 10:14 am

    Hei, ja!

    Takk for respons! Trur det er viktig å forstå at denne bloggen har ulike kategoriar. «Officium» er fyrst og fremst tenkt som ein postiv, teologisk refleksjon /meditasjon. Sjølsagt kan kommentararne ta opp spørsmål, men sjølve spalten skal ha eit meir kontemplativt preg, med bakgrunn i det livet eg lever med desse tekstane i klosteret. Alle vil skjøne at alt har si tid, sin plass; det gjeld både i personlege relasjonar og elles. Det finst ulike genrar; heller ikkje eit dikt er ein kronikk.

    At du kjenner deg i «idéenes verden» i det eg skriv ovanfor, er ikkje så dumt, fordi den åndelege røyndomen også er noko som sprengjer grensene for det reint dennesidige. Særleg Hebrearbrevet førutset det greske/platonske synet på røyndomen, kobla samam med bibelsk tenkjing. Både i Bibelen og i den greske tankegangen er «idéenes verden»/den usynlege verda høgst verkeleg, ja , ein føresetnad for å forstå og å forhalde seg til den konkrete/synlege verda. Det er nokså vanleg å polemisere mot dette. Sjølsagt er ikkje avvisinga av den åndelege verda meir «nøytral» eller «ufilosofisk»; det handlar berre om ein annan filosofi, som ser det metafysiske som uverkeleg og uviktig. Liturgien i kyrkja (at vi stig inn i Jesu Kristi prestedøme osv) er like «verkeleg» som noko anna. Å benekte det, ser eg som ein fyrst og fremst som ein filosofisk fordom. Himlen er like verkeleg som jorda, for å seie det slik.

    Akutelle problem tek eg også opp til drøfting på bloggen, i spaltar som «nota bene» og «discursus». Her kan det vere diskusjon både av kyrkjelege og samfunnsmessige tilhøve. Bloggen går sin gang, men har ikkje fyrste prioritet, så eg har valt å legge ut «officium» som ein meir regelmessig/dagleg post, medan meir kommenterande og diskuterande stoff blir tatt opp når eg har tid og høve til det. Dessutan er eg skribent i mange fora utanom bloggen, både kyrkjelege og sekulære.

    Kvar du har dine idéar frå om mitt «tilbaketrukne liv» og kva eit slikt liv evt dreiar seg om, lurer eg nok litt på… At mitt liv knyter seg til ein «forpliktende konfesjon», står eg sjølsagt heilt og fullt inne for og ser det som noko eintydig positivt. Då veit du kvar du har meg.

    Men kom gjerne igjen med tankar i kommentarstoffet og kommentarspaltane i bloggen!

  3. mars 29, 2010 ved 1:15 pm

    PS Når det gjeld linken ovanfor i ditt innlegg, om sexskandalane, har eg alt hatt ein kronikk om det i Aftenposten sist tysdag – og dessutan vore intervjua i Dagsrevyen sist sundag.

  4. 4 Olav
    mars 29, 2010 ved 10:19 pm

    Hei igjen Arnfinn.

    Jeg så denne repotarsjen i Dagsrevyen.
    Det er tragisk det som har skjedd !
    Men vi føler at det samtidig er sterke krefter som benytter dette til å gi Den Katolske Kirke et «enda større sår» og skape et udelt negativt bilde for å sverte kristennavnet.

    Derfor ber jeg og flere med meg for dere i denne vanskelige tiden.

    Hilsen Olav.

  5. 5 Wenche
    april 1, 2010 ved 11:04 pm

    Den kronikken i Aftenposten skulle eg likt å lesa. Kan du leggja han ut her?

  6. 6 Wenche
    april 2, 2010 ved 1:16 am

    Du, fr Arnfinn, var tydeleg på Dagsrevyen, men eg kan ikkje seia det same om biskopen din: «… de troende i Norge og Skandinavia erfarer en del kjensgjerninger om overgrep her med vantro …»

    Nå har me høyrt om overgep frå katolske prestar i lang tid, og så er dei truande katolikkane i Noreg og Skandinavia framleis vantru! Ja, han sa meir òg i intervjuet. Alt var ikkje like dunkelt sagt som dette…

    Nei, Olav, her må ein ikkje gjera alle kristne til offer. Her trengst det særleg å be for dei som har blitt utsette for overgep, for psyken og for livet deira og for at dei må bli verande i trua. Det er det slett ikkje sikkert at dei greier når presten sjølv, som representerer Kristus, svik.

  7. april 2, 2010 ved 2:47 am

    Hei,
    bare innom for å si god påske!
    Apropo misbruk av unge gutter, kar man ikke ta sølibatet opp til debatt og reform?

  8. april 2, 2010 ved 11:52 am

    Hei, igjen. Leste kronikken din. Den var tydelig og ryddig. Takk for den!

  9. 10 Olav
    april 2, 2010 ved 7:45 pm

    Til Wenche.
    Selvfølgelig trenger offrene for overgrep størst medfølelse og mest forbønn (de er også en del av Kirken), men forbønn trenger også HELE Kirken for at de skal kunne takle denne krisen på best mulig måte.

    Hilsen Olav.

  10. 11 Wenche
    april 2, 2010 ved 8:46 pm

    Olav: Fint at du etterkvart kjem til den konklusjonen at offera skal ha mest medkjensle og mest forbøn. Men kva meiner du eigentleg med å takla krisa på ein best mogleg måte?

  11. 12 Olav
    april 3, 2010 ved 7:34 am

    Jeg ber om at Kirken må framstå med visdom !
    Se Jakobs brev 3.17 om den visdommen som kommer ovenfra.
    Den er først og fremst ren osv.

  12. 13 Wenche
    april 3, 2010 ved 12:15 pm

    Fr Arnfinn har før ein gong sagt dette her på bloggen:
    «Visdom inneber å gje plass til ettertanken. Å gje sanninga rett, sjølv om det er audmjukande. Du må overvinne hovmodet i deg og opprøret mot det du veit er rett.»

    Det, tenkjer eg, er tale til den katolske kyrkja nå.

  13. april 3, 2010 ved 1:13 pm

    Har eg sagt det? Uansett; det er sant.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: