«Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen» (v 19)
Hebrearbrevet ser den jordiske røyndomen i ljos av den himmelske, tida i ljos av æva. Det er bibelsk – og også noko som ikkje minst den greske filosofien hadde innsikt i. Den åndelege, usynlege verda ber den synlege. Jesu Kristi offer er verkeleg fordi han døydde verkeleg, på jorda, i tida, men endå meir fordi han gjekk inn i det himmelske templet «og opna vegen for oss».
Alt i tida og livet vårt skifter, vaklar, endrar seg. Men ved trua har det ein basis i det evige. Ein grunnvoll som held: Jesu frelseverk som ikkje går ut på dato. Bylgjene går høgt, men ankeret held.
Godt å bli minnt på at ankeret held.
Ynskjer deg ein fin kveld.