23
Mar
10

nota bene: Danningskrise

..om danningskrisa på universitetsnivået. Fyrst publisert i Signert-spalten i Klassekampen, laurdag 20. mars…

Det multikulturelle samfunnet medfører mange utfordringar. Særleg  dersom ein skjønar at det er ein realitet og ikkje berre ein idé i hovudet til multikulturalistane. Det multikulturelle dreiar seg ikkje lenger om eit slags triveleg folkloristisk mangfald, men om reelle ulikskapar i livssyn og levemåte, om motsetningar og brytningar.

Denne pluralismen påverkar synet på danning og opplæring, ikkje berre i grunnskule og vidaregåande skular, men også på universitets- og høgskulenivået. Den akademiske kulturen er sjølvsagt meir innstilt på mangfald og meiningsbryting som ein del av danninga enn det som vil vere tilfelle i skuleverket. Likevel er universitetet ein instutisjon som har blitt utforma i nøye samspel med den nasjonale kulturen elles. Det har også knytt den akademiske utdanninga nært til byggjinga av nasjonen både intellektuelt og praktisk. Etos og målsetjing i universitetet har vore i samklang med dei nasjonale fellesverdiane.

Etterkvart har det fleirkulturelle oppbrotet nått også den høgre utdanninga. Vi merkar det på spenningar og motsetningar som ikkje er reint faglege og akademi-interne, men stadig meir ideologisk informerte. Konfrontasjonen mellom den nye naturalismen og den meir tradisjonelle kultur- og miljøfokuseringa, slik Eias ”Hjernevask” har sett det i scene, er eit døme på akademisk tematikk med nervesystem innover i heile samfunnet.

Spørsmålet reiser seg altså meir radikalt: Kva er målet med den høgre utdanninga? Finns det berande og sterke idéar som gjer den enorme kompleksiteten eit moderne universitet må vere, til noko einskapleg? Finns det ein syntese som både studentar og lærarar er motiverte av? Tek den akademiske verksemda  sikte på å danne, ikkje berre utdanne? Då kjem filosofiske, etiske og jamvel religiøse grunnspørsmål på tapetet. Og dermed ulikskapane og spenningane i det faktiske samfunnet.

Uvissa om kva det akademiske danningsidealet skal vere i dag, meiner eg er ein medverkande årsak til ”industrialiseringa” av universitetes- og høgskulesystemet. Det var sikkert på sin plass med noko av den effektiviseringa som den noverande modellen legg opp til. Men inntrykket festar seg av eit system som meir og meir vektlegg det kvanitative og kvantifiserbare ved utdanninga; sjølve den akademiske produksjonen. Situasjonen er mykje den same i tilsvarande samfunn som det norske. Fleire stader oppstår det også difor alternativ til statsinstitusjonane. Det veks fram ein underskog av studieformer og studiemiljø som er meir og mindre uavhengige av det statlege akademia.  Den moderne informasjonsteknologen og globaliseringa endrar vilkår for å drive undervising og for å studere. Likeins den stadig sterkare dominansen av engelsk som det nye lingua franca også på dette området. Alt  i alt mogeleggjer dette studiar som er meir uavhengige av geografiske basar. Nye nettverk av lærarar og studentar oppstår; ein kan møtast, men det treng ikkje å vere knytt til dei administrative sentra, til den tradisjonelle campusen. I India og Kina blir no den høgre utdanninga bygd ut i ei takt og i eit omfang som får våre heimlege tilhøve til  verke bittesmå. Studentar vil i framtida vere noko ein konkurrerer om på ein internasjonal arena.

Dette kan bli ein utveg for miljø som vil prøve å møte danningskrisa i akademia. Det er ei krise som særleg råkar dei humanistiske faga. Det er gjennom humaniora dei dannande og integrerande kunnskapane er tydlegast tematiserte. Skal danning lukkast, må ein i det minste ha ei oppfatning om kva mennesket er. Ein kultur der dette er blitt utydeleg og omstridt, vil det difor vere vanskeleg å vedlikehalde eit fungerande danningsideal. Då ligg vegen dess meir open for å instrumentalisere mennesket, in casu studenten og læraren, som ein økonomisk nyttegjenstand slik samfunnskreftene  til ei kvar tid har bruk for det. Er det ikkje eit slikt unversitet vi er i ferd med å få?

Når bastionane fell, vil det skape opne rom for miljø og kulturar med stadig intakte danningsideal, med filosofiske og etiske tradisjonar ein kan stå saman om.  Dette gjeld ikkje minst dei store religionane og livssynsgruppene. Ofte har desse også vide internasjonale  forgreiningar som nettopp matchar globaliseringa og moderniseringa av utdanningsfeltet. Ein katolsk student kan studere på Voss, kommmunisere med sin rettleiar i Roma og møte medstudentar i San Francisco. Og heile tida vere innanfor ein felles danningshorisont.

Menneskeleg danning trengs og vil bane seg nye vegar. Hegemonia vaklar og David vil igjen vise seg sterkare enn Goliat. Fordi han har noko å tru på.

Reklame

3 Svar to “nota bene: Danningskrise”


  1. 1 janstoks
    april 1, 2010 ved 9:54 am

    Hei igjen!

    Vil spalta di bestå etter dette? http://www.katolsk.no/nyheter/2010/04/01-0004.htm
    Regner med at dette er ein aprilspøk siden dato er 1. april??

  2. april 1, 2010 ved 11:08 am

    Ja, du kan lure… Eg meiner ein burde ta steget fullt ut og gå tilbake til pergament og blekk, og brevdue som postbod. 🙂

  3. 3 janstoks
    april 1, 2010 ved 11:16 am

    Det er i alle fall bærekraftig utvikling….eller avvikling..:)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: