«Han kledde henne med reint gull..» (37,2)
Pakta er inngått, tabernaklet skal lagast, paktskista med steintavlene skal setjast inn, ljosestakane skal på plass, kjerubane likeeins – og alt strålar av gull. Ein talent – 34 kg – reint gull berre til stakane og dei heilage reidskapane!
Vår snusfornuftige moral reagerer; gudsdyrking skal ikkje koste noko, skal ikkje vere påkosta. Liturgien skal vere kjip. Gud er Gud, han treng ikkje noko.
Er du så sikker på det? Han elskar og vil bli elska. «Tre kongar kom frå Austerland/ Gull, røykjels», myrra gav dei han. Halleluja, halleluja!»
Snusfornuft? I Nepal får to av ti kvinner fødselshjelp av helsepersonell. Mange kan ikkje fø på sjukehus, sjølv om dei bur i hovudstaden, for dei har ikkje pengar til å betala for seg.
Eg trur ikkje det er det vakre i Guds hus som trugar dei fattige; då heller den enorme private overfloda i samfunnet. Utsmykkinga av tabernaklet/templet var etter Guds påbod. Vi skal heller ikkje gløyme Jesu ord då ein av apostlane argumenterte mot sløsinga med dyr nardussalve på Jesus føter: «Lat henne vera!…Dei fattige har de alltid hjå dykk, meg har de ikkje alltid» (Joh 12)
Hei (igjen).
Er det ikke en mulighet for at Jesus tekte den kvelden…»Den var litt drøy, den med salven… det er jo riktigere å prioritere nød framfor personlig luksus…» Rokker en slik refleksjon ved fundamentet i teologien, eller kunne det tenkes at Jesus hadde en mennesklig side som gjør en slik tankerekke mulig?
Mvh
janstoks
Dessuten er en kirke også et felles eie i den forstand at du ikke trenger å betale for å komme inn hvis du ikke har penger. Slik kan også de som ikke eier noe omgi seg med Gud kostelighet.
Kirker er ikke «eid» av prester som brisker seg av sin store rikdom, slik myten elsker å la oss høre. Paven «eier» ikke Peterskirken!
Nei, gå heller i rette med de som «eier» økonomien, banker og de ustyrtelig rike, og la
dem høre Guds påbud og ta følgene av det Han sier!
Hilsen Herman
For litt sidan gav eg 500 kr til ei fattig jente i eit fattig land. I dag fekk eg takkebrev. Ho fortalde kva ho hadde brukt (alle) pengane til. Ho hadde kjøpt seg ein gullring! Den skulle ho ha heile livet ut, sa ho, og slik kom ho alltid til å minnast den gåva ho fekk. Det var jo rørande, men mi snusfornuft ville nok ha handla annleis.
Et godt råd til Wenche: Sende heller penger til Caritas – konto 8200.01.93433 – da vil du være sikker på at pengene som du gir til hjelp i uland og katastrofeområder går til noe som er fornuftig ! Se: http://www.caritas.no/
mvh Gunnar
Herlig â hôyre «Halleluja, Halleluja» midt i fastetida! Og den beste historia idag kjem frâ Wenche som fortel om jenta som investerar alt i eit minne om noko fantastisk, eit herlig paradoks!
W og G:
Eg syns at denne jenta må få bestemme sjølv kva ho vil bruke pengane på. Tankene på «Riktige» /»verdige» trengande er litt borgareleg-paternalistisk, syns eg. Menneske har behov også for venleik, for det unyttige, stundom. Jenta trong ringen, trong gleda…Vel unt!
janstoks: At Jesus hadde menneskelege tankar, rokkar ikkje ved teologien, tvert om: vi trur han er fullt ut guddomleg og fullt ut menneskeleg (men utan synd). Og kva er menneskeleg her? Jau, nettopp at han let kjærleiken og venleiken får forrang!
Ok…men du er litt ullen og tvetydig her og gjemmer deg iu Kananspråket om «kjærleiken og venliken», så jeg presser litt til…
Betyr det at DU kan si at Jesus gjorde et feilvalg her? (Dette handler jo om en grunnleggende holdning til fattigdom og fattige, som vel ikke skal være situasjonsbetinget…)
Eg fortalde denne historia nettopp for å gje eit poeng til fr Arnfinn. Eg let berre vera å setja opp stillinga: 1-0. Det var jo heldig at der ikkje følgde instruksar med dei pengane.
Samstundes blir me heile tida minna om kor vanskelege liv mange i denne verda har. Nå til 8.mars hadde me særleg fokus på kvinner sine kår. Då gjeld det å vera (snus)fornuftige. Særleg for menn. Kvinner er ganske gode på det, jf. mikrokreditt.
Gunnar: Eg gjev mest til slike små organisasjonar, der eg betalar mest direkte til dei som skal bruka pengane. Viss ikkje pengane når fram, er der nokon som ikkje får den hjelpa dei kunne fått. Akkurat dette er eg ganske god på, men takk for omtanken.
W: Og takk for poenget 🙂 Som eg nytta, nettopp fordi eg veit at du ikkje handlar «snusfornuftig» når det trengs å vere raus. P d a s er eg samd med deg i at i praktisk sosialt/politsk arbeid trengs det også nøktern «snusfornuft», i god tyding, for at innsatsen skal vere ansvarleg og konstruktiv. Alt til si tid.
Amatør-(ikke-teologisk) kommentar her til innlegg 9 og 10: hadde Jesus avslått å ta imot salven, hadde han såret og skuffet kvinnen som ville gi noe av det beste hun eide. Å slokke andres glede med snusfornuft er ikke nødvendigvis «riktig». Prinsipper kan brytes i enkelte tilfelle! Som fr. Arnfinn sier – «Alt til si tid».
PS. Også viktig for fattige som ofte er/var prisgitt andres gavmildhet å kunne gi selv – det gir selvverd. Og i denne historien vil jeg tro at det også er en teologisk mening i at «fattige» (i jordisk forstand) kan gi like mye sjelelig som alle andre og ikke ligger tilbake for noen. Vet ikke om dette var klossete uttrykt..
Janstoks: «Kjærleik» og «venleik» er vel ikkje «Kanaans språk»? Det er vel noko av det mest allmenn-menneskelege som finst, eller? Uansett: For meg er det sjølsagt heilt utenkjeleg at Jesus skulle ha gjort feil her. Han er menneske, men utan synd. Det burde ikkje vere noko overraskande at ein katolsk prest/munk trur det? Men igjen: For meg er dette verkeleg menneskeleg: å kunne uttrykkje sin kjærleik med gåver – og å kunne motta slike gåver. Er samd med Anne Hedvig; fattige er ikkje «hjelpeobjekt», men menneske – som har behov for på vise og motta generøsitet.