10
Mar
10

homiletica: 3. sund i faste, 7/3-10, st dominikus krk, luk 13,1-9

Kjære brør og systre!

Fastetida er ei botstid. I grunnen er heile den kristne bodskapen ein botsbodskap, og kyrkja sitt kall til verda eit kall til bot. Fordi Jesu bodskap var eit kall til bot. Evangeliet summerer opp hans forkynning nettopp med desse orda: –Vend om – gjer bot – for Himmelriket er nær! Det var det han dro rundt og forkynte, og det var det han sende apostlane ut i verda for å forkynne. Som Paulus seier det: – Vi bed i Kristi stad: Lat dykk forlike med Gud ( 2 Kor 5, 20). Kristi sendebod forkynner slik, , dersom dei vil bli rekna for Kristi utsendingar og bodberar, dei kallar menneska til å vende om.

Dette er ubehageleg og inopportunt i både sekulære og kyrkjelege miljø som helst vil ha bekrefting og oppbacking på det livet dei til ei kvar tid lever. Men til og med katolske kristne treng bot; treng stadig på nytt å forsone seg med Gud og menneske: Kvifor innbyr vi elles til skriftemålet, til ”Forsoningssakramentet”? Eller kanskje er det nettopp ein grunn til at skriftemålet er lite brukt i dag; at vi ikkje syns vi treng å gjere bot?

Det Jesus utfordrar i dag, er nettopp den sikre innstillinga. Det er ikkje berre dei andre som treng omvending; ”galileerne”; med andre ord: tvilsame og usiviliserte eksistensar frå provinsen, uekte israelittar. Nei, seier Jesus, desse er ikkje større syndarar enn andre fordi dei vart ramma av ei ulykke, nei; Å nei! Jeg kan si dere, at hvis dere ikke omvender dere, skal dere alle omkomme som de, høyrde vi. Friske takter, får vi seie. Meistaren talar rett ut.

Så fortel han likninga med fikentreet og korleis eigaren ber gartnaren hogge det ned fordi det ikkje ber frukt: Ta og hugg det ned! Hvorfor skulle det stå slik og suge ut jorden?. Det har stått lenge nok. Nok er nok, også for Gud. Fikentreet er Israel, gudsfolket, særleg dei lærde som skulle ha innsikt i Guds vilje. Det er som Jesus vil seie: Du er Guds tre, Guds frukttre, du skulle bere frukt, vise di tru i ditt liv. Det er ikkje nok å vere eit fint og utvald tre. Det er frukta som tél.

Det er ikkje nok, brør og systre, å tenkje: Eg er er ein ærverdig pater og frater, prest eller biskop, om eg ikkje ber frukt. Det er ikkje nok å tenkje: Eg er ein kristen så god som nokon, i år som i fjor; endåtil katolsk kristen, det må vel hjelpe, det er vel fint?

Heldigvis; gartnaren bed for treet: Herre, la det stå dette året også, så skal jeg spa opp jorden rundt det og gjødsle det; kanskje det da bærer frukt neste gang.  Ja, tenkjer vi, nettopp, Gud er ikkje så streng, han lar seg forhandle med. Vi har tid å gå på. Neste år passar bedre.

Ja, Gud har alt gitt tid; meg har han gitt mykje tid, mykje omsorg, mange sjansar; han har spadd, gjødsla og grave rundt, sett mine forsett, høyrt mine lovnader, sett mine svik. Gud er tolmodig, eg heng med, men eg veit: Alt står og fell med den siste prøva, den siste testen. Kvar dag burde eg ha det for auga; ta fatt i det som må omvendast i livet mitt. Endå lever eg under gartnarens apell: Kanskje det bærer frukt neste gang. Men også under alvoret i orda: Men hvis ikke, får du hugge det ned! Brør og systre! Livet går ikkje rundt og rundt; det går mot eit mål: Mot møtet med Gud, med han som eig vingarden, frukthagen, frukttreet.

Den falske tryggleiken har alltid  vore ein fare i det religiøse livet. Enhver som tror han står trygt, må vokte seg vel  så han ikke faller, høyrde vi i lesinga. Heile Israel blei døypt i havet då dei drog ut frå Egypt, men ikkje alle forblei trufaste mot Gud. Dei miste målet av syne. Mennesket i mellomlalderen levde sterkare i medvitet om Gud og om det evige målet for menneske enn vi gjer i dag. Vi har lært oss å halde Gud på avstand, og vi rosar oss av det. Vi er blitt flinke til  å halde unna alle plagsame spørsmål.

Det kan ikkje vere tvil om at kristen tru og kristent liv lenge har vore i ei djup krise i vår del av verda. I eit gamalt katolsk land som Frankrike går berre 4 % av  dei katolske kristne til messe kvar vike. Det er blitt vanleg, også her hos oss, å avfeie både Guds og kyrkja sine bod. Vi må ta situasjonen på alvor. Skal det snuast, avheng det, menneskeleg tala, av oss. Avheng det av at vi fornyar vårt liv frå grunnen av.  Lat oss ivrig be Kristus og alle dei heilage i himlen, alle gartnarane Gud har sendt oss fram gjennom tidene,  at dei må be for oss, for vårt livstre:

– Herre, la det stå dette året også… kanskje det bærer frukt neste gang!

I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Amen.

Reklame

0 Svar to “homiletica: 3. sund i faste, 7/3-10, st dominikus krk, luk 13,1-9”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: