05
Mar
10

officium: fredag, 2. vika i faste, 2 mos 19,1-119; 20,18-21 (matutin)

«Moses førte folket ut or leiren, til møtes med Gud» (19,17)

No skulle Gud stige ned, no skulle han late sitt nærevere merkast slik at folket kunne sjå og erfare, ikkje berre tru. Som Thomas, som fekk ta på Den oppstadne, så han kunne bryte ut: «Min Herre og min Gud!». Stundom let Gud nokon av sine vitne «sjå», for at vi, her i tida, skal kunne leve i tru.

Anten det er i syn eller i tru -vi er kalla til å gå til møtes med Gud.  Hyrdingane, dei som leier gudsfolket, sviktar si oppgåve om dette ikkje er summen av alt dei gjer: Å la menneske møte Gud. Som overveldande, som levande, som heilag, som brennhuga, som elskande og miskunnsam. I Ordet, i mysteria (sakramenta), i liturgien, i bønene, i den kontemplative skodinga og kvila i Gud.

Reklame

0 Svar to “officium: fredag, 2. vika i faste, 2 mos 19,1-119; 20,18-21 (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: