12
Feb
10

carpe diem: Gran – Gøteborg

Frosten bit skarpt og lett i huda og i naseborane når eg kjem  ut av Nikolaikyrkja her på Granavolden. Den fyrste sola gjer himlen turkis og det snøkledde landet kjøleg-blått. Den gode norske vinteren, med turr snø, ikkje for kaldt, med bygda lagd breidt utover mellom skogåsane. Roleg, kvilande i seg sjølv. Norsk vinter. Norsk austland. Det knitrar lett under skorne når eg går ned til gjestgiveriet til frukosten.

Eg kom hit i går for å forelese på Musica Sacras årskurs; for prestar og kyrekjemusikarar (DNK) og andre interesserte, for folk som jobbar med kyrkjesong og liturgi. No har vi sunge Laudes. Møtet held fram. Men eg reiser vidare – til Gøteborg; tar toget frå Oslo kl 13 og kjem heim til klosteret i morgon, laurdag på kvelden.  I Gøteborg held eg foredrag for ei samling med katolske prestar og biskopen, Msgr Anders Arborelius, i det svenske katolske bispedømet. Om evangeliserande forkynning i eit etterkristent samfunn.  På bakgrunn av dei aksjonane/misjonane vi har hatt i Oslo katolske bispedøme dei siste åra.

Sola skin, snart går toget frå Gran stasjon…

Reklame

2 Svar to “carpe diem: Gran – Gøteborg”


  1. 1 Andreas S
    februar 12, 2010 ved 6:15 pm

    Ble det tid til å besiktige Vinjes grav?

  2. februar 12, 2010 ved 7:50 pm

    Ja, grava er rett utanfor kyrkjeporten. Med stor minnestøtte. Vinje var forresten bloggar i si tid og på sin måte – gjennom bladet Dølen som han gav ut og stort sett skreiv sjølv 🙂

    For ein – som eg – som er oppvaksen i den vestnorske lærarstaten, er Vinje ein del av blodomløpet… 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: