«Dei hindra oss i å tala til heidningane, så dei kan verta frelste» (2,16)
«Dei» er her, i Pauli munn, dei jødiske leiarane og deira tilhengarar. Sjølv om han nyttar ordet «jødane», veit vi at det ikkje er heile folket det er tale om. Jesus var sjølv jøde, og alle apostlane, ja, Paulus sjølv. Hadde kyrkja gjennom tidenene halde fast på dette, ville ikkje antisemittismen kunne spreie sin kreftsjukdom som han har gjort.
Den kristne trua betonar det universelle i Guds frelsesplan, slik vi finn det hele vegen i Det gamle testamentet, som ei stigande sol fram mot Den nye pakta. Messias er Frelsar og Herre for heile verda; for heidningane, for folkeslaga . Han er Redemptor Gentium, Folkefrelsaren.
Frelsa kjem frå jødane (Joh 4,22), men ho skal forkynnast «for alle menneske» (Mark 16,15).
0 Responses to “officium: måndag, 4. vike i det allmenne året, 1 tess 2,13-,13 (matutin)”