Arkiv for januar 2010



01
Jan
10

officium: Høgtida for Guds mor, Hebr 2 (matutin)

Vi ser Jesus (…) krona med herlegdom og ære, fordi han leid døden» (v 9)

Vi veit at han leid døden for alle menneske; han gav alt, gav seg som eit sonoffer for verda.  Vi ser han i Getsemane og på Golgata. Men ser vi at han strålar, at han er Herre, at han ber kongekrona?  At han tronar i universums midte?

«Hovudet og håret hans var kvitt som ull eller som snø, og augo som logande eld», fortel Johannes etter sin Patmos-visjon (Op 1,14).

Det er slik han er. Det er slik han skal kome til syne ved enden av tida. Snart.
«Factum est sacramentum, et solutum est argumentum», seier den hl Peter Damianus i eit teologisk ordskifte;  «mysteriet blir stående, argumenteringa må teie».

Å sjå han slik, endrar alt.

Reklame



kategoriar