14
Jan
10

officium: torsdag, vike 1, det allmenne året: Sirak 42,15-43,12 (matutin)

I det katolske kyrkjeåret er vi no inne i dei fyrste vikene i det allmenne året; det held fram til fastetida – og går vidare etter pinse (grøn farge)…

«Han granskar havdjupet og menneskehjarta, han kjenner dei begge til botnar»

Sirak utfaldar den tradisjonelle læra om Visdomen. Guds visdom gjennomtrengjer og «informerer» heile skaparverket. I visdomen er Gud sjølv nærverande i alt som er til.

I alt som er, er det djup, ikkje berre overflate. Vi anar Guds eige mysterium i røyndomen, slik han møter oss. Havdjupet står for det uutgrunnelege i naturen. Hjartet røpar djupa i mennesket.

Lat oss lytte etter dei djupe røystene i tilveret; det vi ikkje alltid oppfattar umiddelbart, det som krev konsentrasjon og innleving. Der høyrer vi Gud.


1 Response to “officium: torsdag, vike 1, det allmenne året: Sirak 42,15-43,12 (matutin)”


  1. 1 Ingvar Fykse
    januar 16, 2010 ved 4:16 pm

    Set ein tjukk strek under dei to siste linjene «officium torsdag 14.jan.!
    Dagens menneske gjev mest merksemd dei røystene som ropar høgast. Sinnet har ofte lite
    reserve att til å fanga opp dei djupe røystene.
    TV, media, data, reklame pøser på, overauser med informasjon og påverknad prega av flyktigheit
    og støtt noko nytt – i eit bankande kjør. Alt stillest til debatt. Og alt er relativt…
    (Panta rei) Hjartejorda trampast hard og umottakeleg, i alle fall i det øvste laget. Men lenger nede ligg kanskje sjansen dersom ein får gravd seg under skorpa?

    Utfordringa for meg er å ta kontroll over tida Gud gjev meg.Gje Gud rom. Då gjev Gud meg og sjanse til gudskontakt og gudserfaring.
    Det handlar om trong og forventning når eg søkjer Han. Konsentrasjon byggjest opp
    når eg er stille, ventar.. er tolmodig…spør… svarer… Og det går frå lys til lys…

    -Ingvar-


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: