..hej, no eg framme, og det er skikkeleg nett her, så her kjem det eg skreiv på toget nyleg. Meir seinare…
Kaldt og kvitt sig det svenske landskapet forbi ettersom intercitytoget Oslo- Stockholm jobbar seg fram. Kulden laga bremseproblem på ein av vognene, så vi ligg 40 min etter ruta. Frå Stockholm Central drar vi ut til Ekerø i Mälaren, til Marielund, konferansegarden til det svenske katolske bispedømet. Vi? Ja det er nokre norske dominikanarbrør; frå i ikveld til sundag middag er vi på det årvisse møtet for brørne i Norden (vikariatet Dacia). Vi dro frå Oslo S i otta, opp Glåmdals-bygdene, via Kongsvinger, Magnor og Charlottenberg, vidare ned Värmland til Karlstad og så austover. Stadig knallblå himmel, knallkaldt vêr og kvite flater mellom skogpartia. Taigaen tek til i Sverige. Dette er Aust-Europa, tenkjer den norske vestlendingen.
Romjula er ei tett tid. Det er tankevekkjande at så mange av festdagene denne vika krasjar mot den opplesne og vedtekne juletrivselen. Andre juledag feira vi den hl. Stefanus, kyrkja sin fyrste martyr, fest med blodraud farge. Så var det festen for Dei uskuldige borna; dei som Herodes tok av dage av redsel for å missse si makt; barnemartyrane. Endå meir blodraudt. Dagen for å be for borna – fødde og ufødde – for alt svakt og forakta menneskeliv, ein fest for menneskeverdet, det største av alle martyrium. I dag er det den hl Thomas Becket vi minnest, han som vart hoggen ned medan han feira messa ved altaret i katedralen sin i Canterbury. Kongens og hans menn likte ikkje at Thomas verja fridomen til kyrkja i høve til stats- og kongsmakta. Blodraudt igjen. Ein passeleg motgift mot nusseleggjeringa av jula.
Men kva med barnet? Barnet er ikkje bere idyll, det veit vi så alt for godt. Det vakre ved barnet har vi all grunn til å feire. Men i det vakre ligg også det sårbare, det opne, det utleverte. Vågar vi å feire det? Messias-barnet, Immanuel-teiknet – er samtidig barnet som er Fyrste, Underfull Rådgjevar, evig Far, veldig Gud. (Jes 9). Vågar vi å feire det?
—
Dersom det er nett-tilgang på Marielund, får eg sendt dette i kveld og lagt ut litt stoff undervegs vidare. Om tre kvarter er vi i Stockholm.
0 Svar to “carpe diem: Romjul og OP-dagar på Ekerø i Mälaren”