30
Nov
09

nota bene: Andre ord

fyrst prenta i spalten «Signert» , Klassekampen 28/11-09

 

Muslimske studentar ynskjer å bruke gymsalen på Blindern til fredagsbøn. Den vesle mosallaen, bønerommet dei har fått tildelt, er rett og slett alt for liten. Søknaden har så langt medført forlegne og nølande reaksjonar frå universitetsleiinga. Ein er reservert fordi bøn i gymsalen vil innebere ei vanhelging av det ”sekulære” fellesarealet. Heilt sjølsagt definerer ein sekulært, felles og offentleg som tre ord for det same.

Dette ser fint og forstandig ut, men er i røynda løynd maktbruk og eit retorisk knep for å stagge religionen i samfunnet. At staten og det offentlege fellesrommet skal kallas sekulært for å signalisere nøytralitet, er utbreidd oppfatning i dagens samfunssdebatt og terminologi. Intensjonen er forståeleg; ingen skal kunne eige og dominere samfunnsareanen på kostnad av andre. Problemet er at ein nyttar seg av ein anakronistisk ordbruk som ikkje lenger er formålstenleg, men tvertom tilslørande. Bakteppet er ei historisk samfunnsform der staten og felleskulturen var sterkt religiøst fundert, i verdigrunnlag, i lovgjeving og institusjonelle former.  Å fjerne særstillinga til religionen, blir då hovudgrepet ein må ta for å sikre samvitsfridom og livssynsmangfald.

Men det er forlengst slutt på den tida då biletet bestod av dominerande religion og små, alternative utgrupper. I vår tid kan mange ulike ideologiar vere aktuelle som verdisystem for storsamfunnet. Det er ein merkeleg illusjon at religionen meir enn andre interesser må haldast i sjakk for å sikre livssynsfridom og eit ope samfunn. Dessutan har sjølve omgrepet ”sekulær” i stadig større grad blitt ideologisert og knytt til eit uttrykkjeleg ikkje-religiøst, for ikkje å seie antireligøst, livssyn, med utløparar i mange av maktbasane i samfunnet; i akademia, i media, i det offentlege byråkratiet og i partipolitikken. Offentleg ateisme er sjølvsagt  ikkje meir demokratisk enn offentleg religion.

Å krevje at eg skal vere ”sekulær” når eg trer inn i fellesromma i samfunnet, inneber ei negativ stigmatisering av meg som truande. Kvifor skal eg finne meg i det? Eg skal, på mi side, ikkje prøve å fortrengje dei ikkje-truande; vi må rett og slett alle ta omsyn til kvarandre. Og dele på plassen. Difor blir ikkje gymsalen på Blindern ”urein” av at folk får be der, særleg ikkje når ein spør om rom fordi Universitetet ikkje tilbyr gode nok areal elles. Trening og mosjon er tilgodesett med svære salar og kostbare anlegg, medan bøn og religiøs praksis er skufla unna i nokre små, usle lokale. Som katolsk studentprest deler eg eit litt stort kott under trappa med alle andre livsynsgrupper. Den einaste innreiinga er kasser med hengelås rundt veggene; ei kasse for kvar tru.

Denne tankelause og likevel målmedvitne utklassinga av religiøs tru og praksis vitnar om manglande kunnskap om korleis verda er i dag. Sekulære europearar trur at det sekulære er det normale og det sjølvsagde og at alt anna er unntak og raritetar. Sanninga er at Europa er unntaket og meir religiøse samfunn regelen, globalt sett.  At aktiv tru er ei normal, menneskeleg livsutfalding, blir borte i det same forsnevra perspektivet.

Også ordet ”multikulturalisme” treng utskifting. Det blir stadig brukt som skjellsord om dei som ikkje i tilstrekkjeleg grad vil verne om dei ”norske” eller ”vestlege” verdiane som forpliktande for alle borgarane. Slik det er blitt brukt i den vanlege samfunnsdebatten, stammar det frå ei tid då ein tenkte seg dei framande som festlege innslag i kulturen og kanskje som ei motvekt mot den kristne kulturarven. Det kulturradikale toleranseregimet har heile tida vore tenkt som moderator for og forvaltar av den heilskapen som mangfaldet skulle innpassast i. Etterkvart viste det seg at religionen er langt viktigare for innvandrarmiljøa enn det nordmenn er vane med. Og truande menneske har ikkje lyst til berre å bli ein del av den folkloristiske fargepaletten. Dei vil be også.

Det ville vere langt skværare å innsjå at vi no kan operere korkje med religiøs eller med antireligiøs dominans, ei heller med ein ideologisk overstyrt blandingskultur. Vi treng ei meir pragmatisk innstilling til den offentlege røyndomen. Og fylgjeleg eit meir pragmatisk vokabular.


0 Responses to “nota bene: Andre ord”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: