30
Nov
09

homiletica: 1 sund i advent, 29/11-09, st dominikus krk, Luk 21,25-28.34-36

Kjære brør og systre!

Vi feirar i dag fyrste sundag i Advents-tida. ”Advent” – det er nettopp noko anna enn norsk førjulstid. Advent har eigentleg ikkje fokus på jul men på Kristi gjenkomst. Det handlar om Adventus Domini – Herrens kome. Heile den bibelske frelseshistoria peikar fram mot dette; mot Herrens Dag, mot Messias’ kome til sitt folk; presten , kongen, profeten – fornyaren og utfriararen for Israel og for alle folkeslaga. Folkefrelsaren, Redemptor gentium!

Difor: Advent er ei botstid, ei fastetid, akkurat som vi har ei botstid før påske. Advent er ei botstid, ikkje ein julebordsesong, ei tid der ein nettopp ikkje skal la seg sløve av utsvevelser, eller av livets bekymringer – som vi høyrde i Evangeliet.

Som kristtrugne veit vi at denne verda skal gå under, hennar dagar er talde:  Da skal dere se Menneskesønnen komme i skyen i all sin makt og herlighet. Dette er ikkje prestens skræmeord, men his Masters voice, Meistarens eiga røyst!

Mange kjenner Jesu apokalyptiske tale, hans ord om verdens ende, som noko uhyggjeleg – kanskje fordi dei veit at ikkje alt er som det skal for deira eigen del. Og det er all grunn til å ta det alvorleg, for éin dag skal vi alle verkeleg møte Menneskesonen ”ansikt til ansikt”, som vi høyrde.

Men, brør og systre; vi skal ikkje sjå på dette som ei skræmsle, vi skal sjå det som eit punkt av von, av rettferd, av endeleg siger for det som er rett. Nettopp difor skal vi ”rette ryggen og løfte hodet”!

Eg skal ikkje la meg knuge ned av det negative, eg skal ikkje la meg forvirre av alle meiningane som svirrar rundt meg. Eg skal forbli nøktern, eg skal behalde fotfestet og dømekrafta. Det faste punktet ligg ikkje bak meg, i ei fortid som blir stadig fjernare; det ligg framfor meg, der framme! Kristus, Messias, kjem til meg frå framtida; han kjem med frantida! Adventus Domini!

Eg skal utfriast frå alt det som er korrupt og forfalle og tvetydig i livet mitt, merkt av synda og av døden. Kyrkja, den nye menneskeslekta, den nye humaniteten, skal ha sin heim under nye himlar og på ei ny jord.

Kjære truande: Omveltingar og kriser vil kome – for menneska, for verda, for heile skaparverket. Men det er fødselsrier; eg veit at etter tordenskyene og uvêret skal sola gå opp og himlane klarne!

Difor går eg inn i adventstida med denne røysta syngjande inni meg: -Herre, du som eg har trudd på, deg skal eg få sjå – og alt anna skal eg få sjå i ljos av det!

Tenk når ein gong dei lettar alle skuggar/som her ligg tyngjande på all min veg,/Når sol som aldri sig, mitt hjarta huggar/og ljos omstrålar kvart av mine steg!

Advertisements

5 Responses to “homiletica: 1 sund i advent, 29/11-09, st dominikus krk, Luk 21,25-28.34-36”


  1. november 30, 2009 ved 10:30 am

    Det er interessant, det du skriver om adventstiden som fastetiden og ikke som julebordstiden. Jeg lurer på hva det kommer av at julebordene blir bare lenger og større i denne perioden.

  2. 2 Maria
    november 30, 2009 ved 6:42 pm

    Kjære Fader er det mulig for deg å skreve litt på båkmol også.
    takk.Fra en utendlaske kvinne

  3. desember 1, 2009 ved 8:50 am

    Kjære Maria; eg skulle gjerne gjort det, men har valt å la denne bloggen vere ein rein nynorsk blogg, det er litt av «varemerket». Men du kan godt stille spørsmål og kommentere på bokmål (eller engelsk, elelr fransk, for den del).

    Unitarknut: Ein hedonistisk kultur som vår har begrensa «oppfinnsomhet» og kreavtivitet. Meir av det same, det er alt ein kan finne på.

  4. 4 wo
    desember 1, 2009 ved 6:26 pm

    Maria,
    Fader Arnfinn skriv slik han snakkar, og slik veldig mange andre i dette landet snakkar. Å lesa nynorsk er ei fin øving i å forstå oss vestlendingar t.d.. Derfor bør du lesa mykje nynorsk. Om eg skulle slumpa til å treffa deg, vil eg jo gjerne at me skal kunna snakka med kvarandre.
    Katolsk.no burde, m.a. av denne grunn, hatt mykje meir nynorsk på sidene sine.

    Kanskje herr E. og har ein kommentar til dette…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: