28
Nov
09

discursus: WORKSHOP OM MINORITETAR; HOLOCAUSTSENTERET, OSLO, FRED 27/11-09: ”MINORITETAR, MULTIKULTUR OG EINSKAPSKULTUR”

…i går var eg med som foredragshaldar på Holocaust-senteret, i Villa Grande, på Bygdøy. Senteret skal også fokusere på minoritetsspørsmål generelt og samfunns-spørsmål i tilknyting til detHer er stikkordmanuset…
situasjonen

Den katolske kyrkja er stor og ho er universell. I mange samfunn representerer ho ein majoritet. Store skilnader og endringar. Også i gamle katolske majoritetsområde er kyrkja i ferd med å bli minoritet, i røynda. Massene heng igjen/glir bort – og ein ny kjerne framstår, og gjev ny vekst. Frankrike er eit godt døme. Avskalinga/omstillinga er endå smertefull i land som Spania, Italia – og etterkvart Irland og Polen…

I ”nye” katolske land, i Afrika og i Asia, er kyrkja veksande  og sterk, men ikkje i kraft av å vere ein nasjonal og historisk kultur. I LatinAmerika er det også utfordringar, frå td dei pentakostale retningane.

Her i Noreg:
Den kat krk framstår på line med frikyrkjene, i den nye religøse-/livsyns-sosiologien. Konseptet ”fedrenes gamle tro” er ute. Undset stod litt for det, men hadde ingen illusjonar om ein ny, katolsk/kristen epoke på norsk mark. Tvertom, ho var vedlg realistisk. Nidarosdomen som konsertlokale..

Paranoia? Eg kan tenkje meg at ekstreme reaksjonar mot minoritetar er utslag av mentalitetar i kulturen. Her er det klart at den katolske kyrkja utfordrar det norske samfunnet – både som tradisjonelt protestantisk og som ”moderne”, det konfesjonelle Noreg og ”det nye Noreg” (nasjonsbyygjinga, den sosialdemokratiske velferdsstaten, den liberale staten (FrP-staten) og den nye kulturradikale staten (raudgrøn).

Utfordrande at kyrkja har høgt sjølmedvit.
Eit eige samfunn i samfunnet, med sin rett, sitt hierarki, sitt folk, sine ritar, seder skikkar.. Den protestantiske statskyrkja er meir ein funksjon av det vanlege samfunnet (rettsleg sett eksisterer ikkje DNK), eit religionsvesen. Den katolske kyrkja har:
Ein lang tradisjon, historisk tyngde.
Ein universell fellesskap,
med eit tydleg senter: Roma. Noko som gjev fridom i høve til nasjonale/statlege makter.

Noko av det same gjeld Islam; ei større verd enn ”den norske”, den heimlege.
Dette irriteterer både elitane og dei breiare laga i folket. Her finst det både intellektuell/akademisk/mediamessig/og politisk aggressjon – og populistisk aggresjon. Les bloggar!

modus vivendi
som minoritet i dag

Kva slags modus vivendi (livsmåte/livsform) skal/bør kyrkja velje her, i ein slik situasjon?

Freistande å tenkje konservativt: Vi manar til tilbakevending til ein kristen gullalder, ein  kristen majoritets- og felleskultur.

Bra å oppdatere opinionen på historiske røyndomar. Apologetisk; som motvekt mot marginalisering og usynleggjering.  Det gjeld kulturhistoria, det gjeld grunnlegjande verdiar i menneskesynet osv. Eg meiner at heile vår kultur og samfunnsform har eit religiøst/teologisk bakteppe. Umuleg å forstå dynamikkane i dag utan å kjenne denne historia.

Men: Heile tida presisere at kyrkja/religionen ikkje skal overta samfunnet, men vere tilstades på ein likeverdig og aktiv måte saman med andre grupperingar og miljø, sekulære eller religiøse.

Difor: Ikkje akseptere at éin ideologi tilranar seg rolla som ”nøytral” regisør/forvaltar av mangfaldet i samfunnet. Her vil eg arrestere dagens terminologi (og medfylgjande tankegang): ”det sekulære” som det nøytrale, som forvaltar og distributør av fellesgodset og fellesromet i samfunnet.

Ein ”sekulær” stat er i dag ein ideologisk stat. NB Det finst grupper og miljø som kallar seg sekulære nettopp i motsetning til religiøs tru! Og vi har sett oppblomstring av s k”nyateisme”. Det er ein heilt annan aggressiv temperatur på dette området i dag enn berre for nokre år sidan.  Ein er i sjokk og raseri fordi religionen ikkje døydde ut slik ein hadde spådd, men tvertom har fått ein ny giv.

Ein fordel med å vere katolikk og dominikanar er at du har ei lang historie. 2000 år for kyrkja sitt vedkomande – og 800 hundre år for ordenen; samanhengande, organisert, dokumentert historie. Det gjev innsikt om å takle mange ulike historiske, sosiale, kulturelle og politiske settingar. Vi er no på mange vis tilbake i oldkyrkja; ”kristehetens” tid er forbi, kyrkja lever og orienterer seg i eit mangfaldig storsamfunn. Ho er eit samfunn i samfunnet, vel vitande om at ho har sitt feste i ein høgre, metafysisk røyndom. Så konkret forstått at ein kunne seie: ”Vårt borgarskap er i himmlen” Kyrkja er den eigentlege polis, civitas; eit verkeleg samfunn (det einaste verkelege, vil eg seie; det moderne velferdssamfunnet er ein sekularisert kopi av kyrkja).

Kyrkja – eit folk i folka, eit folk i diaspora, eit folk spreidd ut – for å verke, påverke, omforme. Som surdeig. Salt og ljos.

Difor:

a)Kyrkja må vere ein tydeleg minoritet. Ikkje sjå det som mangel/minus, men som normal eksistens. Dette gjev eksistenshumør! Ikkje  sutre over tapt fortid!

b)Kyrkja må vere strikt innåt. Som i oldkyrkja. Fordre og utfordre. Ikkje ”open og inkluderande fokekyrkje”. Kyrkja er ikkje forplikta til å ta seg av alle og ordne opp for alle; det er ei paternalitsisk innstilling, ei soft-autoritær haldning. Ho må vere informativ og vegleiande for dei som ynskjer å vite meir, som ynskjer å vere truande menneske.

c)Kyrkja må vere pragmatisk utåt. Forhandle, finne vegar, finne rom. Ikkje prøve å undergrave storsamfunnet, men heller ikkje ha overdrivne forventingar til det. Realistisk.

Nysgjerrig, interessert, parat. Påverke gjennom sin stadige dialog, samtale, medverknad. Fritt, i alle lag. Ikkje binde seg til andre institusjonar.

Kort sagt:

Ho må i dagens Noreg likne meir på ein fri tiggarmunk på vandring gjennom verda! 🙂

I samtalen etterpå sa – interessant nok –  m a Terje Emberland (Professor i religionshistorie, aktiv i Humanetisk Forbund) seg samd i det eg siterte frå USA om «Catholisism – the last accepable prejudice» (katolisisme – den siste akseptable fordom) og hevda at det er ein verkeleg djuptsitjande antikatolisisme i dei vestlege samfunna i dag; salssukssear  som «DaVinci-koden» vitnar om det; folk tenkjer, i sitt stlle sinn, at «det er noko i det» og er budde til å tru kva som helst om den katolske kyrkja, bortsett frå det kyrkja sjølv lærer og forkynner!  Eg la til, i ein replikk, at dei antikatolske haldningane finst både hos elitane og populistiske utgåver. Antikatolisismen er éi av dei få sakene der desse ulike samfunnsnivåa møtest og omfamnar kvarandre. Samstundes: Folk ser på kyrkja både som skummel og fascinerande. Her er det ein ambivalens.

Grafiske famstellingar frå ei gransking av antsemittisme i norske kristne miljø frå 1800-talet og framover, synte at antikatolismen i Noreg var mykje sterkare enn antisemittismen. Tankevekkjande…



Reklame

7 Svar to “discursus: WORKSHOP OM MINORITETAR; HOLOCAUSTSENTERET, OSLO, FRED 27/11-09: ”MINORITETAR, MULTIKULTUR OG EINSKAPSKULTUR””


  1. 1 Rolf Egil Pedersen
    november 29, 2009 ved 8:47 pm

    «Grafiske framstellingar frå ei gransking av antsemittisme i norske kristne miljø frå 1800-talet og framover, synte at antikatolismen i Noreg var mykje sterkare enn antisemittismen. Tankevekkjande…»

    Jau då. Den lutherske frykta for Pavekyrkja sit godt i den norske folkesjela, godt ispedd ei solid dose med streng pietisme…. Og nokre undras på kvifor Noreg har vorte avkristna?

  2. november 29, 2009 ved 10:43 pm

    Når det gjeld minoritetane og «storsamfunnet», kan det passa at vi gløtter til Sveits i kveld. Hatet til fridommen er sterkt i Europa.

  3. november 30, 2009 ved 9:01 am

    Rolf Egil P: Sjølve ordet «pavekyrkja» -ofte brukt av media, av akademikarar o a – er i seg sjølv stigmatiserande og fordomsfullt. Det heiter Den katolske kyrkja, rett og slett.

    Meiner du at pietismen har vore med å avkristne Noreg?

    Kvilelaus: Kva siktar du til når det gjeld Sveits?

  4. 4 Andreas S
    november 30, 2009 ved 12:54 pm

    Sveits: http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/192593 – legg merke til at mannen i rød skjorte fra «høyrepartiet med visse ytterliggående sider» begrunner det hele med religionsfrihet!

  5. desember 1, 2009 ved 8:51 am

    Andreas; eg får dessverre ikkje linken til å opne seg! Heile den sveitsiske avvisinga av minaretar (les: av andre truande) er djupt forstemmande.

  6. 6 Andreas S
    desember 1, 2009 ved 5:10 pm

    Nei, gitt. Du kan sikkert lete deg frem til reporasjen – det var på NRKs søndagsrevy.

  7. 7 Rolf Egil Pedersen
    desember 6, 2009 ved 9:57 pm

    Eg er lei for at eg ikkje har svare tidlegare. Jau, eg meinar at den norske pietismen har skremd folk bort frå trua. Ei tru som er fordømmande og alt som kunne tenkjast å glede ein eller annan må bekjempast. «Synd og skam» var bodskapet og alt skulle vera berre grått. Eg har hatt nokre framifrå gode representantar i slekta.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: