”Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste” (v 9)
Profetane, også Sakarja, talar om ”dagen”; ”den dagen”, ”Herrens dag”. Det er når Guds tid er inne og vår tid er ute. Dagen for oppgjer, dagen for krise, dagen for dom. Men også dagen for rettferd, for fred, for det endelege gjennombrotet av Guds Rike. I Den nye pakta heiter han også ”Jesu Kristi dag” (Fil 1,6).
Dagen skal vere ”éin”, det vil seie ubroten, utan trussel frå mørkret, døden og forgjengelegdomen. Då skal Guds velde vere synleg og tydleg; alle dei fiendtlege maktene, alle som prøver å ta Guds stad og fortrengje Skaparen, må vike. Freden, retten, kjærleiken er eintydige.
Komne for å bli.
Tenk når ein gong dei lettar alle skuggar/som her ligg tyngjande på all min veg/ Når sol, som aldri sig, mitt hjarta huggar/og ljos omstrålar kvart av mine steg.
0 Responses to “officium: laurdag, 33. vike i det allmenne året, Sakarja 14 (matutin)”