19
Nov
09

officium: torsdag, 33. vike i det allmenne året, Sak 11,4-12,8 (matutin)

” Då skal hovdingane i Juda seia med seg sjølve: ’Dei som bur i Jerusalem er sterke i sin Gud, Herren, Allhærs Gud’. ” (12,5)

Kan vi seie det om lågprofilerte kristne i vår del av verda? Vi er svake for kva den ikkje-truande verda måtte meine. Vi tenkjer at vi må finnne på noko ”verdsleg” for at vi skal få vekst og kjenne oss ”relevante”. Det blir eit utmattande jag etter vind.

Å vere sterk i Gud, er å ha ei tru som er forankra i det kyrkjelege dogma, å kjenne Bibelen, å ha ei levande og utfordrande forkynning, å feire liturgien og sakramenta på ein lødig og levande måte, å søkje Gud i den indre bøna, å ikkje gje opp ”den gode striden”, livet i helging og fornying.

Då har vi også noko gje til alle menneske; i vitnemål, i tale, i dialog og diskusjon, i venskap og omsorg, i eit mangfald av livssituajonar.

All anna styrke smuldrar opp.

Reklame

8 Svar to “officium: torsdag, 33. vike i det allmenne året, Sak 11,4-12,8 (matutin)”


  1. 1 Anna Jorunn Garvik
    november 19, 2009 ved 9:28 pm

    For ei tid tilbake las eg ein artikkel med overskrifta Back to Basic. Du minner om noko av det same. Vi treng å gå tilbake til kjeldene og der finna næring for tru og teneste. Takk igjen, Arnfinn!

  2. 2 Elisabeth Maria
    november 20, 2009 ved 9:02 am

    Jeg kunne ikke vært mer enig!Men lett er det ikke alltid.:-)
    Tilfeldigvis sitter jeg akkurat nå og bestiller bøker fra Biblioteksentralens lister, og der står flg. omtale av «Tre florentinarar»:
    A.H. er tidlegare prost i Den norske kyrkja, aktiv bloggar og for tida fast spaltist i Klassekampen. Tekstane i denne samlinga handlar om samfunnsspørsmål, markante personlegdomar og vandringar i eksistensielle og litterære landskap. Forfattaren står i ein katolsk danningstadisjon og ønskjer å formidle djupe perspektiv over det gode, vakre og sanne i livet.»

    Jeg lurer litt på om det er BS, forlaget eller du selv som har bestemt formuleringene her? Hadde jeg ikke visst bedre, hadde jeg kanskje tolket det som «å, nok en prest som ble for raddis for DnK, og forholder seg til det kulturelle i katolisismen i steden».
    Det hadde vært interessant å vite begrunnelsen for formuleringen.

    Gleder meg uansett til å lese boka!

  3. november 21, 2009 ved 9:36 pm

    Nei, det er nok ikkje eg, men forlaget som har formulert dette. For «raddis» for DNK blei eg nok ikkje (kva du no meiner med det?)- anna i den eigentleg tydinga, kanskje, at eg ville «gå til rota» for kyrkja, at kyrkja ikkje skal vere tilpassa stat og opinion men vere apostolisk, som er det same som at ho er katolsk.

    Det er altså ikkje det «kulturelle» som gjer meg til katolikk, men sjølve trua, det dogmatiske. Sanninga. At dette også omfattar heile livet, både naturen, kulturen og samfunnet, er sjølvsagt ein stor rikdom, ei stor gåve i tillegg.

  4. 4 Elisabeth Maria
    november 22, 2009 ved 2:50 pm

    Når jeg hører navnet ditt, tenker jeg vel noe sånt som: preker, pater, poet,prior – og på det grunnlaget undret jeg meg litt over formuleringene – hvor ordene som falt i øynene mine bl.a ble Klassekampen, den norske kirke – og det noe uklare i formuleringen «står i en katolsk danningstradisjon». Dine motiver trekker jeg ikke i tvil 🙂
    Jeg prøvde å tenke meg hvordan jeg hadde tolket det som sto dersom jeg ikke var katolikk selv og ikke kjente særlig til navnet ditt.

  5. november 22, 2009 ved 5:46 pm

    Ein katolsk danningstradisjon burde vel vere greitt; ikkje noko spesielt «fint» med det. Fram til min generasjon vaks alle i vår kultur opp i ein kristen danningstradisjon.
    Og Klassekampen er ei av dei betre avisene (den beste?) på stoff om tru og kyrkje.
    Vi lever i ei tid med uvante kombinasjonar. Heldigvis 🙂

  6. november 22, 2009 ved 5:49 pm

    Og for ein dominikanar – som er ein preikebror, ein preikemunk – er det særleg viktig å kunne nå ut på uventa plassar i samfunnet. Guds Ord må forkynnast overalt.

  7. 7 Elisabeth Maria
    november 23, 2009 ved 3:25 pm

    Jeg håper du ikke misforsto – jeg synes det er veldig flott – og dominikansk! at du skriver i Klassekampen! 🙂
    Utgangspunktet mitt var forsåvidt at jeg – pga det som sto i bokomtalen – ble spurt om det var forskjell på å være katolikk og å stå i en katolsk danningstradisjon – og hvis det var det samme, hvorfor ikke si det rett ut. Nå kan jeg henvise vedkommende til denne utvekslingen, så kan man vel si at spørsmålet er grundig besvart! 🙂

  8. november 23, 2009 ved 3:41 pm

    Å stå i ein danningstradisjon seier litt meir om ein skribent, reint intellektuelt, enn det reint konfesjonelle. Det er vel difor forlaget ynskjer å fokusere på det. At eg er katolikk, skulle vel framgå tydleg av det faktum at eg blir presenert som pater, prior osv 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: