06
Nov
09

carpe diem: sørlandet

Eg er på preikeferd til Arendal (der eg var i går, i Katolsk Forum) og Lillesand, der eg tala i kveld (torsdag), i kyrkjeakademiet. I dag var eg så heldig at vertskapet her køyrde ut på Justøya og heilt ut til havet – for det hadde eg ytra eit sterkt ynskje om ☺ Når eg bur inst i Frognerkilen, må eg av og til lufte kropp og sjel skikkeleg.

Det triste, mørke novemberveret, med slaps og kald væte, låg tungt over dei sørlandske heiane på nedoverturen med toget i går. Så friskna vinden til kuling og i dag har det vore  nordleg bygevêr, med mørkre og ljos i dans med kvarandre. Og opplett mellom bygene.

Vi gjekk heilt ut på svaberga. Skagerak velta inn. Havet er så nært her på Sørlandet, så kort veg frå skog og lun skjergard til open sjø. Når du kjem ut på berga, skjønar du at ”Sørlandet” er ei merkjevare; ein myte.  Det idylliske, det koslege, det ferierande. Her ute på berga bles alt dette bort.  Eigentleg er Sørlandet eit hardt stykke norsk kyst. Med mange små gardar og audslege heiar innanfor. Med sjøfolk og kanskje litt kystfiskarar. Alt det andre er eit seinare kulturelt ”belegg”.

Vel, alt utviklar seg og no er det som det er. Men det er bra å sjå litt djupare inn i sjela av dette landet. Sjå havet, sjå uvêret, sjå spora av eit striare liv.

Der sat eg. Så langt ut eg kunne kome. Ein dønning, kanskje to, tre?, gjer eit sprang mot meg og slengjer ein kasakade av skum og sprøyt heilt opp i fjeset mitt: – Hei, der er du! Her er vi, same slekta som bylgjene på kanalkysten, på sunnmørskysten; glad for å sjå deg, kva har du på hjarta? Og eg sikra meg at eg verkeleg var der åleine; sat der i mi kutte, med den vide svarte pelerinen (ull-kepen med diger hette) utanpå. Det dura nede i botnane, den djupe duren i skaparverket, den som er inst inne i alt liv, også i menneskehjarta, De profundis-duren (Or djupet-duren, salme 130).

Derifrå kunne eg rope ut bøna om det som pressar og slit i livet mitt, no igen: Ut med det! Ta det, bylgjer! Ta det, Herre!. Då skrur vinden seg opp og bles på meg frå sida; bles for å famne meg, bles for å ruske i meg, bles for å blåse vekk  alt det eg har ropa ut, føre det langt til havs.  Så sit eg stille. Vere i lyden av bårebrottet, vere berre ein kropp på berget. Kroppen er ei sjel, sjela er ein kropp. Mennesket er eitt. Eg. Her.

I morgon tidleg tar eg bussen til Oslo.


10 Responses to “carpe diem: sørlandet”


  1. november 6, 2009 ved 6:53 am

    Hei!
    Lillesand kommune og ut mot havet var min barndom. Der vokste jeg opp.
    Fikk et herlig gjensyn med dette i din reiseskildring!
    Anbefaler forfatteren Gabriel Scott!
    I Lillesand har man et eget Gabriel Scott selskap som nytrykker bøkene hans og har flere
    arrangementer knyttet opp til hans forfatterskap.
    Bøkene «Det gyldne evangelium», «Kilden» og «Jernbyrden» er av de kjente, men mange av hans mindre kjente bøker er også en stor opplevelse!

  2. 2 Rob
    november 6, 2009 ved 9:00 am

    Flott skrevet!
    Jeg reiser sørover i dag…Jeg kommer til å følge ditt eksempel..slå meg ned på et svaberg og vende nesa mot havet..God helg!

  3. 3 Fjording
    november 7, 2009 ved 10:43 am

    Ja, denne havskildringa var nydeleg poetisk, ein andakt for ei vestvendt sjel.. fullt på høgde med opninga i Fred av A. Garborg….

  4. november 7, 2009 ved 12:28 pm

    Du vet du er landkrabbe og østlending hvis du kaller det «havseilas» når du slår opp spinnakeren rett utenfor Hovedøya…

  5. 5 Svein
    november 7, 2009 ved 11:57 pm

    Jeg er heldig nok til å være halvt sørlending og halvt sunnmøring, med røtter fra Lillesand og Longva. Kristi Himmelfartsdag var jeg på toppen av Haramsøy og nøt sola høyt over et nesten blikkstille hav.
    Takk for skildringa av skjærgården min. Jeg savner den hver dag.

  6. november 8, 2009 ved 10:08 am

    To kystar, ein med fjell over og ein med heiar bak. Lurer på om det er nokon sørlendingar som har jobba med «sørlandsklisjéen» – som eg inbiller meg er påført dette landskapet, denne regionen. Det er ein klisjé som er småborgarleg og idylliserande. Er det seilskutebyane sitt borgarskap eller er det ferierande Oslo- og Bærum-folk som står bak? Er det Gabriel Scott eller Vilhelm Krag som har funne på det? Eg syns det må vere heilt klaustrofobisk med så mykje «krøller bag ørane», tøffande snekker og pepperkahehus.

    Det finst jo eit verkeleg Sørland, med tung næringsbasar, veksande byar, høgskular og kulturliv. Det må også finnar ei anna «tolking» av naturen og landskapet enn den idelege kalendaridyllen? Mindre Kosevik (Trangvik) og meir Skagerak hadde gjort seg!

  7. 7 Svein
    november 8, 2009 ved 3:57 pm

    Det er seilskutebyene sitt borgerskap som vil ha pengene til ferierende Oslo- og Bærumfolk.
    Mitt sørlandet er småbrukene til land- og skogsarbeiderne til bøndene mellom heiene innenfor borgernes krøller bak ørene. Og mitt bilde er knapt nok oppdatert, polakkene har overtatt min morfars og mine onklers plass.
    Jeg kan tillate meg – og trenger – sørlandsnostalgi fordi jeg har flytta fra det. Til lærerjobb på Østlandets flatbygder.
    Spørsmålet ditt er med andre ord et bra spørsmål, men jeg er ikke den rette til å svare på det.

  8. november 10, 2009 ved 7:55 pm

    For meg er Sørlandet «hjemme».
    Ellers har jeg en sterk sympati med Gabriel Scott, hans humor og «barkede» skildringer!
    «Stien», Skipper Terkelsens hemmelighet», «Barkefletterne», alt er en usminket skildring av fattig og rik, og hans skarpe penn og hans lune lynne. Selv barneboken «Sølvfaks» skildrer katten så den får klassikerens dimensjoner!
    Gabriel Scott produserte ikke glansbilder. Men vi som har våre barneår der vil alltid ha dette landskapet som et glansbilde i hjertet!

  9. 9 Elisabeth Maria
    november 12, 2009 ved 8:45 am

    Også vi er Sørlandet! Vi som befinner oss vest av Lindesnes, som har havet, litt skjærgård, fantastiske strender, hvit småbybebyggelse – men også fiskebåter, heigarder, små åkerlapper – og industri. Men hit kom ikke Oslofolket og dermed vokste ikke borgerskapet seg så stort. Derimot kom hovedpåvirkningen fra Amerika og folk reiste – og reiser fortsatt – heller til New York enn til Oslo. Vind, hav og bølger ytterst på skjærene har vi plenty av. Men som fastboende ser jeg ikke mye til Sørlandsidyllen – gjør noen som bor midt i andres feriedrøm det? Men jeg ser skjønnheten i landskapet og kvalitetene ved å befinne seg et sted hvor folk har bodd lenge – her er bokstavelig talt historie under hver sten.

  10. 10 rune
    november 25, 2009 ved 11:26 pm

    Fint skildra! Ja, det er godt med slike som deg, som finn orda og skildrar dette store og underlege; havet, mennesket, skaparverket. Slik du skriv kjende eg sjølukta og vinden ta tak i meg. Kjende på kor liten eg er som menneske. Men Gud vår Far tek alt dette i sine allmektige hender – «Mi hjelp ho kjem frå Herren, som skapte denne jord, med hav og høge tindar». Han må eg tenkje på, og då gjer desse kreftene meg godt. Tastaturet her på PC-en tek meg tilbake til verkeleg liv, men sjølukta sit lenge i. Eia var eg der – ved havet.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: