05
Nov
09

officium: torsdag, 31. vike i det allmenne året, 1 Makk 4,36-59 (matutin)

”Og dei reinsa templet og bar bort dei ureine steinane, bort til ein urein plass” (v43)

Etter Lova skulle steinane i altaret vere utilhogne. I den heidenske kulten som kom med hellenismen, hadde ein klussa med altaret og sett inn hoggen stein.  No var fiendane overvunne og tempeltenesta kunne reinsast og gjenopprettast.

Jesus reinsa også templet.  Det skule vere eit bønehus for alle folk. Å reinse ut det ureine blir i dag ofte sett på som utidig og fanatisk perfeksjonisme. Men reinleik er ikkje å fortrengje det vanskelege, det mørke og vonde. Alt det må vi vedstå oss. Reinleik er å ha eit samla hjarte, å vite kva du vil med alt det som utgjer livet ditt. Reinleik er truskap mot Gud og hans pakt med deg og med folket sitt. Reinleik er å ikkje leve eit dobbelt liv der du gjev ein hemmeleg plass til det som korrumperer kropp og sjel.

Ber bort dei ureine steinane, uansett kor tilhogne og tilpassa dei måtte vere. I skriftemålet kan du bli av med dei.


2 Responses to “officium: torsdag, 31. vike i det allmenne året, 1 Makk 4,36-59 (matutin)”


  1. 1 Herman
    november 5, 2009 ved 1:59 pm

    Hei, frater Arnfinn! Vil bare melde fra til deg om et virusangrep rettet mot brukere av WordPress.

    Vet ikke detaljene, men antar at dette hovedsakelig gjelder PC-brukere, det står mer om dette på VG-nett og/eller DB.

    Hilsen Herman

  2. 2 Olav Kleppa
    november 5, 2009 ved 4:51 pm

    Aktuell tekst for vår tid ,der me får freistande tilbod på ulikt vis.Vakre lokkande
    tilhogne og slipte steinar kvar dag.Då er det me (som du seier)
    kan få leggja dei vekk ved hjelp av Skriftemålets Sakrament.
    Jesus ville at templet skulle vera eit bønehus.Ved å vera vitne
    kva kyrkjer og vigsla forsamlingshus vert brukte til no til dags er stoda slik som ho var på Jesu tid .Tida no fram mot jul er eit
    godt døme i så måte.No framover vert mange kyrkjer nytta
    av folk som reiser
    rundt heile landet for å tena mest muleg penger i eigen lomme.
    Kvifor er det ingen som vågar å «velta border og jaga ut penge
    vekslerane»,sik Jesus gjorde iJerusalem i2009?


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: