04
Nov
09

officium: Onsdag, 31. vike i det allmenne året, 1 Makkabearbok 3 (matutin)

”Vi strir for vårt land og våre lover” (v 21)

Makkabearane, Judas Makkabeus og hans søner, reiste seg mot den hellenistiske religionstvangen og forfylgjinga under Antiokios Epifanes, ein av ettermenne til Alexander den store. I dette imperiet var det ingen pragmatisk romersk fridom. Her skulle alle innordne seg i den greske, heidenske gudsdyrkinga. Også jødane. Mange av dei tilpassa seg gjekk over til hellenismen. Men ikkje Judas Makkabeus.

I vår tid reagerer vi på at nokon verjer seg med makt for å forsvare religiøse verdiar. Men når vi tenkjer etter, er sjølvsagt etiske, kulturelle og religiøse verdiar nært forbundne. Når grunnleggjande fridom til å leve etter eiga overtyding blir overkøyrd, er det ikkje vanskeleg å skjøne at menneske vil verje seg og sine; sitt land og sine lover.

Slik konfliktane i verda har utvikla seg, har vi lært oss at det beste er å prøve alle andre utvegar enn å bruke vald, jamvel i naudverje. Uansett har vi lov å stå for det vi meiner er rett og uoppgjeveleg. Vi bør stride for det med ord og argument, med sivilt mot og av eit heilt hjarte.

For oss om truande i dag, er det vitnemålet og vedkjenninga som er vegen å gå.

Reklame

4 Svar to “officium: Onsdag, 31. vike i det allmenne året, 1 Makkabearbok 3 (matutin)”


  1. november 28, 2009 ved 12:38 pm

    Middelet ber i seg ein smitte som i siste instans kan øydeleggja målet. Underleg korleis religionar har alliert seg med makt og vald. Underleg at somme religiøse er så snare til å ropa på staten når dei i staden kan drøyma om det fromme anarkiet.

  2. november 28, 2009 ved 2:40 pm

    Eg er ikkje samd i at religionane har alliert seg med makt og vald meir enn andre samfunnskrefter. Konfliktane i verda har meir sin bakgrunn i statlege/nasjonalstatlege-, økonomiske og resursmessige interesser. Ingen epoke har vore meir valdeleg enn den moderne/skulære epoken.

    Eg er samd i at vald bør unngåast, også i ein i-og for seg legitim kamp for eigen fridom. Kva du legg i den siste setninga om «å rope på staten»/»det fromme anarkiet», er eg ikkje sikker på. Alle borgarar i ein stat er sjølvsagt berettiga til rettsleg vern.

  3. november 28, 2009 ved 8:00 pm

    Kommentaren min var heilt på sida av det du skriv om, og dessutan uklart tenkt og flåsete formulert.

    Kan henda har du rett i at religionane ikkje har alliert seg med vald i større grad enn andre samfunnsfenomen. Kan henda er det snarare sånn at makta har funne det opportunt å gjera seg vakrare og meir overtydande ved å gøyma seg bak religion? Med makt følgjer behovet for legitimering.

    Likevel ser eg, også i dag (utan at eg dermed seier at du er medskyldig i det), ein tendens blant ein del religiøse til å ønskja at stats- eller valdsmakt kan ta ansvar for religiøs oppseding og tukt. Det er lett å dra inn delar av tenkinga innan politisk islam som døme her. Men vi har det i norsk mainstream, også. Vi har dei som vil rista av seg det statlege kyrkjestyret, men som samtidig er talsmenn for ein religiøs stat.

    Tilslutning til (og fråfall frå) religionen må vera frivillig. Fram for argumentasjon og usemje, fram for forkynning og kritikk, men draumen om vekking (politisk, moralsk, religiøs — alt som er alvorleg) skal ein ikkje gjera verkeleg med makt. Ein herredømmefri situasjon der vi alle alvorleg strever etter det gode, er sjølvsagt utopisk. Men i religionen er utopiane velkjende, og dermed kan eg tru at det er i ein slags samklang med ein religiøs sensibilitet når eg iblant seier at draumen om det fromme anarkiet er den einaste som er verd å drøyma.

    Dette kan stå mest som eit malapropos. Eg er ikkje usamd i det du seier.

  4. november 28, 2009 ved 8:32 pm

    Ja, eg forstår betre no kva du meiner med «det fromme anarkiet»; ei frigjering frå alt for disiplinerande strukturar – særleg i den mjuke, skjulte og allestadnærverande varianten. Kyrkja er tydlegare enn statane, som regel , og langt å føretrekkje som forpliktande fellesskap. Klosterlivet er, i eit samfunn som Noreg, eit slags anarkistisk innslag i den store, altomfattande stats-moderfamnen. 🙂 Sjølv er eg nok «ein from anarkist».

    Eg er heilt samd med deg i at statsmakt for å verne/fremje kyrkja eller andre religionssamfunn, er heilt umogeleg og anakronistisk. Dei som held fast ved det på norsk mark i dag, er nok ikkje tilhengjarar av radikal statleg gjennomføring av prinsippa til kyrkja; heller er det snakk om eit slags vag, felleskulturell kompromissaffære mellom kristendom light og den sekulære velferdsstaten. I dag må kyrkja ( o.a.) våge å vere tydlege minoritetar. Meiner eg.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: